Fakta om fagopplæringen 2023

Liten nedgang i talet på lærlingar

Etter fleire år med rekordhøge tal, ser vi ein nedgang i talet på søkarar til læreplass og talet på nye lærekontraktar. Men fleire tok fag- eller sveinebrev. 

Teksten vart oppdatert med tal for gjennomføring av læretida og oppnådde fag- eller sveinebrev 15. mars. Samtidig supplerte vi nokre av dei tidlegare publiserte figurane med tal som hadde mangla for Buskerud.

Hovudfunn

  • Talet på søkarar til læreplass i 2023 har falle med 900 samanlikna med 2022.
  • Meir enn 8 av 10 søkarar starta i lære i bedrift.
  • I perioden oktober 2022 til og med september 2023 blei det inngått 24 200 nye lærekontraktar. Det er 700 færre enn året før.
  • Det er flest nye lærlingar i teknologi- og industrifag.
  • Totalt var det 28 300 godkjente lærebedrifter i 2022–2023. Av desse hadde 76 prosent lærling det siste året.
  • 86 prosent av lærlingane fekk fag- eller sveinebrev innan fem år etter at dei starta i lære.
  • Delen lærlingar som oppnår fag- eller sveinebrev innan fem år er høgast innan elektro- og datateknologi med 93 prosent.
  • Fall i delen som har fullført etter to år for mange av utdanningsprogramma.
  • 30 200 tok fag- eller sveinebrev. Det er 1 200 fleire enn året før.

Færre har søkt læreplass i 2023

I 2023 var det meir enn 29 000 personar som søkte om læreplass i Noreg, dette er om lag 900 færre enn året før. 23 300 av søkarane fekk kontrakt. Delen som fekk læreplass er på om lag 81 prosent. Meir enn 7 av 10 av søkarar som fekk lærekontrakt starta i lære innan 31. august. Denne delen auka til meir enn 8 av 10 søkarar når ein ser på dei som starta i lære innan 31. desember. Det vil seie at om lag 3 500 fleire fekk læreplass mellom 31. august og 31. desember.

Nokre søkarar får alternativ til lærekontrakt. I 2023 fekk 4 prosent av søkarane ein opplæringskontrakt, og starta opplæring i bedrift som lærekandidat. Målet til lærekandidaten er eit kompetansebevis, som er mindre omfattande enn eit fag- eller sveinebrev.

Søkarar som ikkje får læreplass, skal få tilbod om fagopplæring i skole. Dei følger då same læreplan som om dei fekk opplæring i bedrift, men opplæringa skjer i regi av skolen. 3 prosent av søkarane starta på eit slikt opplæringstilbod innan utgangen av 2023.

Søkarar som har fått lærekontrakt

Nær 9 av 10 søkarar innan elektro og datateknologi fekk lærekontrakt

Det er forskjellar mellom utdanningsprogramma når det gjeld kor stor del av søkarane som får lærekontrakt. Delen er størst innan elektro og datateknologi, der 87 prosent av søkarane fekk lærekontrakt. Historisk har det vore bygg- og anleggsteknikk som har høgast del søkarar med lærekontrakt. Delen søkarar med lærekontrakt innanfor bygg- og anleggsteknikk har falle med nesten 2 prosentpoeng frå 2022. Dette kan ha samanheng med nedgangen i bygge og anleggsaktiviteten i 2023. Til samanlikning var det 74 prosent av søkarane til helse- og oppvekstfag som fekk lærekontrakt. Av 5 400 søkarar i helse- og oppvekstfag fekk 4 000 lærekontrakt. Det er fleire som får lærekontrakt på helsearbeidarfaget enn på barne- og ungdomsarbeidarfaget, men delen som får lærekontrakt er høgare for barne- og ungdomsarbeidarfaget.

