Læreplan i trykk og foto - valfritt programfag i studiespesialiserande utdanningsprogram, programområde for formgjevingsfag (FOR5-01)

Utgått


Denne læreplanen er utgått.

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 24. mars 2006 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 2006-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2018-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Programfaget gjev grunnlag for å forstå kor viktig trykkteknikken og fotografiet er som eigne uttrykksmiddel og som uttrykk for kulturstraumar. Trykkjemetodar har gjort det mogleg å mangfalde tekst og bilete på ein effektiv måte. Programfaget har òg eit kunstnarleg perspektiv der personleg uttrykk står i sentrum.

Gjennom skapande arbeid med foto, trykk og grafiske teknikkar skal den einskilde få høve til å utvikle eige uttrykk og kunnskap om og ferdigheit innan visuell kommunikasjon.

Opplæringa i programfaget skal pregast av utprøving av materiale, teknikkar og arbeidsmåtar i verkstader. Møte med foto og trykk av sentrale utøvarar, både kunstnarar og handverkarar, vil òg kunne vere eit viktig korrektiv og inspirasjon til eiga verksemd.

Struktur

Programfaget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Programfag

Hovudområde

Trykk og foto

Grafisk uttrykk

Teknikk og materiale

Foto, grafikk og samfunn

Hovudområde

Grafisk uttrykk

Hovudområdet grafisk uttrykk omfattar grafiske verkemiddel som blir nytta i skapande arbeid. Teikning, foto, skrift og digitale verktøy står sentralt. Overføringsmetodar frå bilete til grafisk uttrykk er vesentleg i hovudområdet. Utarbeiding av layout for ulike formål høyrer òg med.

Teknikk og materiale

Hovudområdet teknikk og materiale omfattar trykkjeprosessar på ulike underlag og teknikkar for overføring av motiv til trykk. Fotografiske teknikkar og reproduksjon står sentralt. Bruk av miljøvennleg materiale og utstyr er òg med i hovudområdet.

Foto, grafikk og samfunn

Hovudområdet foto, grafikk og samfunn omfattar foto som reportasje, dokumentasjon og kunstuttrykk, og rolla til det masseproduserte biletet i samfunnsdebatten. Særtrekk i grafiske uttrykk frå ulike kulturar er sentralt i hovudområdet. Bokkunst, illustrasjon og arbeid av sentrale grafikarar, grafiske designarar og tekstilkunstnarar høyrer med.

Timetal

Timetalet er oppgjeve i einingar på 60 minutt.

Trykk og foto: 140 årstimar

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla, der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I formgjevingsfag forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg i formgjevingsfag inneber å bruke fagterminologi i samband med arbeid i verkstad og bruke fagomgrep i samtalar, presentasjonar og diskusjon om eige og andres arbeid.

Å kunne uttrykkje seg skriftleg i formgjevingsfag inneber å bruke teikn, bilete og symbol i visuelle uttrykk. Skriftleg og visuell kompetanse blir utvikla når fakta, idear og haldningar blir omsette til teikn.

Å kunne lese i formgjevingsfag inneber å undersøkje, tolke og bruke informasjon frå tekst og estetiske uttrykk i bilete, arkitektur, design og bruksform. Det vil òg seie å nytte medium, arkiv, samlingar, bibliotek og røynsle frå arbeid i verkstad til å auke den faglege forståinga.

Å kunne rekne i formgjevingsfag inneber å berekne målestokk, form, proporsjonar, volum og dimensjonar i produktutvikling. Det er òg sentralt i samband med geometri, perspektivteikning og aksonometri.

Å kunne bruke digitale verktøy i formgjevingsfag inneber å bruke informasjonsteknologi knytt til skapande arbeid, visuell kommunikasjon, layout, presentasjon og dokumentasjon.

Kompetansemål

Trykk og foto

Grafisk uttrykk

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • bruke ulike visuelle verkemiddel i skapande arbeid
  • bruke teikning, foto og skrift i arbeid med å utvikle trykk
  • bruke og vurdere valør og farge, flate og romlege verkemiddel i grafiske uttrykk
  • manipulere og overføre bilete ved hjelp av digitale verktøy
  • dokumentere eige grafisk arbeid og følgje rutinar for signering
  • utarbeide layout for ulike føremål

Teknikk og materiale

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • planleggje og utføre ulike former for trykk
  • vurdere om idear, skisser og teikningar eignar seg for reproduksjon
  • bruke ulike teknikkar i overføring av motiv til trykk
  • utføre trykk på ulike underlag og vurdere resultatet
  • bruke ulike fotografiske teknikkar rett
  • bruke materiale og utstyr i tråd med retningsliner for helse, miljø og sikkerheit

Foto, grafikk og samfunn

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for rolla til det masseproduserte biletet i samfunnsdebatten
  • vurdere foto som reportasje, dokumentasjon og kunstuttrykk
  • presentere sentrale verk innanfor bokkunst og illustrasjon
  • karakterisere arbeid av sentrale grafikarar, fotografar, grafiske designarar og tekstilkunstnarar
  • presentere særtrekk i grafiske arbeid frå ulike kulturar

Vurdering

Føresegner for sluttvurdering:

Standpunktvurdering

Programfag

Ordning

Trykk og foto

Elevane skal ha standpunktkarakter.

Eksamen for elevar

Programfag

Ordning

Trykk og foto

Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Eksamen for privatistar

Programfag

Ordning

Trykk og foto

Privatistane skal opp til praktisk eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!