Kva er nasjonale prøver?

Føremålet med nasjonale prøver er å gi skolane kunnskap om elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvene skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skolesystemet.

Prøvene blir gjennomførte om hausten, kort tid etter at elevane har starta på 5., 8. og 9. trinn. Det tek inntil 90 minuttar å løyse ein prøve i lesing og rekning, mens det tek inntil 60 minuttar å løyse ei nasjonal prøve i engelsk. 

Nasjonale prøver er 

  •  elektroniske prøver i lesing, rekning og engelsk
  •  samiske prøver
  •  prøver i rekning som er omsette til teiknspråk
  •  prøver i rekning og lesing som er omsette til punktskrift

Desse prøvene gir resultat om elevar på individ-, gruppe- og skolenivå. Resultata gir òg informasjon til lokale og nasjonale myndigheiter.

Korleis skal nasjonale prøver brukast?

  • Lærarane skal bruke resultata for å følgje opp elevane sine og i arbeidet med undervegsvurdering og tilpassa opplæring.
  • Kommunar og skolar skal bruke resultata som grunnlag for kvalitetsutvikling i opplæringa.
  • Forskarar kan søkje om å få utlevert resultat frå nasjonale prøver til bruk i forsking. 

Prøvene og resultata gir informasjon om enkeltelevar, grupper, trinn og skolar, som lærarar og skoleleiarar trenger for å utvikle skolen vidare. 

Prøver gir ikkje svara på alt

Resultata frå dei nasjonale prøvene gir eit avgrensa bilete av dei ferdigheitene og den kompetansen elevane har. Ein må derfor alltid sjå resultata i samanheng med annan relevant informasjon ein har om skolen, kommunen og elevane. 

Kva slags oppgåver skal elevane løyse?

Nasjonale prøver gir informasjon om elevar på alle nivå. Derfor har prøvene både lette og vanskelege oppgåver. Det er veldig få elevar som får alt riktig på prøva, somme får ingen. Det er fordi vi må ha nokre ordentleg vanskelege oppgåver som dei aller beste kan bryne seg på. 

Prøvene er elektroniske, og dei består av ulike tekstar, bilete og oppgåver med spørsmål. På opne oppgåver skal elevane svare med eigne ord eller med tal, mens på fleirvalsoppgåver skal elevane velje eitt av fleire svaralternativ.

Eksempeloppgåver elevane kan bruke for å forørebu seg 

Kven skal gjennomføre kva for prøver?

Elevar på 5. og 8. trinn skal gjennomføre nasjonale prøver i lesing, rekning og engelsk.

Elevar på 9. trinn skal gjennomføre nasjonale prøver i lesing og rekning. Prøvene på 9. trinn er dei same som for 8. trinn, slik at skolar kan samanlikne resultat for 8. trinn med resultat frå 9. trinn det same året. Dersom skolar tek vare på resultata for 8. trinn det eine året, kan dei samanlikna resultata for dei same elevane det neste året. 

Moglegheit for fritak

Hovudregelen er at alle elevar skal delta på nasjonale prøver. Elevar med rett til spesialundervisning eller rett til særskild norskopplæring kan få fritak frå nasjonale prøver.

Les meir om vurdering av fritak.

Nasjonale prøver på teiknspråk og punktskrift

Nasjonale prøver er tilrettelagde og omsette til teiknspråk (rekning) og punktskrift (rekning og lesing).

Les meir om tilrettelagde prøver.

Tilrettelegging for enkeltelevar

Enkelte elevar kan ha behov for tilrettelegging. Rektor har i samråd med elevens lærar ansvar for tilrettelegginga. Les meir om tilrettelegging for enkeltelevar.

Korleis blir prøvene laga?

Fagmiljø ved høgskolar, universitet og nasjonale senter utviklar prøvene i samarbeid med lærarar og fagpersonar i Utdanningsdirektoratet. Utdanningsdirektoratet har ansvar for at prøvene blir utvikla i samsvar med kvalitetskrava i rammeverk for nasjonale prøver, og at dei blir tilstrekkeleg kvalitetssikra. 

Skala og måling av utvikling over tid

Resultata blir publiserte på einskala med eit gjennomsnitt på 50 skalapoeng og standardavvik på 10. Resultata blir i tillegg publiserte saman med tala på elevar på kvart meistringsnivå.

Frå og med 2014 er grensene for kvart av nivåa faste for prøvene i engelsk og rekning. Dette er mogleg fordi resultata kvart år blir sett på same skala. Resultat frå nasjonale prøver i rekning og engelsk kan frå 2015 derfor brukast som grunnlag for å måle utvikling over tid. Det inneber at vi på sikt kan sjå om resultata blir betre. Først etter nokon år er det mogleg å sjå eventuelle trender. Frå hausten 2017 er dette også mogleg for leseprøvene. 

Korleis og kvifor bruker vi ankeroppgåver?

Vi set resultata frå ulike prøver og år på same skala ved hjelp av ankeroppgåver. 

Poengsummane til elevane kan ikkje samanliknast direkte mellom ulike prøver. Det vil alltid vere skilnader i vanskegrad på prøvene, sidan oppgåvene er forskjellige. Vi treng derfor ein felles skala som beskriv same ferdigheit hos eleven med same tall, sjølv om resultata er frå ulike prøver og år.

For å få til dette lenkjar vi prøvene samen ved hjelp av såkalla ankeroppgåver. Eit lite og tilfeldig utval elevar gjennomfører ein versjon av prøva som inneheld både ankeroppgåver og oppgåver som er felles med den prøva resten av elevane gjennomfører.  

På denne måten etablerer vi ein samanheng mellom to prøvar som i utgangspunktet er forskjellige. Til dette arbeidet bruker vi ein IRT-modell. Deretter blir resultata til elevane rekna om til skalapoeng. Da veit vi at same poengsum, altså talet på skalapoeng, beskriv same ferdigheit, uavhengig av kva for ein prøve eleven tok. IRT-analysen gir oss også betre og meir presis informasjon om resultata til elevane, noko som gjer at vi kan forbetre verktøya for oppfølging. 

Vedlegg

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!