Det var ein auke i delen søkarar som fekk lærekontrakt i fleire av utdanningsprogramma frå 2022. Helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag og elektro- og datateknologi auka med høvesvis 2,9, 0,7 og 0,3 prosentpoeng frå året før. Største nedgang ser vi i delen som fekk lærekontrakt i restaurant- og matfag, som fall med 1,9 prosentpoeng, frå 75,8 til 73,9 sidan 2022, om vi ser bort frå utdanningsprogramma som har fått ny tilbodsstruktur.

Delen søkarar som fekk opplæringskontrakt i 2023, varierer frå 11,9 prosent i restaurant- og matfag til 0,3 prosent i elektro og datateknologi. Delen som starta fagopplæring i skole, varierer frå 9 prosent i helse- og oppvekstfag til omkring 1 prosent i teknologi- og industrifag og bygg- og anleggsteknikk.

Fagfornyinga

Utdanningsprogramma merka med * i Figur 2 var nye hausten 2020, sjå infoboks om fagfornyinga. Hausten 2022 var første gong elevane som følgde ordinært utdanningsløp kunne søke læreplass. Delen søkarar som har fått lærekontrakt vil stabilisere seg etter kvart.

Størst del fekk lærekontrakt i Rogaland, Møre og Romsdal og Nordland

Det er òg forskjellar mellom fylka i kor stor prosentdel av søkarane som fekk lærekontrakt i 2023. I Rogaland, Møre og Romsdal og Nordland fekk omkring 86 prosent av søkarane ein lærekontrakt, mens 67 prosent fekk lærekontrakt i Østfold. I Viken fylkeskommune fekk 75 prosent av søkarane læreplass i 2022. I Akershus, Buskerud og Østfold fekk høvesvis 72, 78 og 67 prosent læreplass i 2023. Fylka som tidlegare utgjorde Viken har samla falle med om lag 2 prosentpoeng frå 2022.

Også i dei andre oppløyste fylka har det vore ei negativ utvikling, men her er nedgangen meir beskjeden. I Vestfold og Telemark har delen med læreplass falle med 0,6 prosentpoeng, medan i Troms og Finnmark har delen falle med 0,2 prosentpoeng. Både Troms og Finnmark har høgare del med læreplass enn landsgjennomsnittet.

Delen søkarar som fekk opplæringskontrakt i 2023, varierer frå 6,5 prosent i Østfold til 1,5 prosent i Finnmark. Delen som starta fagopplæring i skole, varierer frå 9 prosent i Østfold til 0 prosent i Møre og Romsdal.

Det er òg store fylkesforskjellar i delen søkarar som har fått lærekontrakt innanfor kvart utdanningsprogram. For eksempel har 90 prosent av søkarane til restaurant- og matfag i Oslo fått lærekontrakt, mens 53 prosent har fått dette i Telemark. Innan helse- og oppvekstfag varierer delen frå 83 prosent i Vestland til 61 prosent i Østfold.

Fleire årsaker til at søkarar ikkje får læreplass

84 prosent av søkarane starta opplæring i bedrift som lærling eller lærekandidat i løpet av 2023. Det betyr samtidig at 16 prosent av søkarane ikkje fekk læreplass i bedrift innan utgangen av året. Det kan vere mange grunnar til at søkarar ikkje får læreplass. Årsakar kan vera at bedriftene ikkje opplever søkarane som kvalifiserte eller klare for overgangen til lære, at talet på skoleplassar ikkje samsvarar med talet på tilgjengelege læreplassar, eller at bedriftene manglar motiv for å ta inn lærlingar (Utdanningsdirektoratet 2019).

Tidlegare analysar har òg vist at ein stor del av søkarane som står utan læreplass, er i anna vidaregåande opplæring eller får læreplass på eit seinare tidspunkt (Utdanningsspeilet 2022). 

