Analysar av læringsmiljøindeksane i Elevundersøkelsen 2019

Motivasjonen til elevane på 7. trinn går ned i perioden 2016–2019. For dei andre læringsmiljøindeksane er tala stabile både på nasjonalt og fylkesnivå.

I rapporten blir læringsmiljøindeksane frå Elevundersøkelsen analyserte på fylkes- og nasjonalt nivå for 7. trinn, 10. trinn og vg1. 

Hovudfunn

  • Motivasjonen på 7. trinn går ned
  • 7. trinn skårar generelt høgare enn 10. trinn
  • Små forskjellar mellom fylke

Motivasjonen for elevar på 7. trinn går ned over tid

Nasjonale tal viser at elevar på 7. trinn rapporterer lågare nivå av motivasjon i 2019 samanlikna med 2016. Denne nedgangen ser vi i 15 fylke og Aust-Agder hadde størst nedgang i perioden. Det er ikkje liknande nedgang i motivasjon på 10. trinn eller for vg1.

For dei andre læringsmiljøindeksane svarar elevane på 7. trinn, 10. trinn og vg1 stabilt i perioden 2016-2019.

Elevundersøkelsen

7. trinn skårar generelt høgare enn 10. trinn

Analysane på nasjonalt nivå viser at elevane på 7. trinn generelt skårar høgare på læringsmiljøindeksane i Skoleporten enn elevar på 10. trinn. Eksempelvis rapporterer elevar på 7. trinn om høgare motivasjon enn elevar på 10. trinn. Det er få vesentlege forskjellar mellom 10. trinn og vg1 på indeksane. Rapporten gir ikkje forklaringar på forskjellane mellom trinna.

I hovudsak små forskjellar mellom fylke

På fylkesnivå er det forskjellar mellom fylka på nesten alle indeksar, men generelt er desse forskjellane små.

 

Om Elevundersøkelsen