Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur (KDA6-01)

Utgått


Denne læreplanen er utgått.

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 12. januar 2016 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 2017-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2022-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Foto og grafikk skal medverke til kunnskap om ulike former for grafiske uttrykk som vi møter på ulike arenaer. Ulike trykkemetodar og digitale verkty gjer det mogleg å reprodusere og publisere tekst og bilete raskt og enkelt, noko som stiller krav til auka forståing for etiske problemstillingar knytt til visuell kommunikasjon i fotografiske uttrykk og grafisk design.

Opplæringa i faget skal gi grunnlag for utforsking og fordjuping innan kreative og målretta prosessar. Møte med foto og grafikk av sentrale utøvarar, både kunstnarar og handverkarar, skal gje elevane inspirasjon til eiga utvikling.

Gjennom samarbeid og individuelt arbeid skal det leggjast til rette for utforsking og eksperimentering med ulike teknikkar, materiale og tema i fotografiske uttrykk og grafisk design.

Struktur

Foto og grafikk 2 byggjer på foto og grafikk 1.

Programfaget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Programfag

Hovudområde

Foto og grafikk 1

Foto og grafisk uttrykk

Teknikk og materiale

Foto og grafisk uttrykk i det offentlege rom

Foto og grafikk 2

Foto og grafisk uttrykk

Teknikk og materiale

Foto og grafisk uttrykk i det offentlege rom

Hovudområde

Foto og grafiske uttrykk

Hovudområdet omfattar foto og grafikk som kunstuttrykk, illustrasjon, dokumentasjon, reportasje, typografi og grafisk design. Arbeide med visuelle verkemiddel og komposisjon i skapande arbeid er med. Utforskande praktisk arbeid og refleksjon gjennom kreative og målretta prosessar inngår i hovudområdet. Utarbeiding av uttrykk tilpassa ulike medium høyrer med.

Teknikk og materiale

Hovudområdet omfattar både manuelle, grafiske teknikkar og digitale trykkjeprosessar på ulike underlag. Bruk av ulike fotografiske teknikkar, bearbeiding av motiv og overføring til trykk i eige kunstnarisk arbeid inngår i faget. Behandling av utstyr og bruk av materiale i samsvar med retningslinene for helse, miljø og sikkerheit høyrer med i hovudområdet.

Foto og grafiske uttrykk i det offentlege rom

Hovudområdet omfattar analyse av foto og grafikk knytt til kunstnariske uttrykk og grafisk design for ulike føremål. Forståing for ulike former for grafiske produkt, deira uttrykk og innhald knytte til kommunikasjon gjennom tekst og bilete, høyrer med. Særtrekk i grafiske uttrykk frå ulike tradisjonar og kulturar og kjennskap til arbeid av sentrale og aktuelle grafikarar, illustratørar, fotografar og grafiske designarar er med.

Timetal

Timetalet er oppgitt i einingar på 60 minutt.

Foto og grafikk 1: 140 årstimar

Foto og grafikk 2: 140 årstimar

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetanse og er ein del av han. I foto og grafikk forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Munnlege ferdigheiter i foto og grafikk inneber å bruke fagterminologi i samband med arbeid i verkstad og studio, og å bruke fagomgrep i samtalar, presentasjonar og diskusjonar om eigne og andre sine arbeid.

Å kunne skrive i foto og grafikk inneber å bruke teikn, bilete og symbol i visuelle uttrykk, og ved utarbeiding av faglege tekstar for presentasjonar.

Å kunne lese i foto og grafikk inneber å undersøkje, tolke og bruke informasjon og faglitteratur om bilete og tekst.

Å kunne rekne i foto og grafikk inneber å analysere og berekne form, proporsjonar og målestokk i komposisjonar for ulike digitale og trykte format.

Digitale ferdigheiter i foto og grafikk inneber å kunne bruke teknisk utstyr, digitale verktøy og tilgjengeleg programvare i skapande arbeid, layout, presentasjon og kommunikasjon.

