Rapport, Felles nasjonalt tilsyn – 2014-2017

Vegen vidare

Felles nasjonalt tilsyn 2018–2021 omfattar fleire tema enn tidlegare som følger opp nasjonale satsingar. Temaa er valde ut frå risikoen for regelverksbrot, og vi har også tatt utgangspunkt i erfaringar frå tidlegare tilsyn. Kvart tema er delt inn i fleire deltema, og det forsvarlege systemet til skoleeigaren er alltid eitt av deltemaa. På denne måten har vi lagt til rette for at både fylkesmennene og vi i større grad skal kunne velje og kombinere tema og deltema ut frå risikoen ved den aktuelle skolen eller skoleeigaren.

Vi har vidareført rettleiing som ein del av det felles nasjonale tilsynet. Fylkesmennene skal rettleie om regelverket, spreie informasjon om funna frå tilsyna og bidra til erfaringsdeling av praksis.
Tilbakemeldingane og erfaringane frå FNT 2014–2017 tyder på at dette har hatt god effekt.

I det nye felles nasjonale tilsynet har vi valt å legge rettleiingstekstane inn i RefLex i staden for å ha eit eige rettleiingshefte liggande på udir.no. Dei som skal svare på eigenvurderingsspørsmåla, får rettleiing til dei enkelte spørsmåla. For brukarane er det truleg enklare å få informasjon om krava i regelverket og gjennomføre eigenvurderingar dersom all tekst er samla. I tillegg har vi endra eigenvurderingsspørsmåla for å gjere dei mindre juridiske og meir praksisnære. Vi har også jobba med språket i rettleiingstekstane. Målet er at det skal vere lettare for skolar og skoleeigarar å forstå kva regelverket krev av dei.

Vi vurderer det slik at vi må jobbe vidare med å gjere eigenvurderingane og rettleiingsmateriellet i RefLex betre kjent for skoleeigarane og legge til rette for meir bruk av RefLex.