Færre nye lærlingar enn tidlegare

24 200 nye lærlingar starta opplæringa i 2022–2023. Det er 700 færre enn i 2021–2022, noko som svarar til eit fall på 3 prosent. Talet på nye lærlingar har auka jamt sia Samfunnskontrakten for fleire læreplassar 2011–2015 ble inngått, men gjekk noko ned i 2019–2020, truleg som følge av at mange bedrifter og verksemder hadde utfordringar som følge av korona. Trass nedgangen i 2022–2023 er talet på nye lærekontraktar framleis høgare enn før pandemien.

Hovuddelen av læreplassane finn vi i privat sektor. 75 prosent av alle nye lærlingar har læreplass i privat sektor, mens 18 prosent har starta i lære i kommunal og 6 prosent i statleg sektor.

Størst auke i nye lærlingar i teknologi- og industrifag

Det er flest nye lærlingar i teknologi- og industrifag. Frå året før auka talet på nye lærlingar i teknologi- og industrifag med nesten 7 prosent, eller nesten 400 lærlingar. Talet på nye lærlingar aukar som forventa også i dei nye utdanningsprogramma sal, service og reiseliv, informasjonsteknologi og medieproduksjon og frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign. I utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse og oppvekstfag og elektro og datateknologi faller talet på nye lærlingar med høvesvis 5, 4 og 2 prosent frå året før. Dei siste ti åra har talet på nye lærlingar auka mest i bygg- og anleggsteknikk og teknologi- og industrifag, mens den relative auken har vore størst i naturbruk.

Om statistikkane om lærlingar

Møre og Romsdal med størst auke i talet på nye lærlingar

Talet på nye lærlingar fall i nesten alle fylka. Utviklinga varierer frå 9 prosent fall i gamle Vestfold og Telemark til auke på 6 prosent i Møre og Romsdal. Fylka som svarer til gamle Viken står for meir enn ein tredel av den samla nedgangen nasjonalt. Det var om lag 270 færre nye lærlingar i Østfold, Buskerud og Akershus samanlikna med året før. Også fylka i gamle Vestfold og Telemark har lågare tal enn året før. Her var det 180 færre enn året før. Også i Oslo fall talet på nye lærlingar. Her var det meir enn 90 færre nye lærlingkontraktar enn året før. Sjølv om Oslo var hardt ramma av korona er nivået i 2023 framleis høgare enn i 2020, eller over 200 målt i lærekontraktar. 

 Kva er lærling, lærekandidat, fagopplæring i skole og fagbrev på jobb?

Lærlingar er personar som har inngått ein lærekontrakt om opplæring og praksis i ei bedrift, med sikte på fag- eller sveinebrev. Læretida er normalt på to år.

Lærekandidatar inngår ein opplæringskontrakt med ei lærebedrift, og går opp til ei kompetanseprøve med sikte på kompetansebevis. Eit kompetansebevis er mindre omfattande enn fag- eller sveinebrev.

Fagopplæring i skole, òg kalla alternativ vg3,er eit tilbod til søkarar som ikkje har fått læreplass. Desse elevane får opplæring i faget ved skolen i staden for i bedrift. Opplæringa er med sikte på fag- eller sveinebrev, eller kompetansebevis. Opplæringstida i skole er normalt på eitt år.

Fagbrev på jobb er ei ordning for vaksne som er i eit arbeidsforhold. Ordninga gir moglegheit til å få fag- eller sveinebrev på grunnlag av allsidig praksis, realkompetansevurdering og opplæring kombinert med rettleia praksis i vanleg arbeid.

Dobbelt så mange tek fagbrev på jobb

Totalt var det 48 300 lærlingar med ein løpande kontrakt per 1. oktober 2023. Det er 100 færre lærlingar enn til same tid i 2022. Talet på løpande lærekontraktar inkluderer både førsteårslærlingar og dei som har vore lærling i meir enn eitt år. I tillegg til lærlingane var det nesten 2 000 lærekandidatar og 1 400 personar med kontrakt om fagbrev på jobb. Fagbrev på jobb er ei relativt ny ordning, men har nesten dobla seg på fire år, frå 700 i 2020 til nesten 1 400 i 2023.

