Vg3 økologisk landbruk (LBR06‑02)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål

  • stelle husdyr og tilpasse husdyrrom i samsvar med naturleg åtferd hos husdyr og regelverk for økologisk landbruk
  • planleggje
    , gjennomføre
    , vurdere
    og dokumentere
    ein landbruksproduksjon ut frå hovudprinsippa for økologisk landbruksproduksjon
  • gjere greie for
    idégrunnlaget for økologisk landbruk og vurdere
    dette i eit miljø- og klimaperspektiv
  • beskrive
    og vurdere
    politiske mål, politiske verkemiddel og regelverk for økologisk landbruk
  • vurdere
    marknaden for økologiske produkt, og planleggje
    og utføre sal av eit produkt
  • planleggje
    , gjennomføre
    og vurdere
    bruk av ulike gjødselskjelder for ei økologisk driftseining
  • greie ut om generell jordøkologi og funksjonen til viktige jordorganismar og kva innverknad dei har på jordsmonnet, og vurdere
    jordprofil ut frå dette
  • treffe tiltak for å auke det biologiske mangfaldet og bindinga av karbon i jord, og beskrive
    omsetninga av organiske og uorganiske stoff i jord
  • beskrive
    kva faktorar som påverkar biologisk nitrogenfiksering hos belgvekstar, og rekne ut mengda nitrogen som belgvekstane tilfører
  • planleggje
    vekstskifte for eit økologisk gardsbruk med sikte på optimal effekt på jordstruktur, binding av karbon, næringsforsyning og plantevern
  • planleggje
    og utføre førebyggjande og direkte tiltak for å regulere ugras, skadedyr og plantesjukdommar i økologiske kulturar og vekstskifte
  • bruke
    , halde ved like og tilpasse maskiner og reiskapar i økologisk planteproduksjon, og lage ein mekaniseringsplan for ein økologisk gard
  • lage ein driftsplan for økologisk drift på eit gardsbruk i eit heilskapleg, langsiktig perspektiv

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering