Programområde for landbruk - Læreplan i økologisk landbruk 1 og 2 - valgfrie programfag Vg3 (LBR6-01)

Utgått


Denne læreplanen har utgått.

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Fastsatt som forskrift av Utdanningsdirektoratet 8. februar 2008 etter delegasjon i brev av 26. september 2005 fra Utdannings- og forskningsdepartementet med hjemmel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 2008-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2022-07-31T00:00:00 +2

Føremål

I takt med veksande etterspørsel etter økologiske matvarer og fokus på økologisk og miljøvennleg landbruk, aukar behovet for kompetanse innan planlegging og drift av økologisk planteproduksjon og husdyrhald. Programfaga i økologisk landbruk skal medverke til å utvikle profesjonelle yrkesutøvarar med kompetanse om nasjonale mål og strategiar for utvikling og utbreiing av økologisk landbruksproduksjon.

Programfaga skal fremme forståing for korleis økologisk landbruk kan medverke til eit miljøvennleg og berekraftig samfunn og korleis strategiar for nasjonal matproduksjon kan verke i ein global samanheng. Programfaga skal gi innsikt i idégrunnlaget for økologisk landbruk og betre forståing for metodar og prinsipp for økologisk drift. Programfaga i økologisk landbruk skal medverke til å utvikle kompetanse på økologiske, økonomiske og sosiale sider ved ein landbruksproduksjon der etikk og rettferdig handel er sentrale moment. Programfaga skal stimulere til langsiktig planlegging og heilskapleg tenking.

Opplæringa skal leggje til rette for at eleven kan øve opp evna til å vurdere økonomiske forhold og nærings- og energibalansar på økologiske gardsbruk og konsekvensar av val knytte til drifta. Opplæringa skal søkje å utvikle kompetanse innan økonomiske rammevilkår og vurdering av lønnsemd knytt til drift av einskildproduksjonar og gardsbruk, i tråd med regelverk og standardar for økologisk landbruk. Opplæringa må derfor leggje vekt på at driftseiningar utgjer eit berekraftig økosystem og baserer seg på lokale og fornybare ressursar. Opplæringa skal fremme kompetanse i å planleggje omlegging frå konvensjonell til økologisk drift og å lage driftsplan for ei økologisk driftseining. Vidare skal opplæringa leggje til rette for at eleven kan opparbeide kompetanse i bruk av maskiner og teknisk utstyr i tråd med økologiske prinsipp.

Struktur

Læreplanen i økologisk landbruk er samansett av to valfrie programfag.

Programfaga må sjåast i samanheng med læreplanen for felles programfag Vg3 landbruk.

Økologisk landbruk 1

er samansett av tre hovudområde. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Økologisk landbruk 2

er samansett av to hovudområde. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng. Programfaget byggjer på valfritt programfag økologisk landbruk 1.

Oversikt over hovudområda:

Årssteg

Hovudområde

Vg3 Økologisk landbruk 1

Idégrunnlag og rammevilkår

Jordøkologi og jordkultur

Plantekultur og husdyrhald

Vg3 Økologisk landbruk 2

Planlegging

Produksjon

Hovudområde

Idégrunnlag og rammevilkår

Hovudområdet omfattar idégrunnlag, regelverk og økonomiske og økologiske rammevilkår for økologisk landbruksproduksjoner. I dette inngår fordelar og ulemper ved økologisk drift for menneske, samfunn og miljø i lokal og global samanheng.

Jordøkologi og jordkultur

Hovudområdet omfattar jordstruktur, naturlege prosessar i jord og tiltak som påverkar desse. I dette inngår gjødsling og gjødselplanlegging for økologisk gardsdrift og strategiar for å redusere tap av plantenæringsstoff og for best mogleg utnytting av organisk gjødsel.

Plantekultur og husdyrhald

Hovudområdet omfattar vurdering og planlegging av arbeidet i økologisk produksjonar. Det omfattar ulike typar planteproduksjonar der vekstskifteplanlegging er ein sentral del. Vidare dekkjer hovudområdet naturleg åtferd hos husdyr og fôring og stell i økologisk husdyrhald.

Planlegging

Hovudområdet omfattar utarbeiding av planar for omlegging frå konvensjonell til økologisk drift basert på agronomiske og økonomiske vurderingar. I dette inngår fôrplanlegging, utrekning av næringsbalanse og økonomiske vurderingar knytte til einskildproduksjonar og eit økologisk gardsbruk som heilskap.

Produksjon

Hovudområdet omfattar arbeidsoperasjonar i økologisk gardsdrift. Det dekkjer fôring og stell av husdyr, førebyggjande og direkte planteverntiltak og handtering av husdyrgjødsel og andre gjødseltypar. Det er lagt vekt på bruk av maskiner og reiskapar for økologisk landbruk og vurdering av økonomiske, agronomiske og miljømessige sider ved ulike mekaniseringslinjer. I tillegg inngår vurdering av bygningsmateriale i hovudområdet.

Timetal

Timetalet er oppgitt i einingar på 60 minutt.

Vg3

Økologisk landbruk 1 140 timar

Økologisk landbruk 2 140 timar

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I økologisk landbruk forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg i økologisk landbruk inneber å forklare prinsipp for økologisk landbruksproduksjon og beskrive produksjonsprosessar for ulike målgrupper. Vidare inneber det å presentere planar for einskildproduksjonar og for heile gardsbruk.

Å kunne uttrykkje seg skriftleg i økologisk landbruk inneber å utarbeide planar og dokumentasjon for garden og for einskildproduksjonar. Vidare vil det seie å presentere prosessar og produkt.

