15. april arrangerte vi eit webinar om fleirspråklege barnehagemiljø. Her kan du sjå opptak frå webinaret.

I dei fleste barnehagar i Noreg finst det barn og personale som snakkar meir enn eit språk. Tidleg og god språkstimulering er ein viktig del av innhaldet i barnehagen. Barnehagen skal bidra til at språkleg mangfald blir ein stimulans for heile barnegruppa.

Program

  • Katrine Giæver, OsloMet: «Eit fleirspråkleg barnehagemiljø. Korleis jobbe godt med fleirspråklegheit som ein ressurs?»
  • Nina Gram Garmann, OsloMet: «Kva er viktig å vite om barn som lærer fleire språk?»
  • Johanne Ilje-Lien, OsloMet: «Det tause som blir sagt. Korleis invitere og leggje til rette for samtale utan eit felles talespråk?»
  • Trine Bakken, Hamna barnehage og Johanna Bergström, Gydas vei barnehage: «Slik jobbar vi med fleirspråklegheit»
  • Panelsamtale
  • Udir presenterte den nye kompetansepakka om fleirspråklege barnehagemiljø