Samarbeid med partane i arbeidslivet om fag- og yrkesopplæringa

Samarbeidet handlar om at organisasjonane i arbeidslivet og myndigheitene saman skal kome fram til gode løysingar som sikrar behovet for kompetanse både hos individet, i arbeidslivet og i samfunnet. Det offentlege utdanningssystemet og partane i arbeidslivet har lange tradisjonar for å samarbeide. Organisasjonane kjenner behovet for kompetanse i arbeidslivet, medan myndigheitene kjenner nasjonale mål og vilkår. 

Mandat og retningslinjer

Det er utvikla mandat og retningslinjer for samarbeid mellom SRY, faglege råd og Udir.

Samarbeidsrådet for yrkesopplæringen (SRY)

SRY er oppnemnt av Kunnskapsdepartementet  og er eit felles samarbeidsråd for partane i arbeidslivet og utdanningsmyndigheitene. SRY skal hjelpe departementet med råd og ta initiativ for å fremme fag- og yrkesopplæringa. Rådet skal ta ansvar for overordna og tverrgåande problemstillingar og strategiutvikling med utgangspunkt i arbeidslivets behov for kompetanse. SRY skal vere eit forum for dialog mellom departementet, partane i arbeidslivet, elev- og lærarorganisasjonane og skuleeigar.

Faglege råd

Dei faglege råda er rådgivande organ for statlege utdanningsmyndigheiter og blir oppnemnt av Utdanningsdirektoratet. Råda skal fremme behov og synspunkt frå arbeidslivet ovanfor myndigheitene. Dei faglege råda skal ha innflytelse på heile opplæringsløpet. Det er etablert eitt fagleg råd for kvart utdanningsprogram.

Der dei faglege råda har ansvar for å gi råd om spørsmål som gjeld fag innanfor sine respektive utdanningsprogram, skal SRY ha eit overordna og strategisk perspektiv i sine råd til myndigheitene. Utdanningsdirektoratet er sekretariat for SRY og dei faglege råda. Sekretariatet legg til rette for råda og er bindeledd mellom Utdanningsdirektoratet og råda.

Samfunnskontrakt for fleire læreplassar

Partane i arbeidslivet og nasjonale myndigheiter har inngått ei ny samfunnskontrakt for fleire læreplassar. Avtala gjeld frå 2022 til 2026. Målet med den nye samfunnskontrakten er at alle som er formelt kvalifiserte søkjarar skal få tilbod om læreplass. Arbeidet med å rekruttere lærebedrifter og skaffe nye læreplassar skal vidareførast og styrkast. I arbeidet med å skaffe fleire læreplassar skal det også opprettast nettverk for samarbeid lokalt.

Les meir om samfunnskontrakten på regjeringen.no

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!