Læreplan i industritapetserarfaget Vg3 / opplæring i bedrift (ITA3-01)

Utgår gradvis


Denne læreplanen utgår gradvis fra 1.8.2022

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 14. februar 2008 etter delegasjon i brev av 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 2008-08-01T00:00:00 +2

Føremål

Industritapetserarfaget skal leggje grunnlag for yrkesutøving innan industriell produksjon av dei mjuke delane av møblar, med tekstilar og fyllmateriale. Faget skal medverke til å utvikle ei heilskapleg forståing av produksjonsprosessar og produkt. Vidare skal faget fremme kompetanse som styrkjer konkurransekrafta og innovasjonsevna til bedrifta i ein marknad der kvalitet og utsjånad er avgjerande.

Opplæringa skal bidra til at lærlingen utviklar evne til å sikre kvalitet på produkta og arbeide effektivt og miljø- og ressursmedvite. Opplæringa skal også medverke til å utvikle fagleg innsikt, refleksjon og estetisk vurderingsevne. Gjennom bruk av prosedyrar, arbeidsrettleiingar og teikningar skal lærlingen utvikle evne til å gjere medvitne val sjølvstendig og i samarbeid med andre. Opplæringa skal også medverke til å gi lærlingen kompetanse i prosessar som automatisering, gjenvinning og omstilling.

Opplæringa skal leggje til rette for praktisk og variert trening i framstillingsprosessar. Gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik skal vere med i opplæringa. Vidare skal opplæringa medverke til å fremme respekt for menneske, miljø, maskiner og utstyr. Fagleg utviklings- og forbetringsarbeid skal inngå i opplæringa.

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er industritapetserar.

Struktur

Industritapetserarfaget er samansett av tre hovudområde som utfyller kvarandre, og som må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Årstrinn

Hovudområde

Vg3 / opplæring i bedrift

Produktutvikling

Produksjonsplanlegging

Møbelproduksjon

Hovudområde

Produktutvikling

Hovudområdet omfattar framstilling av prototypar og nullseriar. Vidare omfattar det materiale, produkt- og produksjonsforbetringar, standardar og bransjenormer. Skisser og malar og bruk av teikningar er ein del av hovudområdet. Det omfattar også utvikling av produkt og maskiner, teknologi og prosessar som finst i bedrifta.

Produksjonsplanlegging

Hovudområdet dreiar seg om utvikling av produksjonsgrunnlag. Det omfattar bruk av teikningar og beskrivingar av produkt og materiale. Vidare omfattar det bruk av produksjonsplanar. Vareflyt, emballering og logistikk inngår i hovudområdet.

Møbelproduksjon

Hovudområdet omfattar oppbygging, samanføying og trekking av møbelkomponentar. Vidare omfattar det produksjonsordrar, spesifikasjonar og reglar for helse, miljø og tryggleik. Bruk og vedlikehald av maskiner og utstyr er ein del av hovudområdet. Vidare omfattar det materialeigenskapar, utnyttingsgrad og handtering av materiale og avfall. Registrering og rapportering er ein del av hovudområdet.

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I industritapetserarfaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg i industritapetserarfaget inneber å drøfte kvalitetskrav, produksjonsprosessar og faglege løysingar med kollegaer.

Å kunne uttrykkje seg skriftleg i industritapetserarfaget inneber å utarbeide dokumentasjon og rapportar for utvikling og planlegging av produksjonsprosessar.

Å kunne lese i industritapetserarfaget inneber å forstå og bruke teikningar, instruksjonar, feilmeldingar, bruksrettleiingar og datablad.

Å kunne rekne i industritapetserarfaget inneber å kalkulere produkt. Det inneber også å setje mål på arbeidsteikningar, å utarbeide malar, å stille inn maskiner og å rekne ut trykk og blandingsforhold ved limprosessar.

Å kunne bruke digitale verktøy i industritapetserarfaget inneber å bruke maskiner og utstyr med digitale styresystem. Det inneber også å bruke digitale verktøy til konstruksjon og dokumentasjon.

Kompetansemål

Etter Vg3

Produktutvikling

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • vurdere materiale i tråd med krav til funksjon og produktdesign
  • vurdere materiale i tråd med krav til miljø, levetid og gjenvinning
  • vurdere samanføying i tråd med produkt, maskiner og utstyr
  • setje opp forkalkyle for produktet
  • utarbeide skisser og malar, bruke teikningar i tråd med standardar og bransjenormer
  • byggje opp og trekkje dei mjuke delane til prototypar og nullseriar
  • føreslå produkt og produksjonsforbetringar innanfor eige arbeidsområde og grunngi forslaga

Produksjonsplanlegging

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • velje materialkvalitet og rekne ut materialmengd
  • bruke materiallister og flytskjema i tråd med produksjonsordrar
  • velje maskiner, utstyr og produksjonsmetodar i tråd med produkt og materiale
  • planleggje produksjon i tråd med teikningar, rettleiingar og produksjonsordrar
  • utnytte ressursane i bedrifta effektivt og lønnsamt
  • vurdere risiko i produksjonsprosessar i tråd med gjeldande reglar for helse, miljø og tryggleik
  • utarbeide produksjonsplan i tråd med krav til produksjonsflyt og emballering og logistikk

Møbelproduksjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • bruke utstyr og teknikkar i tråd med produksjonsordrar og produksjonsplanar
  • klargjere og kontrollere komponentar til produksjon i tråd med spesifikasjonar og bransjenormer
  • framstille leggbilete i tråd med krav til optimal utnytting av materiala
  • skjere til materiale i tråd med planlagt leggbilete
  • utføre saumarbeid i tråd med spesifikasjonar og produksjonsplanar
  • utføre liming, oppbygging og tilrettelegging for trekking
  • trekkje og montere i tråd med produksjonsplanar og spesifikasjonar
  • pakke og emballere ferdige produkt til lagring og utskiping
  • utnytte og handtere materiale i tråd med materialeigenskapar og krav til avfallshandtering
  • bruke verneutstyr og utføre arbeidet i tråd med gjeldande reglar for helse, miljø og tryggleik
  • registrere og rapportere avvik på materiale og utstyr under framstillingsprosessane
  • planleggje og utføre service på maskiner og utstyr

Vurdering

Vg3 industritapetserarfaget

Føresegner for sluttvurdering:

Hovudområde

Ordning

Produktutvikling

Produksjonsplanlegging

Møbelproduksjon

Alle skal opp til fagprøva, som normalt skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på fem vyrkedagar.

Alle kandidatar som ikkje har følgt normalt opplæringsløp, må ha bestått ein eksamen på Vg3-nivå i lærefaget. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!