Læreplan i kunst og visuelle verkemiddel – felles programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur (KDA1-01)

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 12. januar 2016 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov av 17. juli 1998 nr. 61

Gjelder fra: 01.08.2016

Føremål

Kunst og visuelle verkemiddel skal leggje grunnlaget for forståing av kva for rolle kunst og visuelle verkemiddel spelar i samfunnet. Gjennom digitale kanalar som alltid er tilgjengelege blir vi stilt overfor store mengder bilete og biletuttrykk, og evna til å lese, forstå og kritisk vurdere visuelle verkemiddel i desse, blir viktigare. Fagområdet skal medverke til kunnskap om ulike kunstformer slik det kjem til syne i vår historie og i vår samtid.

Programfaget skal leggje grunnlaget for at eleven utviklar kunnskapar om den breidda og variasjonen som finst innafor kunstfeltet. Faget skal fremje forståing for bruken av visuelle verkemiddel, og bidra til at eleven bevisst kan bruke dei i personlege uttrykk. Sansing og erkjenning er viktig for fagområdet, og opplæringa skal fremje sjølvstendig og kritisk tenking og medverke til at eleven reflekterer ut frå ulike perspektiv.

Opplæringa i kunst og visuelle verkemiddel skal rettast inn mot opplevingar, utforsking og utvikling av kunstnariske uttrykk. Ho skal medverke til forståing for eigen og andre sin kultur og for breidda av kunst og kultur i vår tid. Opplæringa omfattar arbeid i ulike materiale og verktøy, både i tradisjonelle og nye teknikkar og i analoge og digitale verktøy. Faget gir moglegheit for å utvikle entreprenørskap og tverrfagleg arbeid.

Struktur

Kunst og visuelle verkemiddel består av tre programfag: Kunst og visuelle verkemiddel 1, kunst og visuelle verkemiddel 2 og kunst og visuelle verkemiddel 3. Kunst og visuelle verkemiddel 2 byggjer på kunst og visuelle verkemiddel 1. Kunst og visuelle verkemiddel 3 byggjer på kunst og visuelle verkemiddel 2.

Faget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Fag

Hovedområde

Kunst og visuelle verkemiddel 1

Visuelle verkemiddel

Materiale, uttrykk og teknikkar

Kunst- og kulturhistorie

Kunst og visuelle verkemiddel 2

Visuelle verkemiddel

Materiale, uttrykk og teknikkar

Kunst- og kulturhistorie

Kunst og visuelle verkemiddel 3

Visuelle verkemiddel

Materiale, uttrykk og teknikkar

Kunst- og kulturhistorie

Hovudområde

Visuelle verkemiddel

Hovudområdet omfattar arbeid med grunnleggjande, visuelle verkemiddel. Å beherske reiskapar og teknikkar, drøfte estetiske, kontekstuelle og innhaldsmessige sider ved eigne og andre sine form- og biletuttrykk inngår i hovudområdet. Farge og lys som romskapande verkemiddel er ein del av innhaldet i hovudområdet. Teikning og digitale visualiseringsverktøy, praktiske studium av natur, menneske og gjenstandar, i tillegg til eksperimentering og refleksjon, står sentralt.

Materiale, uttrykk og teknikkar

Hovudområdet omfattar arbeid med teikning, måling, skulptur og installasjon. I hovudområdet inngår eksperimentering med ulike uttrykksformer knytte til fargar, mønster, ornament og skrift i to- og tredimensjonalt arbeid. Utvikling av eige kunstnarisk uttrykk gjennom val av ulike teknikkar og materiale står sentralt. Hovudområdet inneheld formidling av bodskap og meiningsinnhald, og vurdering av eige arbeid. Det same gjeld forståing av kva konteksten har å seie. Planlegging og formidling av eigne kunstnariske arbeidsprosessar og dokumentasjon ved hjelp av foto og digitale verktøy inngår i hovudområdet.

