Alle barnehagar har fått kortstokken "Kortprat – en kort prat om rammeplanen". Her finn de alle korta frå Kortprat på nynorsk.

Kortprat er meint å inspirere dykk til å dykke ned i innhald og oppgåver i rammeplanen. Dei fleste korta er direkte knytt til rammeplanen, medan andre kort er tenkt som inspirasjon til samarbeid og felles refleksjon i personalgruppa.

De velgjer sjølve kva for kort de ønskjer å jobbe med i dykkar barnehage. Vi håper at korta kan støtte forståing og bruk av rammeplanen, og bidra til felles fagleg refleksjon i barnehagen.

Den trykte versjonen av Kortprat

Ulike måtar å bruke Kortprat på

  • Det kan vere planlagt på førehand kva kort de skal bruke, eller de kan trekkje tilfeldige kort frå bunken.
  • Vel ein kortmeister som får ansvaret for å styre tidsbruken, eventuelt velje ut kort, notere refleksjonar og tankar undervegs og stå for oppsummering.
  • Det er ingen fasitsvar, men sjå kva rammeplanen seier om det aktuelle temaet.

Refleksjonskort

Formålet med desse korta er at deltakarane skal reflektere over
innhald og oppgåver i rammeplanen.

Aktivitetskort 

Desse korta oppmodar deltakarane til å jobbe med innhald frå rammeplanen gjennom forslag til varierte oppgåver og øvingar.

Jokerkort

Desse korta beskriv ulike aktivitetar og øvingar som kan bidra til å styrkje samhald, teamarbeid, arbeidsmiljø og bedriftskultur.

Ønskjer de fleire eksemplar av Kortprat?