Læreplan i aktivitørfaget Vg3 / opplæring i bedrift (AKT3-02)

Utgått


Det gis ikke lenger opplæring etter læreplanen, men det kan være mulig å ta eksamen som privatist. Se informasjon om siste eksamen på fagkodene som er knyttet til læreplanen.

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 21.6.2018 etter delegasjon i brev 13. september 2013 frå Kunnskapsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 2018-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2023-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Arbeid, aktivitet og opplevingar er viktig for menneske i alle aldrar. På grunn av samfunnsendringar, sjukdom, skade og alder kan mange ha problem med å finne seg til rette i skulen, arbeidslivet og fritida. Ein aktivitør skal vere med og leggje til rette tilbod for ulike brukarar, slik at dei kan oppnå meistring, meining og innhald i livet. Kjernekompetansen i aktivitørfaget er å bidra til eigenaktivitet og utvikling hos andre menneske.

Aktivitøren skal medverke til å aktivisere ulike brukargrupper gjennom fysisk og sosial aktivitet, daglege gjeremål, nettverksbygging og kunst- og kulturaktivitetar bygde på handverkstradisjonar. Gjennom opplæringa utviklar lærlingen forståing for estetiske problemstillingar knytte til ulike kulturar, urfolk, tradisjonar og utviklingstrekk i samfunnet. Opplæringa skal medverke til at lærlingen blir kreativ i yrkesutøvinga, utviklar evne til kritisk refleksjon, får respekt for eige og andre sitt fagarbeid og tileignar seg kunnskap om yrkesetiske problemstillingar.

I opplæringa skal ein leggje vekt på så vel aktivitetsleiing for grupper og enkeltindivid som på kommunikasjon. Lærlingen skal få forståing for ulike kommunikasjonsmetodar og visuelle og verbale uttrykk. Han/ho skal òg få kunnskap om koordinering av aktivitetar og samhandling i yrkesutøvinga. Opplæringa skal leggje vekt på tilrettelegging av aktivitetar og praktisk skapande arbeid med relevante materiale, reiskapar og teknikkar. Aktivitøren skal kunne finne eigna aktivitetar ut frå funksjonsnivået, behova og interessene til brukaren. I opplæringa skal ein leggje vekt på kunnskap om administrering av aktiviseringsarbeid og tydelege krav som blir stilte til profesjonell yrkesutøving på fagområdet. Aktivitøren skal kunne leie og rettleie frivillige lag, organisasjonar og pårørande som ønskjer å delta i aktivitetar.

Det blir gitt opplæring i bruk av digitale verktøy i alle dei tre hovudområda. Aktivitøren skal kunne utføre yrket sitt i tråd med det gjeldande regelverket for helse, miljø og sikkerheit. Opplæringa skal leggje grunnlaget for arbeid i institusjonar, heimar, attføringsbedrifter og organisasjonar som driv med forskjellige former for tilrettelegging av arbeid og aktivitet for ulike brukargrupper.

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittelen er aktivitør.

Struktur

Aktivitørfaget består av tre hovudområde. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Årssteg

Hovudområde

Vg3 / opplæring i bedrift

Aktivisering

Aktivitetsleiing

Administrering

Hovudområde

Aktivitetsleiing

Dette hovudområdet omfattar leiing av aktiviseringsarbeidet, inkludert koordinering og samhandling mellom aktivitør, brukarar og samarbeidspartnarar. Det er òg snakk om å leie grupper og aktivitetar i samband med små og store arrangement. Aktivitetsleiing omfattar at ein må kunne snakke om og presentere kjernekompetansen i aktivitørfaget og utviklinga i faget i møte med samarbeidspartnarar. Ein må òg kunne formidle kva for moglegheiter aktivitetane og produksjonen gir. Etiske problemstillingar, bedriftslære, kommunikasjon og rettleiing inngår i hovudområdet. Aktivitetsleiing handlar om kritisk refleksjon og evaluering av eige arbeid. Lærlingen skal lære seg å følgje det gjeldande regelverket knytt til internkontrollen i verksemda og kvalitetssikring av aktiviseringa.

Administrering

Dette hovudområdet omfattar administrering, kvalitetssikring og dokumentasjon av aktiviseringsarbeidet. Målsetjing og planlegging, kritisk refleksjon og vurdering knytt til aktiviseringsarbeid er ein del av hovudområdet. Lærlingen skal lære å bruke digitale verktøy ved rapportskriving, han/ho skal lære om planarbeid og føring av statistikk og lære å skrive søknader og bestillingar. Kunnskap om prissetjing, marknadsføring og økonomi inngår i hovudområdet. Lærlingen skal lære seg å følgje rutinane og det gjeldande regelverket knytt til personvern og helse, miljø og sikkerheit.

Aktivisering

Dette hovudområdet omfattar heile aktiviseringsprosessen. Her er det snakk om ulike praktiske aktivitetar som skal vere tilpassa funksjonsevna, behova og interessene til brukarane. Lærlingen skal observere og vurdere føresetnadene og funksjonsnivået til brukarane. Kommunikasjon med og motivasjon av ulike brukargrupper inngår i hovudområdet, og konkretisering av idear og produkt ut frå behova og måla til brukarane høyrer òg med. Bruk av digitale verktøy i aktiviseringsprosessen og åleine som aktivitet inngår i hovudområdet. Lærlingen skal lære seg å følgje det gjeldande regelverket knytt til aktiviseringsarbeidet og formålet til verksemda.