Kunst- og kulturhistorie

Hovudområdet handlar om kunst og kultur i ulike epokar. Studium av korleis tankar, verdiar og idear hos mennesket til ulike tider har komme til uttrykk, inngår i hovudområdet. Det omfattar sentral kunst- og kulturhistorie fram til 1600-talet, sentrale retningar og verk innan kunsthistoria frå 1600- til 1900-talet, og vidare 1900-talet og samtida. Hovudområdet kunst- og kulturhistorie dannar utgangspunkt for eige skapande arbeid og skal fremje den enkeltes evne til å reflektere over omverda ut frå ulike perspektiv. Vidare skal det gi forståing for korleis kunst og ulike visuelle uttrykk påverkar oss, korleis dei blir skapte, analyserte og tolka.

Timetal

Timetalet er oppgitt i einingar på 60 minutt.

Visuelle kunstfag 1: 140 årstimar

Visuelle kunstfag 2: 140 årstimar

Visuelle kunstfag 3: 140 årstimar

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla, der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I kunst og visuelle verkemiddel forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Munnlege ferdigheiter i kunst og visuelle verkemiddel inneber å ta i bruk fagterminologi i kommunikasjon knytt til samarbeid, i samtalar, presentasjonar og diskusjonar om eige og andre sitt arbeid.

Å kunne skrive i kunst og visuelle verkemiddel inneber å kunne kommunisere gjennom tekst, teikn, bilete og symbol i visuelle uttrykk. Det betyr å kunne visualisere informasjon, fakta, idear og haldningar og byggje opp fagtekst ved hjelp av fagomgrep og ulike visuelle uttrykksmiddel.

Å kunne lese i kunst og visuelle verkemiddel inneber å kunne forstå, undersøkje, bruke og reflektere over tekst og visuell informasjon. Det betyr å kunne finne fram til relevante kjelder for å auke fagleg forståing og kritisk kunne vurdere og trekkje grunngitte slutningar.

Å kunne rekne i kunst og visuelle verkemiddel inneber å berekne målestokk, form, proporsjonar, volum og dimensjonar. Det er òg sentralt i samanheng med geometri, perspektivteikning og aksonometri.

Digitale ferdigheiter i kunst og visuelle verkemiddel inneber å kunne bruke 2D og 3D design-programvare som gir moglegheit for å visualisere, presentere eige arbeid og å innhente og bearbeide informasjon.

Kompetansemål

Kunst og visuelle verkemiddel 1

Visuelle verkemiddel

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • bruke ulike teiknereiskapar, underlag og teknikkar i arbeid med frihandsteikning
  • gjere greie for og bruke proporsjonar i eigne arbeid med teikning av naturformer og geometriske former
  • bruke digitale visualiseringsverktøy for å utvikle idear
  • bruke farge som kontrast- og stemningsskapande verkemiddel i teikning og måling
  • kjenne til ulike komposisjonsprinsipp og bruke dei i eigne arbeid
  • kjenne til og bruke fagomgrep knytte til arbeid med visuelle verkemiddel, materiale og teknikkar

Materiale, uttrykk og teknikkar

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • forenkle, stilisere, og abstrahere naturformer og bruke dette i eigne komposisjonar
  • bruke foto og digitale verktøy for å dokumentere eigen arbeidsprosess
  • bruke fagomgrep for å gjere greie for eigne val, og presentere og vurdere eit ferdig resultat
  • bruke farge, form, teknikkar, materiale og reiskapar for å oppnå det ønskte uttrykket i to- og tredimensjonale arbeid
  • bruke materiale og utstyr i tråd med retningslinjer for helse, miljø og sikkerheit

Kunst- og kulturhistorie

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • kjenne til særtrekk og visuelle verkemiddel i vestleg kunst før 1600
  • forklare korleis oppdragsgivarar, laug og akademi har påverka utforminga av bilete og skulptur før 1600

