Fakta om fag- og yrkesopplæringa 2022

Historisk høgt antal lærekontraktar

Det blei inngått 25 000 nye lærekontraktar i 2021–2022, det er eit historisk høgt tal. 29 000 tok fag- eller sveinebrev, det er 500 færre enn året før.

Hovudfunn

  • Talet på søkarar til læreplass i 2022 har falt med 400 samanlikna med 2021.
  • Meir enn 8 av 10 søkarar starta i lære i bedrift.
  • I perioden oktober 2021 til og med september 2022 blei det inngått 24 900 nye lærekontraktar. Det er 400 fleire enn året før.
  • Det er flest nye lærlingar i bygg- og anleggsteknikk.
  • Totalt var det 28 100 godkjente lærebedrifter i 2021–22. Av desse hadde 75 prosent lærling det siste året.
  • 29 000 tok fag- eller sveinebrev. Det er 500 færre enn året før.
  • 9 av 10 nyutdanna fagarbeidarar innan bygg- og anleggsteknikk er i arbeid.
  • 86 prosent av lærlingane fekk fag- eller sveinebrev innan fem år etter at dei starta i lære.
  • Delen lærlingar som oppnår fag- eller sveinebrev innan fem år er høgast innan elektro- og datateknologi med 93 prosent.
  • Stor auke i delen som har fullført etter to år for restaurant- og matfag og design og handverk.

Nærmare 400 fleire søkarar fekk læreplass

I 2022 var det meir enn 29 900 som søkte om læreplass i Noreg, 400 færre søkarar enn i 2021.Sjølv om det var færre søkarar, så auka delen som fekk læreplass frå 78,2 prosent i 2021 til 80,6 prosent i 2022, ein auke på nesten 400 søkarar. Meir enn 8 av 10 av søkarar som fekk lærekontrakt starta i lære innan 31. august.

Nokre søkarar får alternativ til lærekontrakt. I 2022 fekk 3,3 prosent av søkarane ein opplæringskontrakt, og starta opplæring i bedrift som lærekandidat. Målet til lærekandidaten er eit kompetansebevis, som er mindre omfattande enn eit fag- eller sveinebrev.

Nær 9 av 10 søkarar innan bygg- og anleggsteknikk fekk lærekontrakt

Det er forskjellar mellom utdanningsprogramma når det gjeld kor stor del av søkarane som får lærekontrakt. Delen er størst innan bygg- og anleggsteknikk, der 87 prosent av søkarane fekk lærekontrakt. Til samanlikning var det 71 prosent av søkarane til helse- og oppvekstfag som fekk lærekontrakt.

Det var ein auke i delen søkarar som fekk lærekontrakt frå 2021 til 2022 i nesten alle utdanningsprogramma. Naturbruk var den einaste som hadde ein nedgang i delen søkarar som fekk lærekontrakt, om vi ser bort frå utdanningsprogramma som har fått ny tilbodsstruktur. Største auke ser vi i delen som fekk lærekontrakt i elektro og datateknologi, som auka med 4,3 prosentpoeng, frå 82,3 til 86,6 sidan 2021.

Delen søkarar som fekk opplæringskontrakt i 2022, varierer frå 9,7 prosent i Restaurant- og matfag til 0,3 prosent i elektro og datateknologi. Delen som starta fagopplæring i skole, varierer frå 11 prosent i helse- og oppvekstfag til omkring 1 prosent i bygg- og anleggsteknikk og naturbruk.

Fagfornyinga

Utdanningsprogramma merka med * i figuren  over var nye hausten 2020, sjå infoboks om fagfornyinga. Hausten 2022 var første gong elevane som følgde ordinært utdanningsløp kunne søke læreplass. Delen søkarar som har fått lærekontrakt vil stabilisere seg etter kvart.

Størst del fekk lærekontrakt i Rogaland og Agder

Det er òg forskjellar mellom fylka i kor stor prosentdel av søkarane som fekk lærekontrakt i 2022. I Rogaland og Agder fekk omkring 85 prosent av søkarane ein lærekontrakt, mens 73 prosent fekk lærekontrakt i Vestfold og Telemark. Samanlikna med 2021 har delen søkarar som har fått læreplass, auka i ti av elleve fylke. Størst auke var det i Innlandet, der 83,5 prosent fekk lærekontrakt i 2022, mot 77,1 prosent i 2021. I Vestland fylke fall delen søkarar med lærekontrakt med 1,4 prosentpoeng, til omkring 82 prosent.

