Forsøk om vurdering i orden og åtferd utan karakter

Frå skoleåret 2023-24, skal om lag 80 skular delta i eit treårig nasjonalt forsøk med vurdering i orden og åtferd utan karakter. På sikt kan dette bli eit alternativ til dagens ordning med karakter.

Grunnlaget for vurdering i orden og åtferd er ordensreglementet til skolen. Læraren skal gjennomføre ei heilskapleg vurdering av ordenen og åtferda til eleven over ein lengre tidsperiode. Karakterskalaen skil seg frå vurdering i fag ved at eleven berre går ned i karakter. Karakteren kan likevel berre setjast ned frå god (G) til nokså god (Ng) ved klare avvik. Eller i ekstraordinære tilfelle til lite god (Lg) ved store avvik frå vanleg orden og åtferd.

Sjøv om det er overordna nasjonale føringar for utforminga av ordensreglementet til skolane, er det rom for store lokale variasjonar. Karakterane i orden og åtferd kan dermed vere uttrykk for ulike ting, avhengig av ordensreglementet til skolen og tolkinga av dette.

Formålet med vurdering i orden og åtferd er å fremje sosial læring, bidra til eit trygt og godt skolemiljø og gi informasjon om ordenen og åtferda til eleven.

Gjennom forsøket ønskjer vi å innhente kunnskap om vurdering i orden og åtferd utan karakter varetek dette formålet på ein betre måte enn dagens ordning med karakter.

NIFU (Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning) skal evaluere forsøket på oppdrag frå Udir, og deltaking i forsøket føreset eit samarbeid med forskingsmiljøet.

Skal vurderast på andre måtar

Sjølv om vi fjernar karakteren i forsøket, skal elevane framleis vurderast i både orden og åtferd. Skolane har ansvar for å vidareutvikle ein vurderingspraksis utan karakter i forsøksperioden, og utforske andre metodar å gi tilbakemelding til elevane som erstattar karakteren. Vi oppmodar deltakarane til å danne regionale og/eller lokale nettverk for samarbeid og erfaringsdeling dersom det er mogleg.

NIFU har forma ut forsøket i samarbeid med Udir, og delt inn deltakarskulane i tre tiltaksgrupper.

  • Tiltaksgruppe 1 skal (utover det som er kravet i forskrifta) gjennomføre samtalar mellom kontaktlærar og elev der det blir felles sett mål som blir jobba med fram til neste samtale. NIFU har laga forslag til kva elevsamtalane kan innehalde.
  • Tiltaksgruppe 2 skal (utover det som er kravet i forskrifta) gjennomføre elevsamtalar og i tillegg eit elevseminar der orden og åtferd er tema. Målet med seminaret er at elevar og lærarar oppnår ei felles forståing av ønskt orden og åtferd på skulen. NIFU har laga eit forslag til kva eit slikt seminar kan innehalde.
  • Tiltaksgruppe 3: Deltakarskolane har ansvar for å utforske og vidareutvikle ein vurderingspraksis som kan erstatte bruk av karakterar. Det er ikkje stilt krav til deltakarane i denne gruppa utover dei krava som følgjer av forskrifta.

Resultat frå prosjektet

Vi vil formidle resultat frå prosjektet undervegs i forsøksperioden. Første delrapport er planlagd i januar 2025, medan sluttrapporten er planlagd haust 2026

Webinar

24. januar gjennomførte Utdanningsdirektoratet eit webinar på Teams om forsøket. Du ser det nedanfor: