Læreplan i geografi - fellesfag i studieførebuande utdanningsprogram (GEO1-01)

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande dugleikar er integrerte i kompetansemåla, der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I geografi forstår ein grunnleggjande dugleikar slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i geografi inneber å omtale stader og forklare samanhengar og årsaker, og å diskutere og argumentere med utgangspunkt i geografiske tema. Skriftleg og munnleg uttrykksevne vil seie å kunne reflektere over meiningsinnhaldet i ulike typar informasjon og kjelder og grunngje eigne synspunkt. Dette inneber å presentere resultat av eige arbeid tydeleg og forståeleg for andre.

Å kunne lese i geografi inneber å utforske og bruke tekstar og andre kjelder og reflektere over dei. Å kunne lese gjer det mogleg å oppleve og forstå fenomen, stader og menneske. Det inneber å lese og tolke kart, bilete, tabellar og figurar og oppslagsverk kritisk og analytisk.

Å kunne rekne i geografi inneber å behandle og samanlikne talmateriale om geografiske tema og tolke tabellar og grafiske framstillingar. Reknedugleik er ein føresetnad for å kunne laga tabellar og grafar og rekne med avstandar og målestokk på kart.

Å kunne bruke digitale verktøy i geografi inneber å utforske nettstader, hente relevant informasjon og bruke nettbasert kommunikasjon om geografiske tema, vise kjeldekritikk og nettvett og orientere seg om personvern og opphavsrett. Det kan og innebere å bruka geografiske informasjonssystem og å bruke digitale verktøy i presentasjon av eigne arbeid.

Side 4 Av 7

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!