Målar- og overflateteknikkfaget (MOT03‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål 

  • planleggje
    behandling av flater på nybygg, eksisterande bygningsmasse og historiske bygg, arbeide etter teikningar, beskrivingar og preaksepterte løysingar og
    vurdere
    kostnader, tidsbruk og miljøomsyn i arbeidet
  • utarbeide framdriftsplanar, bestille og motta produkt, utstyr og mengder og kontrollere kvalitet og mengd i tråd med arbeidsoppdraget
  • gjere greie for
    og
    bruke
    kvalitetssikringssystem, arbeide i tråd med gjeldande krav til helse, miljø og sikkerheit og toleransekrav og
    reflektere
    over konsekvensar av ikkje å følgje krava
  • risikovurdere arbeidsoppdrag,
    gjennomføre
    ein sikker jobbanalyse og rapportere om uønskte hendingar
  • velje,
    bruke
    og halde ved like verktøy og maskiner til ulike formål og med omsyn til kvalitet, funksjonalitet, miljø og økonomi
  • arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og
    gjere greie for
    pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og
    reflektere
    over krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap
  • arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp og
    reflektere
    over konsekvensane av støveksponering og bruk av kjemikalium
  • kjeldesortere og handtere kjemikalium etter gjeldande regelverk, følgje substitusjonsplikta,
    reflektere
    over konsekvensane av feilhandtering og iverksettje tiltak
  • bruke
    verne- og sikringsutstyr og
    vurdere
    konsekvensane av feilbruk
  • vurdere
    tilstanden til overflatene, byggje opp sjikt ut frå bruksområde og
    vurdere
    korleis det ytre og indre miljøet påverkar sluttresultatet og levetida til overflata
  • drøfte
    og
    reflektere
    over korleis tradisjonelle målemetodar tek vare på eigenarten til faget og kulturtradisjonane
  • vurdere
    eksisterande målingslag og velje målemetode som tek vare på eigenarten til underlaget
  • utbetre underlaget før behandling og
    vurdere
    korleis kvaliteten på underlaget påverkar arbeidsprosessen
  • bruke
    Natural Colour System, setje saman ulike fargar og
    vurdere
    korleis fargar påverkar bruksområdet, belysninga og harmonien til rommet
  • bruke
    fagterminologi for å kommunisere med kundar, kollegaer og andre yrkesutøvarar og
    drøfte
    ulike løysingar som bidreg til å minimere miljøavtrykket og sikre ei effektiv ressursutnytting
  • bruke
    ulike påføringsteknikkar og påføringsutstyr og
    vurdere
    konsekvensane av feilbruk
  • restaurere og dekorere bygningar og
    vurdere
    korleis byggjeskikk og historia til bygget påverkar valet av produkt og metodar
  • vurdere
    eigenskapane til overflata, påføre sparkel-, beis-, olje-, lakk- og målingssystem og
    gjere greie for
    korleis dei ulike produkta verkar saman og påverkar herdeprosessen
  • setje opp glasfiberstrie, folie, tapet og overmålingstapet
  • påføre membransystem og leggje og sveise golv- og veggbelegg i våtrom
  • programmere og
    bruke
    robotar til overflatebehandling
  • leggje teppe, fugefrie golv, banebelegg, LVT-stavar og flis i vinyl, velje metode og
    vurdere
    korleis bruken av lim, sparkel og avrettingsmassar påverkar sluttresultatet
  • utføre grunnleggjande førstehjelp

Undervegsvurdering