Kompetansemål

Foto og grafikk 1

Foto og grafiske uttrykk

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for og bruke visuelle verkemiddel i arbeid med foto og grafiske uttrykk
  • bruke skrift som formelement i visuelle uttrykk
  • bruke skisser, foto og skrift i arbeid med illustrasjonar
  • utarbeide design og layout for ulike formål og medium
  • overføre og omarbeide bilete ved hjelp av digitale verktøy
  • montere, ferdigstille og dokumentere eige grafisk arbeid og følgje rutinar for signering

Teknikk og materiale

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • skape eigne uttrykk ved å bruke manuelle, grafiske trykkteknikkar og ulike digitale verktøy
  • utføre trykk på ulike underlag og vurdere resultatet
  • beskrive ulike innstillingar i eit kamera og bruke dei som verkemiddel i eige arbeid med foto
  • planleggje og gjere greie for samanhengen mellom eigne idear, val av reiskap og teknikk som er knytte til mangfaldiggjering i arbeid med foto og layout for trykk
  • bruke ulike filformat, oppløysing og komprimering av bilete tilpassa ulike medium
  • bruke materiale, verktøy og utstyr i tråd med retningslinjer for helse, miljø og sikkerheit

Foto og grafiske uttrykk i det offentlege rom

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • bruke enkle analysemodellar som grunnlag for å tolke ulike grafiske uttrykk
  • gjere greie for foto som dokumentasjon, reportasje, illustrasjon, kunstuttrykk og reklame
  • bruke døme frå arbeid av kunstnarar og utøvarar som inspirasjon til eige arbeid
  • drøfte rolla til det masseproduserte biletet i det offentlege rom
  • gjere greie for etiske problemstillingar innan visuell kommunikasjon
  • bruke ulike kjelder og følgje reglar for kjeldebruk og kreditering

Foto og grafikk 2

Foto og grafiske uttrykk

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • bruke og vurdere komposisjon og visuelle verkemiddel i arbeid med foto og grafikk for å skape eige kunstnarisk uttrykk
  • bruke og vurdere samanhengen mellom tekst, skrift og bilete til ulike føremål
  • bruke analoge og digitale medium i visuell kommunikasjon og dokumentere eigen prosess fram til eit produkt
  • utvikle og drøfte idear og design relaterte til ulike tema og kontekstar og vurdere resultatet
  • uttrykkje bodskap gjennom enkeltbilete og seriar i visuelt arbeid
  • tilpasse og presentere eige arbeid til eigna digitale plattformer og utstillingslokale

Teknikk og materiale

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • vurdere samanhengen mellom materiale, teknikk og grafiske verkemiddel for å framheve bodskapen i eige uttrykk
  • utforske og bruke ulike fotografiske teknikkar i arbeid med ulike visuelle uttrykk
  • bruke føremålstenlege tekniske løysingar i arbeid med grafisk design og layout for trykk
  • gjere greie for retningslinjer for helse, miljø og sikkerheit knytt til arbeid med materiale, verktøy og utstyr

Foto og grafiske uttrykk i det offentlege rom

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • forklare og bruke modellar i analyse og vurdering av eige og andre sitt arbeid med grafiske kunstuttrykk, ulike fotografiske uttrykk og grafiske designprodukt
  • drøfte visuelle uttrykk knytte til ulike kontekstar og målgrupper
  • gjere greie for foto og grafiske uttrykk i eit etisk perspektiv
  • beskrive arbeida til sentrale og aktuelle grafikarar, fotografar, illustratørar og grafiske designarar og plassere dei i eit historisk og samtidig perspektiv
  • gjere greie for lov om opphavsrett og etiske reglar om personvern og følgje dei

Vurdering

Føresegner for sluttvurdering:

Standpunktvurdering

Programfag

Ordning

Foto og grafikk 1

Elevane skal ha standpunktkarakter

Foto og grafikk 2

Elevane skal ha standpunktkarakter

Eksamen for elevar

Programfag

Ordning

Foto og grafikk 1

Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Foto og grafikk 2

Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Eksamen for privatistar

Programfag

Ordning

Foto og grafikk 1

Privatistane skal opp til praktisk eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Foto og grafikk 2

Privatistane skal opp til praktisk eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!