Delen søkarar som fekk opplæringskontrakt i 2022, varierer frå 4,4 prosent i Viken til 1,4 prosent i Oslo. Delen som starta fagopplæring i skole, varierer frå 7,7 prosent i Viken til 0 prosent i Møre og Romsdal.

Det er òg store fylkesforskjellar i delen søkarar som har fått lærekontrakt innanfor kvart utdanningsprogram. For eksempel har over 95 prosent av søkarane til restaurant- og matfag i Oslo fått lærekontrakt, mens 62 prosent har fått dette i Vestfold og Telemark. Innan helse- og oppvekstfag varierer delen frå 82 prosent i Troms og Finnmark til 61 prosent i Vestfold og Telemark.

Fleire årsaker til at søkarar ikkje får læreplass

84 prosent av søkarane starta opplæring i bedrift som lærling eller lærekandidat i løpet av 2022. Det betyr samtidig at 16 prosent av søkarane ikkje fekk læreplass i bedrift før utgangen av året. Det kan vere mange grunnar til at søkarar ikkje får læreplass. Årsaka kan vera at bedriftene ikkje opplever søkarane som kvalifiserte eller klare for overgangen til lære, at talet på skoleplassar ikkje samsvarar med talet på tilgjengelege læreplassar, eller at bedriftene manglar motiv for å ta inn lærlingar (Utdanningsdirektoratet 2019).

Tidlegare analysar har òg vist at ein stor del av søkarane som står utan læreplass, er i anna vidaregåande opplæring eller får læreplass på eit seinare tidspunkt (Utdanningsspeilet 2022).

Fleire nye lærlingar enn tidlegare

24 900 nye lærlingar starta opplæringa i 2021–22. Det er 400 fleire enn i 2020–21, noko som svarar til ein auke på nesten 2 prosent. Talet på nye lærlingar har auka jamt sia Samfunnskontrakten for fleire læreplassar 2011–2015 ble inngått, men gjekk noko ned i 2019–20, truleg som følge av at mange bedrifter og verksemder hadde utfordringar som følge av korona. Trass i nedgangen i 2019–20 har talet på nye lærekontraktar auka dei siste par åra.   

Hovuddelen av læreplassane finn vi i privat sektor. 76 prosent av alle nye lærlingar har læreplass i privat sektor, mens 19 prosent har starta i lære i kommunal og 6 prosent i statleg sektor.

Størst auke i nye lærlingar i teknologi- og industrifag

Det er flest nye lærlingar i teknologi- og industrifag. Frå året før auka talet på nye lærlingar med nesten 15 prosent, eller meir enn 700 lærlingar. Talet på nye lærlingar aukar i utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi og teknologi- og industrifag. I utdanningsprogramma helse og oppvekstfag og naturbruk faller talet på nye lærlingar med høvesvis 6 og 8 prosent frå året før. Dei siste ti åra har talet på nye lærlingar auka mest i bygg- og anleggsteknikk og helse og oppvekstfag, mens den relative auken har vore størst i naturbruk.

Oslo med størst auke i talet på nye lærlingar

Talet på nye lærlingar auka i nesten alle fylka. Utviklinga varierer frå 13 prosent auke i Oslo til nedgang på 5 prosent i Nordland. Den høge auken i Oslo kompenserer meir enn nok for den låge auken i fjor. Sjølv om Oslo vore hardt ramma av korona er nivået i 2022 meir enn 18 prosent høgare enn i 2020, eller over 300 målt i lærekontraktar.

Fleire lærlingar totalt enn før

Totalt var det 48 400 lærlingar med ein løpande kontrakt per 1. oktober 2022. Det er 1 700 fleire lærlingar enn til same tid i 2021. Talet på løpande lærekontraktar inkluderer både førsteårslærlingar og dei som har vore lærling i meir enn eitt år. I tillegg til lærlingane var det 1 900 lærekandidatar og 1 060 personar med kontrakt om fagbrev på jobb.

Elevar som ikkje får læreplass, har rett til opplæring i skole for å fullføre den yrkesfaglege vidaregåande opplæringa si. 1 180 elevar fekk fagopplæring i skole per 1. oktober 2022, ein nedgang på 260 frå i fjor.

