Underviser lærarar på ein annan måte når dei bruker nettbrett?

Digitalisering i grunnopplæringa

Ei kunnskapsoppsummering frå 2020 samanfattar 163 internasjonale studiar om bruk av nettbrett for å undersøke nettopp dette.

Forskingsprosjekt

I samarbeidsprosjektet GrunnDig er målet å få oversyn over forsking og erfaring innan digitalisering i grunnopplæringa. Prosjektet skal òg avdekka framtidige forskingsbehov. Prosjektet blir gjennomført av Kunnskapssenter for utdanning (ved UiS), Universitetet i Oslo og Høgskulen i Volda. Utdanningsdirektoratet er oppdragsgivar.

Andre publiseringar i dette forskingsprosjektet:

 

Same bruk som med penn og papir i klasseromma

Kunnskapsoppsummeringa viser at det i all hovudsak er få metodeforskjellar mellom undervising med tradisjonelle læringsverktøy og undervising med nettbrett. Dette er ein indikasjon på at mange lærarar framleis ikkje har utvikla eller fått opplæring i særskilte metodar for undervising med nettbrett.

Forfattarane av kunnskapsoppsummeringa peiker på at elevane ikkje desto mindre verkar å trivast med å bruke nettbrett i undervisinga. Nettbrett har i dei fleste tilfelle ein motiverande effekt på elevane.

Kunnskapsoppsummeringa viser også at det var ei auke i rapportar om positive effektar på elevar si læring ved bruk av nettbrett i klasserommet opp mot 2018. Samstundes minka talet rapportar om negative effektar frå 2016 til 2018. Denne trenden kjem parallelt med at nettbrettet er blitt ein meir integrert del av klasserommet. Dette kan ha samanheng med den positive effekten av nettbrett på mellom anna elevane si motivasjon.

Tilrettelegging og opplæring til lærarar

Sjølv om det er forventningar til at skolar tek i bruk digitale læringsverktøy, er det ikkje nødvendigvis slik at utdanninga av lærarar følger den raske teknologiske utviklinga i resten av samfunnet. Dette fører til at ikkje alle lærarar får høve til å utvikle den digitale kompetansen sin i takt med den teknologiske utviklinga, eller i tråd med auka forventningar til bruk av til dømes nettbrett i undervisinga.

Systematisk bruk av digital teknologi i klasseromma fordrar at

  • skolen legg til rette for slik bruk
  • lærarane blir oppmoda til å bruke teknologien
  • lærarane har ei positiv haldning til digital teknologi
  • lærarane har fått tilstrekkeleg opplæring i bruk av slik teknologi i undervisinga

Om dette notatet

Som ein del av forskingsprosjektet GrunnDig har Universitet i Stavanger sett nærare på internasjonal forsking på nettbrett som læringsverktøy i skolen.

Denne kunnskapsoppsummeringa er eit kort dokument som kan lesast og lastast ned som PDF hos Universitetet i Stavanger. Dette er ei omsetting av ei kunnskapsoppsummering frå 2020. Oppsummeringa undersøker om lærarar i barneskolar underviser på ein annan måte når dei bruker nettbrett enn dei gjer med tradisjonelle undervisingsverktøy. Ho tar òg for seg om bruk av nettbrett i undervisinga i barneskolar i hovudsak verkar positivt eller negativt inn på læringa til barna. Dei 163 studiane i kunnskapsoppsummeringa er henta frå ulike land og vart publiserte mellom 2013 og 2018. 

Alle studiane som inngår i kunnskapsoppsummeringa er gjort før pandemi og nedstengning av skolar. Ingen norske studiar inngår i oppsummeringa.

Kilde til kunnskapsoppsummeringa

Ricoy, M.-C. & Sánchez-Mártinez, C. (2020). Revisión sistemática sobre el uso de la tableta en la etapa de educación primaria [A systematic review of tablet use in primary education]. Revista española de pedagogía, 78(276), 273–290. 

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!