Elevar som ikkje får læreplass, har rett til opplæring i skole for å fullføre den yrkesfaglege vidaregåande opplæringa si. 800 elevar fekk fagopplæring i skole per 1. oktober 2023, ein nedgang på meir enn 300 frå i fjor. Talet på elevar som fekk opplæring i skole har falle frå nesten 1 300 i 2020 til 800 i 2023, ein nedgang på nærmare 40 prosent.

7 av 10 godkjende lærebedrifter har lærling

I 2022–2023 var det om lag 28 000 godkjende lærebedrifter i Noreg, og meir enn 21 000 av desse hadde lærling. På ti år har talet på lærebedrifter med lærling auka med 3 800, dette er ein auke på 22 prosent. Nær 91 prosent av lærebedriftene er private, medan 7 prosent er kommunale og 2 prosent er statlege.

Trass i at talet på lærebedrifter med lærling har auka dei siste åra, er det framleis mange godkjende lærebedrifter utan lærling. I 2022–2023 hadde 24 prosent av dei godkjende lærebedriftene ikkje hatt lærling det siste året. Delen lærebedrifter utan lærling har lege mellom 29 og 24 prosent sidan 2013–2014. Det er flest lærebedrifter på austlandet og vestlandet og dessutan i Trøndelag. Dette tyder på at det ikkje er tilstrekkeleg å rekruttere nye lærebedrifter – lærebedriftene må òg ta inn lærlingar.

Delen godkjende lærebedrifter som har lærling, varierer mellom fylka. I Vestland hadde 81 prosent av dei godkjende lærebedriftene lærling, mens i Innlandet gjeld det berre 69 prosent.

Bygg- og anleggsverksemd har flest lærebedrifter

Det er flest lærebedrifter med lærling innan næringsområda «bygg- og anleggsverksemd», «varehandel, bilverkstader» og «industri». To av tre lærebedrifter med lærling finst innanfor desse tre næringane. Bygg- og anleggsverksemd utgjer 34 prosent, eller 7 400 av desse.

86 prosent har oppnådd fagbrev fem år etter at dei begynte i lære

Av dei 18 900 lærlingane i 2018-kullet bestod 54 prosent fag- eller sveineprøva innan to år etter at dei begynte læretida, mens delen aukar til 79 prosent etter tre år. Ein god del av lærlingane som startar opplæring i bedrift, bruker altså meir enn to år på å fullføre læretida og bestå fagprøva. Innan fem år hadde 86 prosent av lærlingane oppnådd eit fag- eller sveinebrev.

Elevar som ikkje får læreplass, skal få tilbod om å fullføre opplæringa i skolen. 67 prosent av elevane som starta fagopplæring i skole i 2018, har fullført med fag- eller sveinebrev eller kompetansebevis innan fem år.

2018-kullet med lærekandidatar består av meir enn 800 personar. Av desse har 66 prosent oppnådd kompetansebevis fem år etter dei starta i lære.

Gjennomføringsgraden aukar tydeleg frå to år etter starten av læretida til tre år etter starten av læretida. Ein viktig grunn er at det er fleire lærefag og opplæringsmodellar der læretida i bedrift er lengre enn standarden på to år. Elektro og datateknologi, som har fleire læreløp der læretida er lengre enn to år, har for eksempel lågast fullføring etter to år, men høgast fullføring etter fem år. Til dømes aukar delen som oppnår eit fagbrev i elektro- og datateknologi frå 23 prosent etter to år til 88 prosent etter tre år. Det er også nokre som bruker lengre tid enn normert på læretida. Årsaker kan vere midlertidige avbrot, grunna for eksempel permitteringar eller sjukdom, omval, forseinkingar med fag- eller sveineprøva, eller at lærlingane treng fleire forsøk på prøva.

