Rapport, Felles nasjonalt tilsyn – 2014-2017

Generelt om funna på dei offentlege skolane og friskolane

I 68 av tilsyna blei det ikkje konstatert brot på regelverket i den førebels tilsynsrapporten.

  • 20 av dei handla om utbyttet av opplæringa.
  • 11 gjaldt forvaltningskompetanse.
  • 33 handla om skolebasert vurdering
  • 4 omhandla det forsvarlege systemet til skoleeigaren knytt til utbyttet av opplæringa

I løpet av perioden har talet på regelverksbrot på dei kontrollerte områda lege relativt stabilt rundt 30 prosent. I 2015 var det noko færre (24 prosent). Det kan vere samansette årsaker til at det blei avdekt færre brot i 2015 enn i dei andre åra.

a) Éi årsak kan vere at fylkesmennene i 2015 ikkje trefte godt nok med risikovurderingane sine, med det som følge at skolane og kommunane som det blei ført tilsyn med, hadde mindre utfordringar med regelverket enn dei det blei ført tilsyn med dei andre åra.

b) Ei anna årsak kan vere at vi, basert på funna frå 2015, gjennomførte ei grundig koordinering i 2016 av vurderingane til fylkesmennene, og at det kan ha ført til ei innstramming av praksisen hos fylkesmennene. Ei slik koordinering og kalibrering av vurderingane til fylkesmennene er nødvendig på grunn av dei mange skjønnsmessige føresegnene i opplæringslova.

Nesten alle skolar får pålegg om retting, men det er få pålegg per skole

I 87 prosent av tilsyna til fylkesmennene blei det i dei førebels tilsynsrapportane varsla pålegg om retting. I 13 prosent av tilsyna der det blei varsla pålegg om retting, blei det berre varsla eitt pålegg, og i 15 prosent av tilsyna blei det varsla to pålegg. Det betyr at i om lag 30 prosent av tilsyna blei det berre varsla to eller færre pålegg om retting i dei førebels tilsynsrapportane. Sjølv om eitt pålegg kan innehalde fleire brot på regelverket, betyr dette at regelverket blir etterlevd i ganske stor grad.

Friskolar har få pålegg per tilsyn

Alle friskolane som fekk tilsyn med temaa utbytte av opplæringa og skolebasert vurdering, fekk pålegg om å rette opp praksisen sin. Sjølv om alle tilsyna enda med at det blei konstatert minst eitt brot på regelverket, ser vi at store delar av det kontrollerte temaet var i tråd med regelverket også i friskolane. I tilsyna med utbytte av opplæringa blei det avdekt brot på regelverket i 45 prosent av dei kontrollerte områda, og i tilsyna med skolebasert vurdering blei det avdekt brot innanfor 53 prosent av dei kontrollerte områda.