Å kunne lese i økologisk landbruk inneber å bruke og forstå planar, arbeidsinstruksar og bruksrettleiingar. Det inneber også å orientere seg i faglitteratur og offentlege debattar.

Å kunne rekne i økologisk landbruk inneber å bruke tal og utrekningar til driftsplanlegging og analyse av produksjonar og til kalkulasjon. Vidare vi det seie å rekne ut næringsbalanse og lage enkle økonomiske kalkylar. Det inneber også å utarbeide og forstå tabellar, diagram og enkel statistikk.

Å kunne bruke digitale verktøy i økologisk landbruk inneber å presentere utført arbeid, hente informasjon frå Internett og bruke planleggingsverktøy. Det vil også seie å presentere produkt og produksjonsprosessar, leggje til rette for rekneskapsføring og hente inn og utveksle informasjon. Vidare inneber det å bruke programvare for å følgje opp husdyrbesetninga, hente vêrobservasjonar, bruke digitale kart og instrument for å planleggje optimal produksjon.

Kompetansemål

Økologisk landbruk 1

Idégrunnlag og rammevilkår

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for idégrunnlaget for økologisk landbruk
  • gjere greie for politiske målsetjingar, tilskotsordningar, regelverk og organisasjonar for økologisk landbruk
  • drøfte fordelar og ulemper ved økologisk landbruk i nasjonal og internasjonal samanheng
  • drøfte omgrepa kortreist mat og rettferdig handel
  • gjere greie for statusen for økologisk landbruksproduksjon og vurdere framtidig utvikling med omsyn til omfang og kvalitet

Jordøkologi og jordkultur

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for jordorganismar og kva funksjon og innverknad dei har på jordsmonnet
  • vurdere jordstruktur og gjere greie for faktorar som påverkar den
  • gjere greie for faktorar som aukar innhald av organisk materiale i jorda, og forklare omsetjing av organiske og uorganiske stoff i jord
  • gjere greie for gjødselkjelder på ein økologisk gard
  • handtere husdyrgjødsel og anna organisk materiale slik at tapa av næringsstoff blir minimale
  • gjere greie for faktorar som kan redusere tap av jord og næringsstoff
  • gjere greie for faktorar som verkar inn på næringsbalansen på garden
  • lage gjødselplan for ei økologisk driftseining

Plantekultur og husdyrhald

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • setje opp og grunngi ein plan for økologisk dyrking av ein plantekultur
  • planleggje vekstskifte for økologiske gardsbruk og gjere greie for kva dette har å seie for jordstruktur, næringsforsyning og plantevern
  • setje opp og grunngi ein fôrplan i økologisk husdyrhald
  • vurdere ulike driftsopplegg for økologisk husdyrhald som gir minst mogleg tap av næringsstoff frå husdyrgjødsla
  • gjere greie for korleis hus, husdyrrom og stell kan tilpassast naturleg åtferd hos husdyr

Økologisk landbruk 2

Planlegging

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • klarleggje nøkkelfaktorar som påverkar økonomien på ein økologisk gard
  • analysere økonomien i ein økologisk produksjon
  • rekne ut næringsbalansen på gardsnivå
  • gjere greie for faktorar som påverkar biologisk nitrogenfiksering hos belgvekstar, og gjere enkle utrekningar av denne nitrogenforsyninga
  • vurdere ulike typar landbruksproduksjon med omsyn til energirekneskap og utslepp av klimagassar
  • vurdere produksjon, marknadssituasjon og omsetjingsformer for økologiske produkt
  • lage ein plan for omlegging til økologisk drift på eit gardsbruk med utgangspunkt i eit heilskapleg, langsiktig perspektiv

Produksjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjennomføre fôring og stell av dyr i eit økologisk driftsopplegg
  • planleggje og gjennomføre spreiing av forskjellige typar husdyrgjødsel eller annan gjødsel med tanke på best mogleg tilførsel av næringsstoff til kulturplantane
  • utføre arbeidsoperasjonar og dyrkingstiltak i økologiske plantekulturar til rett tid
  • planleggje og gjennomføre førebyggjande og direkte tiltak for å regulere ugras, skadedyr og sjukdommar i økologiske kulturar og vekstskifte
  • stille inn og bruke maskiner og reiskapar i økologisk plantedyrking
  • samanlikne ulike maskiner og mekaniseringsliner med tanke på økonomi, agronomi, jordstruktur og energibruk
  • vurdere ulike bygningsmateriale ut frå økonomi og etter kor miljøvennlege dei er

Vurdering

Vg3 økologisk landbruk 1 og 2

Føresegner for sluttvurdering:

Standpunktvurdering

Programfag

Ordning

Økologisk landbruk 1

Eleven skal ha standpunktkarakter i dette valfrie programfaget.

Økologisk landbruk 2

Eleven skal ha standpunktkarakter i dette valfrie programfaget

Eksamen for elever

Programfag

Ordning

Økologisk landbruk 1

Eleven kan trekkjast ut til ein munnleg eksamen i dette valfrie programfaget. Eksamenen blir utarbeidd og sensurerte lokalt.

Økologisk landbruk 2

Eleven kan trekkjast ut til ein praktisk eksamen i dette valfrie programfaget. Eksamenen blir utarbeidd og sensurerte lokalt.

Eksamen for privatistar

Programfag

Ordning

Økologisk landbruk 1

Privatisten skal opp til ein skriftlig og ein munnleg eksamen i programfaget. Eksamenane blir utarbeidde og sensurert lokalt.

Økologisk landbruk 2

Privatisten skal opp til ein skriftlig og ein munnleg eksamen i programfaget. Eksamenane blir utarbeidde og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!