Grunnleggjande ferdigheiter

Dei grunnleggjande ferdigheitene er integrerte i kompetansemåla. Dei er med på å utvikle fagkompetansen og er derfor ein del av han. I aktivitørfaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Munnlege ferdigheiter i aktivitørfaget inneber å kommunisere med brukarane på deira nivå og vere ein lyttande part. Lærlingen må kunne kommunisere med og rettleie frivillige og andre samarbeidspartnarar og kunne leie grupper i samband med ulike arrangement og aktivitetar. Det inneber å informere om arbeid og aktivisering i tverrfaglege team og å motivere og rettleie brukarane i aktiviseringsprosessane. Vidare skal ein kunne reflektere og evaluere sitt eige arbeid i dialog med samarbeidspartnarar.

Å kunne skrive i aktivitørfaget inneber å kunne formidle sine eigne meiningar og kunne vurdere og kvalitetssikre arbeidsprosessen. Ein må kunne skrive ulike rapportar, søknader og bestillingar og bruke eit visuelt språk i form av illustrasjonar, skisseteikningar og symbol.

Å kunne lese i aktivitørfaget inneber å kunne innhente informasjon om brukarane, forstå faglitteratur, lovtekstar og plandokument og finne eigna litteratur for lesing saman med eller for brukarar. Ein må òg kunne forstå symbol, illustrasjonar og andre uttrykksmåtar.

Å kunne rekne i aktivitørfaget inneber å kunne setje opp enkle budsjett, føre rekneskap, rekne ut vekt, volum og mengd, kalkulere pris og utarbeide statistikk og diagram.

Digitale ferdigheiter i aktivitørfaget inneber å kunne kommunisere, formidle og innhente informasjon til bruk i faglege nettverk og dokumentere og kvalitetssikre sitt eige arbeid. Å bruke digitale verktøy inneber òg arbeid med aktiviserings- og opplæringsprogram. Ein må kunne oppdatere programvare som er relevant for å utøve aktivitørfaget. Lærlingen må òg kunne å utøve digital dømmekraft ved å følgje reglar for personvern, vise omsyn på nettet, ha evne til etisk refleksjon og hindre uønskte hendingar.

Kompetansemål

Etter Vg3

Aktivitetsleiing

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • leggje til rette, koordinere og leie sosiale, fysiske og kulturelle aktivitetar tilpassa brukarane
  • kommunisere med og rettleie brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar i aktiviseringsarbeidet
  • leie og rettleie brukarar og samarbeidspartnarar i ulike aktiviseringstiltak
  • gjere greie for kjernekompetansen i aktivitørfaget og forstå når det er nødvendig med annan kompetanse
  • nytte digitale verktøy for å oppdatere kunnskapen sin om nye aktivitetar og bruke programvare som er relevant i aktiviseringsarbeidet
  • gjere greie for utviklingstrekk i aktivitørfaget
  • presentere og marknadsføre aktivitørfaget i aktuelle forum
  • utføre aktivitørarbeidet i tråd med dei etiske retningslinjene til faget og evaluere sitt eige arbeid
  • delta i arbeidet med internkontroll og kvalitetssikring i samsvar med måla og verdisynet til verksemda

Administrering

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • administrere og dokumentere aktiviseringsarbeidet i tråd med måla til verksemda
  • gjere greie for og grunngi målet med aktiviseringsarbeidet
  • dokumentere og vurdere verknader av aktiviseringstiltak for brukarane
  • planleggje nye aktivitetar ut frå dokumenterte funksjonsendringar hos brukaren
  • setje opp budsjett og rekne ut materialforbruk og pris på aktivitetar og produkt
  • bruke digitale verktøy i eige arbeid ved planlegging, statistikk og rapportering, marknadsføring og innhenting av relevant informasjon
  • gjere greie for og følgje gjeldande regelverk knytt til aktivitørfaget i tråd med kvalitetssikring, helse, miljø og sikkerheit

Aktivisering

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • innhente, vurdere og bruke nødvendig informasjon om funksjonsevna, behova og interessene til brukarane og om kva som er eigna aktivitet for den enkelte, setje mål for aktiviseringa og gjennomføre og vurdere aktiviseringsprosessar ut frå funksjonsnivået og ressursane til den enkelte brukaren og måla til verksemda
  • motivere og rettleie brukarar i aktivitetar ved å bruke ulike kommunikasjonsmetodar, både visuelt og verbalt
  • leggje til rette og gjennomføre sosiale, fysiske og kulturelle aktivitetar tilpassa funksjonsevna til brukarane og kva som er mogleg for dei
  • gjennomføre observasjon og vurdere føresetnadene og funksjonsnivået til brukarar i arbeid og aktivitet
  • konkretisere idear og grunngi val av aktivitet og arbeid tilpassa dei fysiske, psykiske og sosiale føresetnadene til ulike brukarar
  • vise korleis bruk av materiale, verktøy og teknikkar kan tilpassast ulike aktivitetar
  • følgje gjeldande regelverk i aktiviseringsarbeidet
  • bruke digitale verktøy i aktiviseringa, både som aktivitet og hjelpemiddel
  • arbeide i tråd med HMS-planen til verksemda og utføre nødvendig førstehjelp

Vurdering

Vg3 aktivitørfaget

Føresegner for sluttvurdering:

Hovudområde

Ordning

Aktivisering

Aktivitetsleiing

Administrering

Alle skal opp til fagprøven, som normalt skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på tre arbeidsdagar.

Alle kandidatar som ikkje har følgt normalt opplæringsløp, må ha bestått ein eksamen på Vg3-nivå i lærefaget. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!