Fakta om fag- og yrkesopplæringa 2021

Fleire lærekontraktar enn før pandemien

Nedgangen vi såg i fjor i talet på lærekontraktar og fag- og sveinebrev, har i år tatt seg opp igjen, og er på eit høgare nivå enn vi såg før pandemien.

Hovedfunn

  • Talet på søkarar til læreplass i 2021 har auka med 1 600 samanlikna med 2020.
  • Meir enn 8 av 10 søkarar starta i lære i bedrift.
  • I perioden oktober 2020 til og med september 2021 blei det inngått 24 500 nye lærekontraktar. Det er 2 400 fleire enn året før, og òg høgare enn før pandemien.
  • Det er flest nye lærlingar i bygg- og anleggsteknikk
  • Totalt var det 29 000 godkjente lærebedrifter i 2020-21. Av desse hadde 72 prosent lærling det siste året.
  • 29 500 tok fag- eller sveinebrev. Det er 3 000 fleire enn året før.
  • 85 prosent av lærlingane fekk fag- eller sveinebrev i løpet av fem år etter at dei starta i lære.
  • Delen lærlingar som oppnår fag- eller sveinebrev innan fem år er høgast innan elektro- og datateknologi med 93 prosent.
  • Permitteringar av lærlingar innan restaurant- og matfag dei siste to åra kan vere årsaka til at delen som fullførar restaurant- og matfag innan to år er lågare for 2019-kullet enn tidlegare kull.

Nærmare 2000 fleire søkarar fekk læreplass

I 2021 var det meir enn 30 300 som søkte om læreplass i Noreg, 1 600 fleire søkarar enn i 2020. Delen søkarar som fekk læreplass auka frå 76 prosent i 2020 til 78 prosent i 2021, ein auke på 2 000. Meir enn 8 av 10 av søkarar som fekk lærekontrakt starta i lære innan 31. august.

Nokre søkarar får alternativ til lærekontrakt. I 2021 fekk 3,5 prosent av søkarane ein opplæringskontrakt, og starta opplæring i bedrift som lærekandidat. Målet til lærekandidaten er eit kompetansebevis, som er mindre omfattande enn eit fag- eller sveinebrev.

Koronautbrotet kan ha gjort det vanskelegare å få læreplass. Mange bedrifter og verksemder har hatt utfordringar som følge av koronasituasjonen, som har ført til at mange lærlingar/lærekandidatar har vore heilt eller delvis permitterte (Utdanningsspeilet 2021). Nokre av dei som fekk læreplass i 2021, kan ha vore blant dei permitterte. Omfanget av permitteringar grunna koronasituasjonen var likevel mykje mindre i 2021 enn i 2020.

Søkarar som ikkje får læreplass, skal få tilbod om fagopplæring i skule. Dei følger då same læreplan som om dei fekk opplæring i bedrift, men opplæringa skjer i regi av skulen. 4 prosent av søkarane starta på eit slikt opplæringstilbod innan utgangen av 2021.

Nær 9 av 10 søkarar innan bygg- og anleggsteknikk fekk lærekontrakt

Det er forskjellar mellom utdanningsprogramma når det gjeld kor stor del av søkarane som får lærekontrakt. Delen er størst innan bygg- og anleggsteknikk, der 87 prosent av søkarane fekk lærekontrakt. Til samanlikning var det 69 prosent av søkarane til helse- og oppvekstfag som fekk lærekontrakt.

Det var ein nedgang i delen søkarar som fekk lærekontrakt frå 2019 til 2020 i alle utdanningsprogramma. Restaurant- og matfag hadde den største nedgangen, på meir enn fem prosentpoeng. I 2021 har delen som fekk kontrakt i restaurant- og matfag auka igjen, men er framleis tre prosentpoeng lågare enn i 2019. Restaurant- og matfag er det utdanningsprogrammet som har vore hardast ramma av permitteringar som følge av koronautbrotet (Utdanningsspeilet 2021).