7 av 10 godkjente lærebedrifter har lærling

I 2021–22 var det om lag 28 100 godkjente lærebedrifter i Noreg, og meir enn 21 000 av desse hadde lærling. Frå 2012–13 til 2020–21 har talet på lærebedrifter med lærling auka med 3 900. Dette er ein auke på 23 prosent.

Trass i at talet på lærebedrifter med lærling har auka dei siste åra, er det framleis mange godkjente lærebedrifter utan lærling. I 2021–22 hadde 25 prosent av dei godkjente lærebedriftene ikkje hatt lærling det siste året. Denne delen er omtrent uendra sidan 2012–13. Dette tyder på at det ikkje er tilstrekkeleg å rekruttere nye lærebedrifter – lærebedriftene må òg ta inn lærlingar.

Om statistikkane om lærlingar

Delen godkjente lærebedrifter som har lærling, varierer mellom fylka. I Trøndelag har 80 prosent av dei godkjente lærebedriftene lærling, mens i Innlandet gjeld det 67 prosent.

Bygg- og anleggsverksemd har flest lærebedrifter

Nær 91 prosent av lærebedriftene er private, mens 7 prosent er kommunale og 2 prosent er statlege. Nokon få, 76 lærebedrifter, er registrerte med ukjent sektor. Det er flest lærebedrifter med lærling innan næringsområda «bygg- og anleggsverksemd», «varehandel, bilverkstader» og «industri». Over 64 prosent av alle lærebedrifter med lærling finst innanfor desse tre næringane. Bygg- og anleggsverksemd utgjer 35 prosent.

86 prosent har oppnådd fagbrev fem år etter at dei begynte i lære

Av dei 18 400 lærlingane i 2017-kullet bestod 54 prosent fag- eller sveineprøva innan to år etter at dei begynte læretida, mens delen aukar til 77 prosent etter tre år. Ein god del av lærlingane som startar opplæring i bedrift, bruker altså meir enn to år på å fullføre læretida og bestå fagprøva. Innan fem år hadde 86 prosent av lærlingane oppnådd eit fag- eller sveinebrev.

Elevar som ikkje får læreplass, skal få tilbod om å fullføre opplæringa i skolen. 67 prosent av elevane som starta fagopplæring i skole i 2017, har fullført med fag- eller sveinebrev eller kompetansebevis innan fem år.

2017-kullet med lærekandidatar består av i underkant av 900 personar. Av desse har 66 prosent oppnådd kompetansebevis fem år etter dei starta i lære.

Gjennomføringsgraden aukar tydeleg frå to år etter starten av læretida til tre år etter starten av læretida. Ein viktig grunn er at det er fleire lærefag og opplæringsmodellar der læretida i bedrift er lengre enn standarden på to år. Elektro og datateknologi, som har fleire læreløp der læretida er lengre enn to år, har for eksempel lågast fullføring etter to år, men høgast fullføring etter fem år.  Det er også nokre som bruker lengre tid enn normert på læretida. Årsaker kan vere midlertidige avbrot, grunna for eksempel permitteringar eller sjukdom, omval, forseinkingar med fag- eller sveineprøva, eller at lærlingane treng fleire forsøk på prøva. 

Det er òg tydeleg forskjell mellom utdanningsprogramma når det gjeld kor mange som har oppnådd fag- eller sveinebrev 5 år etter dei begynte i lære. Blant lærlingane varierer det frå 93 prosent innan elektro- og datateknologi til 68 prosent innan design og handverk.

Stabil høg gjennomføring for lærlingar

Delen lærlingar som har oppnådd fag- eller sveinebrev etter 5 år er stabil høg. 2017-kullet har no i like stor grad oppnådd fag- eller sveinebrev som 2015-kullet som ikkje var påverka av koronapandemien. Våren 2020 var så mange som 4 400 lærlingar og lærekandidatar permittert grunna koronasituasjonen. Vi ser ikkje store utslag av permitteringane på gjennomføringsstatus til lærlingane etter fem år i lære. Det skyldast at dei aller fleste lærlingane etter 2015-kullet som oppnådde fag- og sveinebrev innan fem år allereie hadde fått fag- og sveinebrevet innan tre år, og dermed ikkje fekk læretida påverka av pandemien.