Det er òg tydeleg forskjell mellom utdanningsprogramma når det gjeld kor mange som har oppnådd fag- eller sveinebrev 5 år etter dei begynte i lære. Blant lærlingane varierer det frå 93 prosent innan elektro- og datateknologi til 71 prosent innan design og handverk.

Stabil høg gjennomføring for lærlingar

Delen lærlingar som har oppnådd fag- eller sveinebrev etter 5 år er stabil høg. 16 200 av 18 900 lærlingar hadde oppnådd eit oppnådd eit fag- eller sveinebrev innan fem år. Dette utgjer 86 prosent. I same periode var 1 900 lærlingar ute av lære utan å ha fullført.

Blant dei som tar fagopplæring i skole, varierer delen som gjennomfører med fag- eller sveinebrev eller kompetansebevis frå år til år. For 2018-kullet oppnådde 67 prosent fag- eller sveinebrev eller kompetansebevis innan fem år. Dette er om lag som året før. For desse kandidatane er det om lag lite stor del som er ute av lære utan å ha fullført samanlikna med 2017-kullet.

66 prosent av lærekandidatane som begynte i lære i 2018 har oppnådd kompetansebevis fem år etter påbegynt læretid. Dette er på nivå med 2017-kullet. Delen lærekandidatar som er ute av lære utan å ha fullført er om lag 2 prosentpoeng meir enn for 2017-kullet. Auken kjem frå blant anna bygg- og anleggsteknikk, naturbruk og service og samferdsel.

Fall i delen som har fullført etter to år for mange av utdanningsprogramma

Lærlingar som følger eit klassisk 2+2 løp (to år i skule og to år i lære) skal i teorien ha fullført sin læretid etter to år. Tala for 2023 viser at for dei som no har vore to år i lære, 2021-kullet, er det eit fall i delen som har fullført læretida etter to år i mange av utdanningsprogramma. Utdanningsprogrammet bygg- og anleggsteknikk hadde den største nedgongen blant lærlingane som har oppnådd fag- eller sveinebrev, og fall med 4 prosentpoeng.

9 av 10 lærlingar fekk fagbrev i Rogaland, Møre og Romsdal og i Aust-Agder
Det er òg forskjellar mellom fylka i gjennomføringa av læretida. Fem år etter at dei begynte læretida har 90 prosent av lærlingane i Rogaland, Møre og Romsdal og i Aust-Agder oppnådd fag- eller sveinebrev. Tilsvarande tal for lærlingane som starta i Oslo er 80 prosent.

Fleire nyutdanna fagarbeidarar

Totalt bestod 30 200 fag- og sveineprøva i perioden 2022–2023. Det er ein auke på om lag 1 200 frå 2021–2022. Av dei som bestod prøva var 62 prosent lærlingar og 32 prosent praksiskandidatar. Praksiskandidatar er personar som har tilstrekkeleg arbeidserfaring til å gå opp til fagprøve utan læretid. Berre 3 prosent av dei som tok fag- eller sveinebrev hadde fullført fagopplæring i skole. Fagbrev på jobb er ei ordning kor vaksne som allereie er i eit arbeidsforhold kan få fag- eller sveinebrev. Litt under 2 prosent av dei som tok fag- eller sveinebrev brukte denne ordninga.

Det er ein auke i talet nye fagarbeidarar frå dei fleste utdanningsprogramma i 2022–2023 samanlikna med året før. Størst auke ser vi i talet på nye fagarbeidarar i teknologi- og industrifag, og innan bygg- og anleggsteknikk, som auka med høvesvis 600 og 300 frå året før.

Talet på nye fagarbeidarar auka mest i Rogaland , Vestland og Nordland med over 200 i kvart fylke. I Oslo var det ein nedgang, med i overkant av 100 færre nye fagarbeidarar samanlikna med 2021-2022.

I tillegg til dei som oppnådde fag- og sveinebrev var det 700 som oppnådde eit kompetansebevis i 2022–2023.