Delen søkarar som fekk opplæringskontrakt i 2021, varierer frå 10 prosent i Restaurant- og matfag til 0,1 prosent i elektro og datateknologi. Delen som starta fagopplæring i skule, varierer frå 10 prosent i helse- og oppvekstfag til omkring 1 prosent i bygg- og anleggsteknikk og naturbruk.

Størst del fekk lærekontrakt i Vestland, Troms og Finnmark og Rogaland

Det er òg forskjellar mellom fylka i kor stor prosentdel av søkarane som fekk lærekontrakt i 2021. I Vestland, Troms og Finnmark og Rogaland fekk 83 prosent av søkarane ein lærekontrakt, medan 71 prosent fekk lærekontrakt i Vestfold og Telemark. Samanlikna med 2020 har delen søkarar som har fått læreplass, auka i ni av elleve fylke. Størst auke var det i Agder, der 81 prosent fekk lærekontrakt i 2021, mot 69 prosent i 2020.

Delen søkarar som fekk opplæringskontrakt i 2021, varierer frå 5 prosent i Viken til under 2 prosent i Oslo. Delen som starta fagopplæring i skule, varierer frå 9 prosent i Viken til mindre enn 1 prosent i Oslo.

Det er òg store fylkesforskjellar i delen søkarar som har fått lærekontrakt innanfor kvart utdanningsprogram. For eksempel har over 88 prosent av søkarane til restaurant- og matfag i Oslo fått lærekontrakt, medan 62 prosent har fått dette i Nordland. Innan helse- og oppvekstfag varierer delen frå 80 prosent i Nordland til 60 prosent i Vestfold og Telemark. 

Fleire årsaker til at søkarar ikkje får læreplass

82 prosent av søkarane starta opplæring i bedrift som lærling eller lærekandidat i løpet av 2021. Det betyr samtidig at nesten 20 prosent av søkarane ikkje fekk læreplass i bedrift før utgangen av året. 2021 blei, som 2020, prega av koronautbrotet. Mange bedrifter har hatt utfordringar med å halde drifta i gang, og lærlingar har blitt permitterte. Omfanget av permitteringar og koronatiltak var likevel mykje mindre i 2021 enn i 2020. Det kan òg vere andre grunnar til at søkarar ikkje får læreplass. Hindringar for å få læreplass kan handle om at bedriftene ikkje opplever søkarane som kvalifiserte eller klare for overgangen til lære, at talet på skuleplassar ikkje samsvarar med talet på tilgjengelege læreplassar, eller at bedriftene manglar motiv for å ta inn lærlingar.

Tidlegare analysar har òg vist at ein stor del av søkarane som står utan læreplass, er i anna vidaregåande opplæring eller får læreplass på eit seinare tidspunkt (Utdanningsspeilet 2018).

Fleire nye lærlingar enn tidlegare

24 500 nye lærlingar starta opplæringa i 2020-21. Det er 2 400 fleire enn i 2019-20, noko som svarar til ein auke på 11 prosent. Talet på nye lærlingar har auka jamt sia Samfunnskontrakten for fleire læreplassar 2011-2015 ble inngått, men gjekk noko ned i fjor, truleg som følge av at mange bedrifter og verksemder hadde utfordringar som følge av korona.

Hovuddelen av læreplassane finn vi i privat sektor. 74 prosent av alle nye lærlingar har læreplass i privat sektor, medan 20 prosent har starta i lære i kommunal og 6 prosent i statleg sektor.

Om statistikken «Søkarar som har fått lærekontrakt»

Nye lærlingar

Størst auke i nye lærlingar i bygg- og anleggsteknikk

Det er flest nye lærlingar i bygg- og anleggsteknikk og færrast nye lærlingar i design og handverk. Talet på nye lærlingar aukar i alle utdanningsprogram samanlikna med i fjor, men auken varierer mellom programma. Auken er størst i bygg- og anleggsteknikk med 16 prosent, medan nye lærlingar i restaurant- og matfag berre auka med 9 prosent . Dei siste ti åra har talet på nye lærlingar auka mest i bygg- og anleggsteknikk og helse og oppvekstfag, medan den relative auken har vore størst i naturbruk.