Det er ein tydeleg auke for lærekandidatar i 2017-kullet. Nesten 66 prosent av lærekandidatane som begynte i lære i 2017 har oppnådd kompetansebevis fem år etter påbegynt læretid. Dette er ein auke på 4 prosentpoeng samanlikna med dei som starta i 2016. Dette er på nivå med delen for tidlegare kull. Delen som er ute av lære utan å ha fullført er òg lågare, noko som tydar på at fleire fullførar eller er framleis i lære, blant dei som starta i 2017 samanlikna med tidlegare kull.

Blant dei som tar fagopplæring i skole, varierer delen som gjennomfører med fag- eller sveinebrev eller kompetansebevis frå år til år. For 2017-kullet oppnådde 67 prosent fag- eller sveinebrev eller kompetansebevis innan fem år, 3 prosentpoeng fleire enn i 2016-kullet. Også for desse kandidatane er det færre som er ute av lære utan å ha fullført.

*For lærlingar er sluttkompetansen fag- eller sveinebrev. Elevar med fagopplæring i skole kan ha enten fag eller sveinebrev eller kompetansebevis som sluttkompetanse. For lærekandidatar er sluttkompetansen kompetansebevis.


Stor auke i delen som har fullført etter to år for restaurant- og matfag og design og handverk

Lærlingar som følger eit klassisk 2+2 løp (to år i skole og to år i lære) skal i teorien ha fullført sin læretid etter to år. Tala for 2022 viser at for dei som no har vore to år i lære, 2020-kullet, er det ein auke i delen som har fullført læretida etter to år i nesten alle utdanningsprogramma. Utdanningsprogramma restaurant- og matfag og design og handverk hadde den største auken blant lærlingane som har oppnådd fag- eller sveinebrev. Desse auka med 5 prosentpoeng kvar. Det som er spesielt med restaurant og matfag og design og handverk (som inkluderer frisørar) er at desse bransjane i store deler av 2020, og også i 2021, var hardt ramma av koronatiltak.

Blant lærlingane i naturbruk var det ein nedgang i delen som har fullført læretida etter to år på 3 prosentpoeng. Nedgangen kjem blant anna frå programområda fiske og fangst og anleggsgartnarfaget.

9 av 10 lærlingar fekk fagbrev i Sogn og Fjordane

Det er òg forskjellar mellom fylka i gjennomføringa av læretida. Fem år etter at dei begynte læretida har 92 prosent av lærlingane i Sogn og Fjordane oppnådd fag- eller sveinebrev. Tilsvarande tal for lærlingane som starta i Oslo og Troms er 82 prosent.

 Færre nyutdanna fagarbeidarar

Totalt bestod 29 00 fag- og sveineprøva i perioden 2021–22. Det er ein nedgang på om lag 500 frå 2020–21. Av dei som bestod prøva var 62 prosent lærling og 32 prosent praksiskandidat. Praksiskandidatar er personar som har tilstrekkeleg arbeidserfaring til å gå opp til fagprøve utan læretid. Berre 4 prosent av dei som tok fag- eller sveinebrev hadde fullført fagopplæring i skole. Fagbrev på jobb er ei ordning kor vaksne som allereie er i eit arbeidsforhold kan få fag- eller sveinebrev på grunnlag av arbeidserfaring og etter minst eit år opplæring. Litt under 2 prosent av dei som tok fag- eller sveinebrev brukte denne ordninga.

Det er nedgang i dei fleste utdanningsprogramma frå 2020–21. Størst nedgang ser vi i talet på nye fagarbeidarar i helse- og oppvekstfag, elektro og datateknologi og teknologi- og industrifag. Desse faller med nesten 790 til saman frå året før. Bygg- og anleggsteknikk trekker mykje opp i 2021–22 med ein auke på 260 i talet på nye fag- og sveinebrev. Talet på avlagte fag- og sveineprøver i restaurant og matfag auka litt frå 2020–21, har det framleis vore ein nedgang på 8 prosent frå 2018–19. Restaurant og matfag var utdanningsprogramma som var hardast ramma av korona med høge tal på permitteringar blant lærlingar. På det meste var omtrent halvparten av lærlingane i restaurant- og matfag og design og handverk permittert.