Om statistikken «Gjennomføring av læretida»

Fleire tok fagbrev på jobb

Det var ein auke frå 2021–2022 til 2022–2023 i talet som tok fagbrev på jobb, på om lag 100. Dette er ei relativt ny ordning som har auka frå om lag 100 skoleåret 2019–2018 til nesten 600 skoleåret 2022–2023.

Teknologi- og industrifag har høgast del lærlingar som bestod fag- og sveineprøva

I gjennomsnitt består 95 prosent av alle lærlingkandidatane. Det er relativt små forskjellar mellom fylke og utdanningsprogram i delen lærlingar som består fag- og sveineprøva. Delen som har «bestått» eller «bestått mykje godt», varierer frå 91 prosent i design og handverk til 96 prosent i teknologi- og industrifag. For fylka varierer delen lærlingar som oppnår fag- og sveinebrev, frå 92 prosent i Oslo til 97 prosent i både Innlandet. Delen som får «bestått mykje godt» varierer meir på tvers av utdanningsprogramma, frå 38 prosent i service og samferdsel til 20 prosent i restaurant- og matfag og design og handverk.

Høg sysselsetjingsgrad for praksiskandidatar

Nær 83 prosent av dei som bestod fag- eller sveineprøva i 2021 og 2022, var i arbeid i november året etter. Ein kan ta fag- eller sveineprøve som lærling, praksiskandidat og elev. Sysselsetjingsdelen varierer mellom desse gruppene. Av dei som fekk fag- eller sveinebrev som lærling, var 77 prosent i arbeid året etter, medan 18 prosent var i utdanning.

Nesten alle praksiskandidatar, 18 100 av totalt 19 000, var i arbeid første året etter fagprøva. Dette er personar som har tilstrekkeleg arbeidserfaring til å gå opp til fagprøve utan læretid. Av elevane som har fullført fagopplæring i skole, var 65 prosent i arbeid året etter. Fagopplæring i skole er eit tilbod til søkjarar som ikkje får læreplass, der elevane får opplæring i faget ved skolen i staden for i bedrift. 16 prosent dei som tok fagopplæring i skole, var utanfor arbeid og utdanning første år etter fagprøva. Dette er ein nedgang frå tidlegare årskull.

Bygg- og anleggsteknikk har høgast del i arbeid

Sysselsetjingsstatus for nyutdanna fagarbeidarar varierer mellom utdanningsprogramma. Bygg- og anleggsteknikk hadde høgast sysselsetjingsgrad, med 89 prosent. Tilsvarande del i design og handverk er 74 prosent.

Det er òg forskjellar i delen som verken er i arbeid eller utdanning. I restaurant- og matfag var 7 prosent verken i utdanning eller arbeid eit år etter fagprøva, medan tilsvarande tal for helse- og oppvekstfag berre var 4 prosent. Sysselsetjingsdelen varierer også internt i utdanningsprogramma. Nesten alle, 94 prosent, som tar sjømatproduksjon er i jobb etter eit år, medan 71 prosent av dei som tar konditorfaget er i jobb etter eit år.

Innlandet, Trøndelag og Nordland har flest nyutdanna fagarbeidarar i jobb

Delen nyutdanna fagarbeidarar i jobb varierer frå 85 prosent i Innlandet, Trøndelag og Nordland, til 78 prosent i Møre og Romsdal.

Mange av fylka med lågast del i arbeid, har dei høgaste delane som er i utdanning. Dei har altså ikkje nødvendigvis høge delar som står utanfor arbeid og utdanning. Møre- og Romsdal, med lågast del fagarbeidarar i arbeid, har til dømes høgast del som held fram i utdanning.

Det er forskjellar mellom fylka i delen som er utanfor både arbeid og utdanning. I Oslo og Agder er høvesvis 7 og 6 prosent av fagarbeidarane utanfor utdanning og arbeid, mens tilsvarande del er 4 prosent i Nordland, Trøndelag og Innlandet.