Fleire nye lærlingar i alle fylka

Talet på nye lærlingar aukar i alle fylka samanlikna med i fjor, da talet gjekk ned i nesten alle fylka. Auken varierer frå 21 prosent i Vestfold og Telemark til 5 prosent i Oslo. Den låge auken i Oslo kompenserer ikkje for den store nedgangen i fjor, og det har følgeleg vore ei negativ utvikling frå 2018-19 til 2020-21 på omlag 6 prosent. Utviklinga i Oslo skil seg derfor frå dei andre fylka, kor utviklinga frå 2018-19 til 2020-21 for det meste har vore positiv.  Den negative utviklinga kan ha samanheng med at Oslo har vore hardt ramma av korona.

Fleire lærlingar totalt enn før

Totalt var det nærmare 46 700 lærlingar med ein løpande kontrakt per 1. oktober 2021. Det er 1 700 fleire lærlingar enn til same tid i 2020. Talet på løpande lærekontraktar inkluderer både førsteårslærlingar og dei som har vore lærling i meir enn eitt år. I tillegg til lærlingane var det 1 840 lærekandidatar og 1 020 personar med kontrakt om fagbrev på jobb.

Elevar som ikkje får læreplass, har rett til opplæring i skule for å fullføre den yrkesfaglege vidaregåande opplæringa si. 1 440 elevar fekk fagopplæring i skule per 1. oktober 2021, ein auke på nesten 150 frå i fjor.

Kva er lærling, lærekandidat, fagopplæring i skule og fagbrev på jobb?

7 av 10 godkjente lærebedrifter har lærling

I 2020–21 var det om lag 29 000 godkjente lærebedrifter i Noreg, og i underkant av 21 000 av desse hadde lærling. Frå 2012–13 til 2020–21 har talet på lærebedrifter med lærling auka med 3 800. Dette er ein auke på 22 prosent.

Trass i at talet på lærebedrifter med lærling har auka dei siste åra, er det framleis mange godkjente lærebedrifter utan lærling. I 2020–21 hadde 28 prosent av dei godkjente lærebedriftene ikkje hatt lærling det siste året. Denne delen er omtrent uendra sidan 2012–13. Dette tyder på at det ikkje er tilstrekkeleg å rekruttere nye lærebedrifter – lærebedriftene må òg ta inn lærlingar.

Om statistikkane om lærlingar

Delen godkjente lærebedrifter som har lærling, varierer mellom fylka. I Oslo og Trøndelag har 76 prosent av dei godkjente lærebedriftene lærling, medan i Innlandet gjeld det 66 prosent.

Bygg- og anleggsverksemd har flest lærebedrifter

Nær 90 prosent av lærebedriftene er private, medan 7 prosent er kommunale og 3 prosent er statlege. Dei resterande lærebedriftene er registrerte med ukjent sektor. Det er flest lærebedrifter med lærling innan næringsområda «bygg- og anleggsverksemd», «varehandel, bilverkstader» og «industri». Over 60 prosent av alle lærebedrifter med lærling finst innanfor desse tre næringane. Bygg- og anleggsverksemd utgjer 35 prosent.

Fleire nyutdanna fagarbeidarar enn på lenge

Totalt bestod 29 500 fag- og sveineprøva i perioden 2020–21. Det er 3 000 fleire enn i 2019–20. Av dei som bestod prøva var 62 prosent lærling og 33 prosent praksiskandidat. Praksiskandidatar er personar som har tilstrekkeleg arbeidserfaring til å gå opp til fagprøve utan læretid. Berre 3,5 prosent av dei som tok fag- eller sveinebrev hadde fullført fagopplæring i skule. Fagbrev på jobb er ei ordning kor vaksne som allereie er i eit arbeidsforhold kan få fag- eller sveinebrev. Litt over 1 prosent av dei som tok fag- eller sveinebrev brukte denne ordninga.

