Læreplan i design og arkitektur – felles programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur (KDA2-01)

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla, der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I design og arkitektur forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Munnlege ferdigheiter i design og arkitektur inneber å ta i bruk fagterminologi i kommunikasjon knytt til samarbeid, i samtalar, presentasjonar og diskusjon om eige og andre sitt arbeid.

Å kunne skrive i design og arkitektur inneber å kunne kommunisere gjennom tekst, teikn, bilete og symbol i visuelle uttrykk. Det betyr å kunne visualisere informasjon, fakta, idear og haldningar og byggje opp fagtekst ved hjelp av fagomgrep og ulike visuelle uttrykksmiddel.

Å kunne lese i design og arkitektur inneber å kunne forstå, undersøkje, bruke og reflektere over tekst og visuell informasjon. Det betyr å kunne finne fram til relevante kjelder for å auke fagleg forståing og kritisk kunne vurdere og trekkje grunngitte slutningar.

Å kunne rekne i design og arkitektur inneber å berekne og oppfatte målestokk, form, proporsjonar, volum og dimensjonar. Dette er òg sentralt i samanheng med geometri, perspektivteikning og aksonometri.

Digitale ferdigheiter i design og arkitektur inneber å bruke ulik design-programvare for å visualisere, presentere eige arbeid og å innhente og bearbeide informasjon.

Side 5 Av 10

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!