Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift (RLV3-01)

Utgår gradvis


Denne læreplanen utgår gradvis fra 1.8.2022

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Hovudområde

Service- og vertskapsrolla

Hovudområdet omfattar det å ta vare på kunden i det heilskaplege reiselivsproduktet. Gjeste- og kundeorientering, produktkunnskap, etikk og samarbeid med andre reiselivsverksemder er sentrale delar av hovudområdet. Tverrkulturell kommunikasjon inngår også. Vidare dreiar det seg om formidling av produkt og tenester frå eiga verksemd og samarbeidande verksemder.

Sal og marknadsføring

Hovudområdet omfattar sal, meirsal og gjensal av produkt og tenester og vidareutvikling av desse. Vidare dekkjer hovudområdet skriftleg og munnleg kommunikasjon med kundar og samarbeidspartnarar ved formidling, presentasjonar og utarbeiding av marknadsføringsmateriell og heimeside.

Drift

Hovudområdet omfattar organisering av verksemda, samarbeidspartnarar og kjerneprodukta til verksemda. Vidare inngår daglege arbeidsoppgåver knytte til økonomi og rutinar og gjeldande regelverk.

Side 3 Av 7

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!