Det er størst auke frå 2019–20 i talet på nye fagarbeidarar i helse- og oppvekstfag, bygg- og anleggsteknikk og service og samferdsel, alle på rundt 14 prosent. Sjølv om talet på avlagte fag- og sveineprøver i restaurant og matfag auka litt frå 2019–20, har det framleis vore ein nedgang på 10 prosent frå 2018–19. I tillegg til dei som oppnåtte fag- og sveinebrev var det 670 som oppnådde  eit kompetansebevis i 2020–21 . 

Fleire praksiskandidatar avla og bestod fag- og sveineprøva 

Det var særleg ein nedgang i talet på praksiskandidatar som avla og bestod prøva frå 2018–19 til 2019-20. Årsaka kan vere at fag- og sveineprøver for lærlingar blei prioriterte over prøver for praksiskandidatar ved redusert kapasitet til å gjennomføre prøver under koronautbrotet. I 2020–21 auka talet på praksiskandidatar att med nær 1 800. Dermed er det i 2020-21 nær 500 fleire som fekk fag- eller sveinebrev som praksiskandidat enn i 2018-19, som vart siste skuleåret før pandemien.

Design og handverk har lågast del lærlingar som bestod fag- og sveineprøva

Det er relativt små forskjellar mellom fylke og utdanningsprogram i delen lærlingar som består fag- og sveineprøva. Delen som har «bestått» eller «bestått mykje godt», varierer frå 92 prosent i design og handverk til 96 prosent i teknologi- og industrifag. For fylka varierer delen lærlingar som oppnår fag- og sveinebrev, frå 92 prosent i Oslo til 97 prosent i Agder. Delen som får «bestått mykje godt» varierer meir på tvers av utdanningsprogramma, frå 39 prosent i naturbruk til 17 prosent i design og handverk. 

85 prosent har oppnådd fagbrev fem år etter at dei begynte i lære

Av dei 17 100 lærlingane i 2016-kullet bestod 52 prosent fag- eller sveineprøva innan to år etter at dei begynte læretida. Delen aukar til 77 prosent etter tre år. Ein god del av lærlingane som startar opplæring i bedrift, bruker altså meir enn to år på å fullføre læretida og bestå fagprøva. Innan fem år hadde 85 prosent av lærlingane oppnådd eit fag- eller sveinebrev.

Elevar som ikkje får læreplass, skal få tilbod om å fullføre opplæringa i skulen. 63 prosent av elevane som starta fagopplæring i skule i 2016, har fullført med fag- eller sveinebrev eller kompetansebevis innan fem år.

2016-kullet med lærekandidatar består av i underkant av 900 personar. Av desse har 62 prosent oppnådd kompetansebevis fem år etter dei starta i lære.

Gjennomføringsgraden aukar tydeleg frå to til tre år etter starten av læretida. Ein viktig grunn er at det er fleire lærefag og opplæringsmodellar der læretida i bedrift er lengre enn standarden på to år. Elektro og datateknologi, som har fleire læreløp der læretida er lengre enn to år, har for eksempel lågast fullføring etter to år, men høgast fullføring etter fem år. Det er også nokre som bruker lengre tid enn normert på læretida. Årsaker til dette kan vere midlertidige avbrot, grunna for eksempel permitteringar eller sjukdom, omval, forseinkingar med fag- eller sveineprøva, eller at dei treng fleire forsøk på prøva.

Det er òg tydeleg forskjell mellom utdanningsprogramma når det gjeld kor mange som har oppnådd fag- eller sveinebrev 5 år etter dei begynte i lære. Blant lærlingane varierer det frå 93 prosent innan elektro- og datateknologi til 70 prosent innan design og handverk.

