Læreplan i smedfaget Vg3 / opplæring i bedrift (SME3-01)

Utgår gradvis


Denne læreplanen utgår gradvis fra 1.8.2022

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Etter Vg3

Smedhandverk

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • planleggje og systematisere eige arbeid
  • bruke stål og metall som er eigna til ulike bruksområde
  • utføre stuking, bøying, strekking, kløyving og andre smiteknikkar
  • varmebehandle ulike ståltypar
  • lage hjelpeverktøy og bruke dei i produksjonen
  • montere maskiner, verktøy og utstyr i smia
  • lese og bruke tekniske teikningar
  • velje samanføyingsmetodar etter kva form og funksjon produktet skal ha
  • velje og dimensjonere materialet etter kva form og funksjon produktet skal ha
  • utføre ulike overflatebehandlingar av stål og metall
  • utføre eldre teknikkar i smedfaget
  • smi i tråd med gjeldande krav til restaureringsarbeid
  • lage ulike typar eggverktøy
  • smisveise på ulike måtar
  • gjere greie for og følgje gjeldande reglar for helse, miljø og tryggleik
  • vurdere eige arbeid i smedfaget

Design og produktutvikling

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • teikne, formgi og visualisere eige arbeid
  • bruke kunnskapar om estetikk og stilhistorie i eige smiarbeid
  • utvikle produkt med nye former og funksjonar
  • dokumentere eige arbeid med og utan digitale verktøy
  • gjere enkle marknadsundersøkingar og marknadsføre eigne smedprodukt og tenester

Side 6 Av 7

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!