Læreplan i samisk visuell kultur - valfritt programfag i studiespesialiserande utdanningsprogram, programområde for formgjevingsfag (FOR6-01)

Utgått


Denne læreplanen er utgått.

Fastsett som forskrift av Sametinget 18.10.2007 med heimel i lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 6-4 andre ledd.

Gjelder fra: 2007-10-18T00:00:00 +2

Gjelder til: 2018-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Samisk visuell kultur har lange tradisjonar og er eit viktig identitetsskapande element. Programfaget skal sikre samiske visuelle tradisjonar og medverke til utvikling av samiske visuelle uttrykksformer. Vidare skal programfaget leggje grunnlag for samiske visuelle uttrykksformer i eit mangfaldig kunst- og kulturliv.

Programfaget skal medverke til kunnskap om ulike problemstillingar knytte til samisk visuell kultur. Programfaget skal også medverke til kunnskap om kva rolle, form og praksis visuelle uttrykk har hatt og har i samisk kulturliv. Vidare skal programfaget medverke til å utvikle bruken av samiske visuelle uttrykk i ulike samanhengar.

Opplæringa skal leggje til rette for praktisk arbeid med ulike visuelle uttrykksformer og teknikkar i samisk visuell kultur. Opplæringa skal også leggjast til rette slik at eleven får høve til ulike opplevingar og inspirasjon gjennom arbeid med samiske og andre urfolks uttrykksformer.

Struktur

Programfaget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Programfag

Hovudområde

Samisk visuell kultur

Samiske visuelle uttrykk

Samisk visuell kultur og samfunn

Hovudområde

Samiske visuelle uttrykk

Hovudområdet samiske visuelle uttrykk omfattar samisk visuell kultur gjennom tidene og fram til i dag. Hovudområdet omfattar også sentrale endringar i samisk visuell kultur. Vidare handlar hovudområdet om kva meiningsinnhald naturgitte og menneskeskapte objekt har i den åndelege og visuelle kulturen.

Samisk visuell kultur og samfunn

Hovudområdet samisk visuell kultur og samfunn handlar om objekt og praksisar som viser kva for materiale, teknikkar og symbol som har vore brukte i samisk daglegliv, og som i dag kjem til uttrykk i klestradisjonar, utsmykking og visuell kunst. Hovudområdet handlar også om samisk samtidskunst, både som del av den samiske visuelle kulturen og som del av ei global kunstverd.

Timetal

Timetal

Timetalet er oppgjeve i einingar på 60 minutt.

Samisk visuell kultur: 140 årstimar

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla, der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I formgjevingsfag forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg i formgjevingsfag inneber å bruke fagterminologi i samband med arbeid i verkstad og bruke fagomgrep i samtalar, presentasjonar og diskusjon om eige og andres arbeid.

Å kunne uttrykkje seg skriftleg i formgjevingsfag inneber å bruke teikn, bilete og symbol i visuelle uttrykk. Skriftleg og visuell kompetanse blir utvikla når fakta, idear og haldningar blir omsette til teikn.

Å kunne lese i formgjevingsfag inneber å undersøkje, tolke og bruke informasjon frå tekst og estetiske uttrykk i bilete, arkitektur, design og bruksform. Det vil òg seie å nytte medium, arkiv, samlingar, bibliotek og røynsle frå arbeid i verkstad til å auke den faglege forståinga.

Å kunne rekne i formgjevingsfag inneber å berekne målestokk, form, proporsjonar, volum og dimensjonar i produktutvikling. Det er òg sentralt i samband med geometri, perspektivteikning og aksonometri.

Å kunne bruke digitale verktyg i formgjevingsfag inneber å bruke informasjonsteknologi knytt til skapande arbeid, visuell kommunikasjon, layout, presentasjon og dokumentasjon.

Kompetansemål

Samisk visuell kultur

Samiske visuelle uttrykk

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for visuelle uttrykk og objekt frå samisk kultur gjennom tidene og fram til i dag
  • drøfte objekt frå samisk visuell kultur med tanke på tid, rom, stad, symbolbruk, teknikkar, materiale og samanheng med andre objekt
  • skape eigne kreative uttrykk med bakgrunn i kunnskap om den samiske visuelle kulturen, både den historiske kulturen og samtidskulturen

Samisk visuell kultur og samfunn

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • drøfte forholdet mellom samisk visuell kultur og åndelegheit med utgangspunkt i objekt og former i naturen
  • drøfte forholdet mellom samisk visuell kultur og samfunnsutviklinga
  • undersøkje om og vurdere korleis samisk visuell kultur kjem til uttrykk i eit nærmiljø
  • drøfte korleis samisk visuell kultur skil seg frå andre visuelle kulturar
  • gjere greie for bruk og symbolikk i tradisjonelle samiske klede og i nye samiske klesuttrykk
  • gjere greie for etableringa av samiske kunstinstitusjonar i 1970-talet og samisk kunstutvikling

Vurdering

Føresegner for sluttvurdering:

Standpunktvurdering

Programfag

Ordning

Samisk visuell kultur

Elevane skal ha standpunktkarakter.

Eksamen for elevar

Programfag

Ordning

Samisk visuell kultur

Elevane kan trekkjast ut til munnleg-praktisk eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Eksamen for privatistar

Programfag

Ordning

Samisk visuell kultur

Privatistane kan trekkjast ut til munnleg-praktisk eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!