Kunst og visuelle verkemiddel 2

Visuelle verkemiddel

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • bruke kunnskap om anatomi, proporsjonar og forkortingar i teikninga av menneskekroppen
  • bruke valør, farge, form og perspektiv for å oppnå illusjon av rom
  • forklare den påverknadskraft og symbolverdi fargane har til å skape identitet og tilhøyrsle
  • bruke sentrale komposisjonsprinsipp for å skape eigne uttrykk
  • bruke fagomgrep i samtale om og vurdering av eige og andre sitt arbeid
  • bruke digitale verktøy for å utarbeid skisser og biletnotat

Materiale, uttrykk og teknikkar

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • bruke utsnitt, positive og negative former i arbeid med mønsterkomposisjonar analogt og digitalt
  • bruke varierte materiale, reiskapar og teknikkar i arbeid med to- og tredimensjonal form
  • planleggje, gjennomføre og dokumentere eit kunstnarisk arbeid og vurdere kvaliteten på arbeidet med tanke på form, teknikk, uttrykk og meining
  • kombinere skrift og bilete for å synleggjere ein bodskap
  • kjenne til åndsverklova og gjere greie for etiske normer og regelverk for publisering av bilete

Kunst- og kulturhistorie

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for hovudtrekk og særtrekk i kunsthistoriske retningar frå 1600 til 1900
  • bruke fagomgrep i tolking og samanlikning av ulike kunstuttrykk
  • forklare den samfunnsmessige samanhengen for sentrale kunstverk frå 1600 til 1900

Kunst og visuelle verkemiddel 3

Visuelle verkemiddel

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • utforske og bruke ulike visuelle verkemiddel for å belyse ei samfunnsaktuell problemstilling
  • konstruere tredimensjonale installasjonar ved hjelp av analoge og digitale verktøy
  • bruke fagomgrep, reflektere over og drøfte val av visuelle verkemiddel i eigne og andre sine arbeid
  • drøfte estetiske og kontekstuelle sider i form- og biletuttrykk

Materiale, uttrykk og teknikkar

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • bruke menneskekroppen som utgangspunkt for forenkling og abstraksjon i utforming av skulptur
  • skape eigne kunstnariske arbeid med utgangspunkt i valde element frå nyare uttrykksformer
  • velje relevante teknikkar og materiale for å realisere ein idé og kunne grunngi vala frå idé til ferdig resultat
  • planleggje og gjennomføre ein kunstnarisk prosess og grunngje val frå idé til ferdig resultat
  • formidle ein bodskap og setje bodskapen inn i ein kontekst

Kunst- og kulturhistorie

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for særtrekk ved ulike epokar og kjenne til sentrale kunstnarar frå 1900-talet og samtida
  • gi døme på særtrekk ved samisk biletkunst, dekor og symbol
  • bruke fagterminologi for å analysere, samanlikne og presentere nasjonale og internasjonale verk frå kunsthistoria på 1900-talet og fram til i dag
  • kjenne til formspråk, symbol og materialbruk i kunst, bilete og formuttrykk frå ulike kulturar i vår tid, og gi døme på samanhengar mellom kunst, religion og politikk

Vurdering

Føresegner for sluttvurdering:

Standpunktvurdering

Programfag

Ordning

Kunst og visuelle verkemiddel 1

Elevane skal ha standpunktkarakter

Kunst og visuelle verkemiddel 2

Elevane skal ha standpunktkarakter

Kunst og visuelle verkemiddel 3

Elevane skal ha standpunktkarakter

Eksamen for elevar

Programfag

Ordning

Kunst og visuelle verkemiddel 1

Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Kunst og visuelle verkemiddel 2

Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Kunst og visuelle verkemiddel 3

Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Eksamen for privatistar

Programfag

Ordning

Kunst og visuelle verkemiddel 1

Elevane skal opp til praktisk eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Kunst og visuelle verkemiddel 2

Elevane skal opp til praktisk eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Kunst og visuelle verkemiddel 3

Elevane skal opp til praktisk eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!