Lite endring i gjennomføringsgraden for lærlingar

Våren 2020 var så mange som 4 400 lærlingar og lærekandidatar permittert grunna koronasituasjonen. Lærlingar som i periodar er permitterte frå læreplassen kan bli forseinka i opplæringsløpet. Vi ser ikkje store utslag av permitteringane på gjennomføringsstatus til lærlingane etter fem år i lære. Det skyldast at dei aller fleste lærlingane i 2016-kullet som oppnådde fag- og sveinebrev innan fem år allereie hadde fått fag- og sveinebrevet innan tre år, og dermed ikkje fekk læretida påverka av pandemien. Samanlikna med 2015-kullet går delen lærlingar i 2016-kullet som oppnår fag- og sveinebrev berre svakt ned. Tidlegare har delen auka svakt frå 2012-kullet til 2015-kullet.

Nedgangen er tydeleg større for lærekandidatar. 62 prosent av lærekandidatane som begynte i lære i 2016 har oppnådd kompetansebevis fem år etter påbegynt læretid – ein nedgang på 5 prosentpoeng samanlikna med dei som starta i 2015. Dette er òg ein lågare del enn for tidlegare kull. Delen som er ute av lære utan å ha fullført er tilsvarande høgare, noko som tydar på at færre fullførar, mens fleire sluttar, blant dei som starta i 2016 enn tidlegare.

Blant dei som tek fagopplæring i skule, varierer delen som gjennomfører med fag- eller sveinebrev eller kompetansebevis frå år til år. For 2016-kullet oppnådde 63 prosent fag- eller sveinebrev eller kompetansebevis innan fem år, 2 prosent fleire enn i 2015-kullet.

*For lærlingar er sluttkompetansen fag- eller sveinebrev. Elevar med fagopplæring i skule kan ha enten fag eller sveinebrev eller kompetansebevis som sluttkompetanse. For lærekandidatar er sluttkompetansen kompetansebevis.

Nedgang i delen som har fullført etter to år for restaurant- og matfag

Lærlingar som følger eit klassisk 2+2 løp (to år i skule og to år i lære) skal i teorien ha fullført sin læretid etter to år. Tala for 2021 viser at for dei som no har vært to år i lære, 2019-kullet, er det ein nedgang i delen som har fullført læretida etter to år innan restaurant- og matfag. Det som er spesielt med restaurant- og matfag er at bransjen i store deler av 2020, og også i 2021, var hardt ramma av koronatiltak. Tala over lærlingar og lærekandidatar som var permitterte grunna koronasituasjonen viser at på det verste var om lag halvparten av lærlingane og lærekandidatane innan restaurant- og matfag permitterte.

Også innan design og handverk var det mange permitterte, men her gjekk delen permitterte ned mykje fortare enn for restaurant- og matfag. At mange lærlingar har vore permitterte dei siste par åra kan bidra til å forklare kvifor restaurant- og matfag er det einaste utdanningsprogrammet der vi ser ein tydeleg nedgang i delen som har oppnådd fag- og sveinebrev etter to år: Permitteringane kan ha ført til forseinkingar i opplæringsløpet. For nokre av dei andre utdanningsprogramma, slik som helse- og oppvekstfag og naturbruk er det ein tydeleg auke i delen som har oppnådd fag- og sveinebrev innan to år.

Nedgangen i delen som har fullført restaurant- og matfag etter 2 år i lære skyldast ein nedgang blant lærlingane som ikkje har ungdomsrett. Ei mogleg forklaring på dette kan vere at lærlingane som har ungdomsrett har blitt skåna frå koronapermitteringar framfor dei som ikkje har ungdomsrett.

9 av 10 lærlingar fekk fagbrev i Sogn og Fjordane og Oppland

Det er òg forskjellar mellom fylka i gjennomføringa av læretida. Fem år etter at dei begynte læretida har 90 prosent av lærlingane i Sogn og Fjordane og Oppland oppnådd fag- eller sveinebrev, mens dette gjeld 79 prosent av lærlingane som starta i Oslo.

Om statistikken «Gjennomføring av læretida»