Læreplan i biologi - programfag i utdanningsprogram for studiespesialisering (BIO1-01)

Hovudområde

Den unge biologen

Biologi 1:

Hovudområdet handlar om å bruke biologifaglege arbeidsmåtar i økologisk feltarbeid og i undersøkingar og forsøk i laboratoriet. Vidare dreiar hovudområdet seg om arbeid med ulike miljøutfordringar, og om vurdering av informasjon i media. Etiske sider ved problemstillingane inngår òg.

Biologi 2:

Hovudområdet handlar om å bruke biologifaglege arbeidsmåtar i økologisk feltarbeid og i undersøkingar og forsøk i laboratoriet. Vidare inngår arbeid med miljøutfordringar og vurdering av informasjon i media i hovudområdet. Etiske sider ved biologisk arbeid inngår òg.

Cellebiologi

Hovudområdet handlar om den indre bygnaden i eukaryote celler, korleis dei ulike delane fungerer, og transport av stoff ut og inn av celler. Området omfattar i tillegg oppbygginga og formeiringa til bakteriar og virus.

Fysiologien til mennesket

Hovudområdet handlar om ulike typar vev, organ og organsystem og korleis dei fungerer. Samspelet mellom ulike prosessar i kroppen og reguleringa av prosessane blir òg behandla. Hovudområdet tek i tillegg opp immunforsvaret i kroppen og problemstillingar som gjeld organdonasjon.

Funksjon og tilpassing

Hovudområdet handlar om at utviklinga av livet på jorda har ført til eit mangfald av organismar som viser mange former for tilpassing til ulike levevilkår. Utvalde trekk frå både bygnad, funksjonar, formeiring og åtferd hos organismar blir sette i samanheng med denne utviklinga.

Biologisk mangfald

Hovudområdet handlar om det biologiske mangfaldet lokalt og globalt og om at trugsmål mot mangfaldet er ei av dei store utfordringane menneska står overfor. Klassifisering av artar og verdien av variasjon innanfor og mellom populasjonar er ein del av hovudområdet, i tillegg til samanhengen mellom mangfald, habitat og nisjar.

Energiomsetning

Hovudområdet handlar om dei grunnleggjande oppbyggings- og nedbrytingsprosessane i fotosyntese og celleanding. I tillegg tek hovudområdet opp den rolla enzym og kofaktorar spelar for biokjemiske prosessar.

Genetikk

Hovudområdet handlar om oppbygginga av DNA-molekyl og korleis dei er utgangspunktet for styring av livsprosessane. I tillegg dreiar hovudområdet seg om korleis nedarvingsmønster kan studerast frå generasjon til generasjon, og korleis endringar i kodinga til DNA-molekyla kan føre til mutasjonar og sjukdommar.

Bioteknologi

Hovudområdet handlar om utviklinga innanfor bioteknologi og genteknologi og korleis det har ført til nye hjelpemiddel og teknikkar innanfor medisin, produksjon av mat og biologisk forsking. Etiske utfordringar og miljøutfordringar i samband med bruk av bioteknologi inngår i hovudområdet.

Økologi

Hovudområdet handlar om at alle levande organismar er påverka av andre organismar og av dei fysiske og kjemiske tilhøva der dei lever. I tillegg dreiar hovudområdet seg om vilkåra som regulerer og påverkar ulike populasjonar i eit økosystem. Menneskeskapte miljøproblem er òg ein del av hovudområdet.

Evolusjon

Hovudområdet handlar om korleis livet på jorda kan ha oppstått, og hovudtrekka i utviklinga fram til i dag. Sentralt i hovudområdet er opphav av nye artar med nye eigenskapar sett i samanheng med dei grunnleggjande mekanismane som kan endre den genetiske samansetjinga i populasjonar.

Side 3 Av 9

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!