Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift (RLV3-01)

Utgår gradvis


Denne læreplanen utgår gradvis fra 1.8.2022

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Etter Vg3

Service- og vertskapsrolla

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • kommunisere munnleg og skriftleg med kundar og gjester, også på engelsk
  • bruke enkle formuleringar på eit anna framandspråk enn engelsk i møte med kundar og gjester
  • formidle produkt og tenester frå eiga verksemd og samarbeidande verksemder ut frå dei behova kunden har
  • yte service og tilpasse kommunikasjon, åtferd og klesdrakt i møte med kundar og gjester med ulik kulturbakgrunn og nasjonalitet
  • bruke ulike verkemiddel og hjelpemiddel ved formidling av aktivitetar og opplevingar i eiga verksemd og på destinasjonen
  • planleggje og gjennomføre aktivitetar og opplevingar i det heilskaplege reiselivsproduktet
  • formidle informasjon om turistattraksjonar og hovudtrekka i lokal og nasjonal kultur og historie
  • bruke ulike informasjonskjelder og kvalitetssikre informasjon til bruk i service- og vertskapsrolla
  • planleggje og gjennomføre reiselivsopplevingar etter gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik og ut frå omsyn til miljøet og kulturelle verdiar
  • formidle hovudtrekka i det heilskaplege reiselivsproduktet som verksemda inngår i

Sal og marknadsføring

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • identifisere og skildre dei viktigaste målgruppene for verksemda og deira behov
  • gjere greie for faktorar som kan påverke produktutviklinga i verksemda
  • gjere greie for hovudtrekka i marknadsplanane til verksemda
  • planleggje, utføre og dokumentere oppgåver i samsvar med aktivitetsplanane til verksemda
  • vurdere, velje og bruke verkemiddel i marknadsføringa av dei produkta bedrifta har, i samsvar med behova i marknaden, profilen til bedrifta og gjeldande regelverk
  • byggje, dokumentere og nytte kunderelasjonar i marknadsføringsarbeidet
  • initiere, gjennomføre og avslutte sal og meirsal
  • gjere greie for digitale tenester i verksemda og for utvikling av heimesida til verksemda
  • opptre i samsvar med etiske normer for sal og marknadsføring
  • bruke digitale hjelpemiddel ved sal og marknadsføring
  • utforme salsbrev og anna kommunikasjonsmateriell

Drift

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • fortelje om historia til verksemda, og gjere greie for mål, kjerneverksemd, satsingsområde, økonomi og organisering av verksemda
  • gjere greie for sin eigen arbeidsplass og si eiga rolle i verksemda
  • planleggje arbeidsdagen og utføre og vidareutvikle daglege rutinar i verksemda
  • samarbeide med andre aktørar for å sikre at kunden får ei heilskapleg reiselivsoppleving
  • vurdere korleis ulike faktorar kan påverke dei økonomiske resultata i verksemda
  • bruke kasse og betalingsterminalar, handtere kontantsummar, utføre oppgjersrutinar og gjere enkle valutaoverslag og kalkulasjonar
  • bruke kundehandteringssystema i verksemda ved bestillingar, endringar og avbestillingar
  • føre statistikkar og utarbeide rapportar i samsvar med dei behova verksemda har, og med gjeldande lovverk
  • bestille varer og tenester til verksemda
  • vurdere korleis den tilsette og verksemda kan medverke til ei berekraftig utvikling i eiga verksemd og i samfunnet
  • gjere greie for og arbeide i tråd gjeldande regelverk for reiselivsnæringa
  • vurdere samanhengar mellom eige arbeid, internt arbeidsmiljø, lønnsemd i avdelinga og kvalitet på reiselivsproduktet
  • gjere greie for og arbeide i tråd med rutinar i verksemda som skal sikre tryggleiken til dei tilsette og verdiane i verksemda
  • arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforhold i reiselivsfaget, og gjere greie for kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har

Side 6 Av 7

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!