I tillegg til dei som oppnåtte fag- og sveinebrev var det 650 som oppnådde  eit kompetansebevis i 2021–22.

Færre praksiskandidatar avla og bestod fag- og sveineprøva 

Det var særleg ein nedgang i talet på praksiskandidatar som avla og bestod prøva frå 2018–19 til 2019–20, men i 2021–22 var nivået framleis høgare enn før korona. Årsaka til nedgangen under pandemien kan vere at fag- og sveineprøver for lærlingar blei prioriterte over prøver for praksiskandidatar, ved redusert kapasitet til å gjennomføre prøver under koronautbrotet. I 2021–22 fall talet på praksiskandidatar med nær 400. Dermed er det i 2021–22 nær 100 fleire som fekk fag- eller sveinebrev som praksiskandidat enn i 2018-19, som var siste skoleåret før pandemien.

Design og handverk har lågast del lærlingar som bestod fag- og sveineprøva

Det er relativt små forskjellar mellom fylke og utdanningsprogram i delen lærlingar som består fag- og sveineprøva. Delen som har «bestått» eller «bestått mykje godt», varierer frå 91 prosent i design og handverk til 96 prosent i teknologi- og industrifag. For fylka varierer delen lærlingar som oppnår fag- og sveinebrev, frå 93 prosent i Oslo til 97 prosent i Innlandet. Delen som får «bestått mykje godt» varierer meir på tvers av utdanningsprogramma, frå 37 prosent i naturbruk til 17 prosent i restaurant- og matfag.

Høg sysselsetjingsgrad for praksiskandidatar 

80 prosent av dei som bestod fag- eller sveineprøva i 2020 og 2021, var i arbeid i november året etter. Ein kan ta fag- eller sveineprøve som lærling, praksiskandidat og elev. Sysselsetjingsdelen varierer mellom desse gruppene. 

Av dei som fekk fag- eller sveinebrev som lærling, var 74 prosent i arbeid året etter, mens 19 prosent var i utdanning.  

Nesten alle praksiskandidatar, 16 800 av totalt 17 600, var i arbeid første året etter fagprøva. Dette er personar som har tilstrekkeleg arbeidserfaring til å gå opp til fagprøve utan læretid.  

Av elevane som har fullført fagopplæring i skole, var 62 prosent i arbeid året etter. Fagopplæring i skole er eit tilbod til søkjarar som ikkje får læreplass, der elevane får opplæring i faget ved skolen i staden for i bedrift. 19 prosent dei som tok fagopplæring i skole, var utanfor arbeid og utdanning første år etter fagprøva. 

Bygg- og anleggsteknikk har høgast del i arbeid 

Sysselsetjingsstatus for nyutdanna fagarbeidarar varierer mellom utdanningsprogramma. Bygg- og anleggsteknikk hadde høgast sysselsetjingsgrad, med 88 prosent. Tilsvarande del i design og handverk er 70 prosent.

Det er òg forskjellar i delen som verken er i arbeid eller utdanning. I restaurant- og matfag var 12 prosent verken i utdanning eller arbeid eit år etter fagprøva, mens tilsvarande tal for helse- og oppvekstfag var berre 5 prosent. Sysselsetjingsdelen varierer også internt i utdanningsprogramma. Nesten alle, 95 prosent, som tek sjømatproduksjon er i jobb etter eit år, mens 65 prosent av dei som tek konditorfaget er i jobb etter eit år.

Nordland, Innlandet og Trøndelag har flest nyutdanna fagarbeidarar i jobb 

Delen nyutdanna fagarbeidarar i jobb varierer frå 83 prosent i Innlandet, Trøndelag og Nordland, til 76 prosent i Møre og Romsdal. 

Mange av fylka med lågast del i arbeid har dei høgaste delane som er i utdanning. Dei har altså ikkje nødvendigvis høge delar som står utanfor arbeid og utdanning. Møre- og Romsdal, med lågast del fagarbeidarar i arbeid, har til dømes høgast del som held fram i utdanning. 

Det er forskjellar mellom fylka i delen som er utanfor både arbeid og utdanning. I Troms og Finnmark, Agder  og Oslo er 7 prosent av fagarbeidarane utanfor utdanning og arbeid, mens tilsvarande del er 5 prosent Nordland og Innlandet.