Læreplan i aktivitørfaget Vg3 / opplæring i bedrift (AKT3-01)

Utgått


Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 12. februar 2008 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 2008-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2018-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Arbeid, aktivitet og opplevingar er viktig for menneske i alle aldrar. Endringar i samfunnet, sjukdom, skade og alder gjer at mange menneske kan ha problem med å finne seg til rette i skole, arbeid og fritid. Aktivitørfaget skal medverke til å leggje til rette tilbod for ulike brukarar slik at dei kan oppnå meistring, meining og innhald i livet.

Aktivitørfaget skal medverke til praktisk aktivisering av ulike brukargrupper gjennom fysisk og sosial aktivitet, daglege gjeremål, nettverksbygging og kunst- og kulturaktivitetar bygde på handverkstradisjonar. Opplæringa skal medverke til å utvikle forståing for estetiske problemstillingar knytte til ulike kulturar, urfolk, tradisjonar og trendar. Opplæringa skal medverke til utvikling av kreativitet i yrkesutøvinga og evne til kritisk refleksjon, respekt for eige og andre sitt fagarbeid og kunnskap om yrkesetiske problemstillingar.

I opplæringa skal det leggjast vekt på kommunikasjon og samhandling i yrkesutøvinga. Opplæringa skal også leggje vekt på tilrettelegging av aktivitetar og praktisk skapande arbeid med relevante materiale, reiskapar og teknikkar. I tillegg skal det leggjast vekt på kunnskap om administrering av aktiviseringsarbeid og tydelege krav som blir stilte til profesjonell yrkesutøving på fagområdet. Opplæringa skal også leggje til rette for at yrkesutøvinga skjer i tråd med gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik. Opplæringa skal leggje grunnlaget for arbeid i institusjonar, heimar, bedrifter og organisasjonar som driv med ulike former for tilrettelegging av arbeid og aktivitet for ulike brukargrupper. Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er aktivitør.

Struktur

Aktivitørfaget består av to hovudområde. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Årssteg

Hovudområde

Vg3 / opplæring i bedrift

Aktivisering

Administrering

Hovudområde

Aktivisering

Hovudområdet omfattar heile aktiviseringsprosessen. Dette gjeld ulike praktiske aktivitetar tilpassa funksjonsevne, behov og interesse hos brukarane. Hovudområdet dreiar seg om observasjon og vurdering av føresetnadene og funksjonsnivået til brukarane. Kommunikasjon med og motivasjon overfor brukarar og pårørande høyrer med. Konkretisering av idear og produktutvikling ut frå kva behov og mål brukarane har, høyrer også med i hovudområdet. Bruk av digitale verktøy er med. Gjeldande regelverk knytt til aktiviseringsarbeid inngår i hovudområdet.

Administrering

Hovudområdet omfattar administrering og dokumentasjon av aktiviseringa. Målsetjing og planlegging, refleksjon og vurdering knytt til aktiviseringsarbeid høyrer med. Det omfattar vidare kommunikasjon og presentasjon overfor samarbeidspartnarar av dei utsiktene aktiviseringa gir. Bruk av digitale verktøy inngår også. Hovudområdet dreiar seg om gjeldande rutinar og regelverk knytt til personvern og helse, miljø og tryggleik.

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I aktivitørfaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg i aktivitørfaget inneber å kommunisere med brukarar, pårørande og kollegaer. Det inneber å gi informasjon om arbeid og aktivisering i tverrfaglege team og å motivere og rettleie brukarar i aktiviseringsprosessar.

Å kunne uttrykkje seg skriftleg i aktivitørfaget inneber å formidle eigne meiningar, vurdere og kvalitetssikre arbeidsprosessen. Det inneber å skrive ulike rapportar, søknader og bestillingar, og å bruke eit visuelt språk gjennom illustrasjonar, skisseteikningar og symbol.

Å kunne lese i aktivitørfaget inneber å innhente informasjon om brukarar, å forstå faglitteratur, lovtekstar og plandokument og å finne eigna litteratur for lesing saman med eller for brukarar. Det inneber også å forstå symbol og illustrasjonar.

Å kunne rekne i aktivitørfaget inneber å setje opp enkle budsjett, føre rekneskap, rekne ut vekt, volum, mengd, kalkulere pris og utarbeide statistikk og diagram.

Å kunne bruke digitale verktøy i aktivitørfaget inneber å kommunisere, formidle og innhente informasjon til bruk i faglege nettverk og å dokumentere og kvalitetssikre eige arbeid. Å bruke digitale verktøy inneber også arbeid med aktiviserings- og opplæringsprogram.

Kompetansemål

Etter Vg3

Aktivisering

Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
  • innhente, vurdere og bruke nødvendig informasjon om funksjonsevne, behov og interesser til brukarane og kva som er mogleg for dei
  • setje mål for aktiviseringa, gjennomføre og vurdere aktiviseringsprosessar frå eit brukarperspektiv
  • leggje til rette og gjennomføre sosiale, fysiske og kulturelle aktivitetar tilpassa funksjonsevna til brukarane og kva som er mogleg for dei
  • gjennomføre og vurdere observasjon av brukarar i arbeid og aktivitet
  • konkretisere idear og grunngi val av aktivitet og arbeid tilpassa fysiske, psykiske og sosiale føresetnader hos ulike brukarar
  • demonstrere bruk av materiale, verktøy og teknikkar tilpassa ulike aktivitetar
  • kommunisere med brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar i aktiviseringsarbeid
  • utføre nødvendig førstehjelp
  • gjere greie for rutinar for og delta i arbeidet med internkontroll og kvalitetssikring
  • bruke digitale verktøy i aktiviseringa

Administrering

Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
  • administrere og dokumentere aktiviseringsarbeidet
  • gjere greie for og grunngi mål for aktiviseringsarbeidet
  • dokumentere og vurdere verknader av aktiviseringstiltak for brukarane
  • planleggje nye aktivitetar ut frå dokumenterte funksjonsendringar hos brukaren
  • gjere greie for trendar i aktivitørfaget
  • presentere og marknadsføre aktivitørfaget
  • setje opp budsjett og rekne ut materialforbruk og pris på produkt
  • bruke digitale verktøy i eige arbeid
  • gjere greie for og følgje gjeldande regelverk knytt til aktivitørfaget og for helse, miljø og tryggleik

Vurdering

Vg3 aktivitørfaget

Føresegner for sluttvurdering:

Hovudområde

Ordning

Aktivisering

Administrering

Alle skal opp til fagprøva, som normalt skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på tre vyrkedagar.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!