Læreplan i biologi - programfag i utdanningsprogram for studiespesialisering (BIO1-01)

Føremål

Menneske har alltid vore avhengige av kunnskapar om naturen for å overleve. Biologisk kunnskap inkluderer alt frå det forunderlege som skjer på mikronivå i det indre av cellene, til samspelet i økosystema på jordkloden. Tilfanget av kunnskap aukar raskt, og biologi handlar om å kunne bruke kjend fagkunnskap til å beskrive og forstå nye fenomen, skape ny kunnskap og delta med fagleg kompetanse i samfunnsdebatten.

Programfaget skal gje grunnlag for å bruke biologisk fagkunnskap i ulike samanhengar, i praktiske situasjonar i kvardagen og til vurderingar kring etiske spørsmål. Gjennom programfaget biologi skal den einskilde bli medviten om at mennesket er ein av mange artar, at det er ein vekselverknad mellom menneska og naturen, og at biologisk kunnskap er ein vesentleg føresetnad for ei berekraftig forvalting av naturressursar og naturmiljø.

Programfaget skal leggje til rette for å bli kjend med kulturen, språket og arbeidsmåtane i faget, og øve opp ulike former for kommunikasjon. Det skal øve opp evna til å fokusere på detaljar og til å byggje opp ei heilskapleg forståing, og det legg vekt på observasjonar, diskusjon, kritisk vurdering og krav til grunngjevingar. Programfaget gjev grunnlag for vidare studium innanfor biologi og biologirelaterte område. På same tid skal opplæringa leggje vekt på dei allmenndannande sidene ved biologifaget, som biologisk kunnskap knytt til miljøutfordringar, berekraftig utvikling, bioteknologiske spørsmål og spørsmål knytte til kropp og helse. Denne kompetansen kan leggje grunnlag for å tileigne seg ny kunnskap gjennom heile livet. Sidan biologifaget er i stadig utvikling, inngår òg eit historisk perspektiv i faget. Programfaget gjev gode høve til å ta opp variasjon og avvik frå teori og modellar som grunnlag for å utvikle ny teori og nye modellar.

Programfaget skal gjere bruk av naturen som læringsarena og på den måten leggje eit grunnlag for å oppleve glede og undring over naturen og respekt for han. For å utvikle kunnskap om metodar og tenkjemåtar i biologi er det nødvendig å arbeide både praktisk og teoretisk med programfaget. Vekselverknaden mellom teoretiske kunnskapar og praktiske ferdigheiter og opplevingar frå laboratorium og feltarbeid er grunnleggjande for biologisk forståing. Opplæringa skal leggje til rette for at desse perspektiva blir varetekne i arbeidet med programfaget.

Side 1 Av 9

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!