Etter 7. årssteget
Mat og livsstil
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne- lage trygg og ernæringsmessig god mat, og forklare kva plass dei ulike matvaregruppene har i kosthaldet
- forklare korleis maten verkar som energikjelde og byggjemateriale for kroppen
- samtale om tilrådingane for eit sunt kosthald frå helsestyresmaktene, og gi døme på samanhengen mellom kosthald, helse og livsstil
- finne oppskrifter i ulike kjelder
- bruke rekning for å auke eller redusere mengda i oppskrifter, prøve dei ut og vurdere resultatet
- følgje oppskrifter
- diskutere kva mattryggleik og trygg mat inneber
Mat og forbruk
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne- diskutere produktinformasjon og reklame for ulike matvarer
- vurdere, velje og handle miljøbevisst
- utvikle, lage og presentere eit produkt
- samtale om industriprodusert mat og mat produsert i storhushald
Mat og kultur
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne- lage mat frå ulike kulturar
- vurdere kva god måltidsskikk inneber
- lage samisk mat og gjere greie for nokre trekk ved samisk matkultur
- lage mat i naturen og bruke naturen som ressurs
Side 7 Av 9