Læreplan i scenografi og kostyme - valfritt programfag i studiespesialiserande utdanningsprogram, programområde for formgjevingsfag (FOR4-01)

Utgått


Denne læreplanen er utgått.

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 24. mars 2006 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 2006-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2018-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Scenografi og kostyme blir nytta på ulike måtar i arrangement og oppsetjingar. Kunnskap om korleis scenografi og kostyme kommuniserer visuelt, er ein sentral del av den kulturelle kompetansen.

Programfaget skal gjere det mogleg for den einskilde å skape eigne uttrykk og utvikle evna til å planleggje, produsere og gjennomføre prosjekt knytte til ulike arrangement. Programfaget skal òg medverke til å utvikle kunnskap om samanhengen mellom føremål og verkemiddel.

Programfaget kan knytast til oppsetjingar, revyar og presentasjonar i skule og lokalsamfunn. I slike arrangement er det naturleg å samarbeide med idrett og kunstartar som musikk, dans og drama. Elevane får høve til å lage scenografi og kostyme for slike oppsetjingar.

Struktur

Faget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Programfag

Hovudområde

Scenografi og kostyme

Scenerom

Kostyme

Stilhistorie

Hovudområde

Scenerom

Hovudområdet scenerom omfattar utforming av modellar av scenerom og produksjon av enkle sceneoppsetjingar. Korleis lys, farge og komposisjon verkar inn på bodskapen og uttrykket til scenerommet, er sentralt. Planlegging og utforming av scenografi for digital produksjon høyrer med. Val av materiale og teknikkar står sentralt.

Kostyme

Hovudområdet kostyme omfattar enkel design og produksjon av kostyme. Val av materiale, teknikkar og farge i klede og kostyme står sentralt. Sminke, kostyme og rekvisittar som del av scenerommet er med i hovudområdet.

Stilhistorie

Hovudområdet stilhistorie omfattar stiluttrykk i klede, møblar og gjenstandar frå ulike kulturar og epokar og sceniske verkemiddel frå ulike epokar. Studie av scenografi for større arrangement er òg ein del av hovudområdet.

Timetal

Timetalet er oppgjeve i einingar på 60 minutt:

Scenografi og kostyme: 140 årstimar

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla, der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I formgjevingsfag forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg i formgjevingsfag inneber å bruke fagterminologi i samband med arbeid i verkstad og bruke fagomgrep i samtalar, presentasjonar og diskusjon om eige og andres arbeid.

Å kunne uttrykkje seg skriftleg i formgjevingsfag inneber å bruke teikn, bilete og symbol i visuelle uttrykk. Skriftleg og visuell kompetanse blir utvikla når fakta, idear og haldningar blir omsette til teikn.

Å kunne lese i formgjevingsfag inneber å undersøkje, tolke og bruke informasjon frå tekst og estetiske uttrykk i bilete, arkitektur, design og bruksform. Det vil òg seie å nytte medium, arkiv, samlingar, bibliotek og røynsle frå arbeid i verkstad til å auke den faglege forståinga.

Å kunne rekne i formgjevingsfag inneber å berekne målestokk, form, proporsjonar, volum og dimensjonar i produktutvikling. Det er òg sentralt i samband med geometri, perspektivteikning og aksonometri.

Å kunne bruke digitale verktøy i formgjevingsfag inneber å bruke informasjonsteknologi knytt til skapande arbeid, visuell kommunikasjon, layout, presentasjon og dokumentasjon.

Kompetansemål

Scenografi og kostyme

Scenerom

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • utforme modellar i målestokk av scenerom til tenkte arrangement
  • planleggje og produsere enkle sceneoppsetjingar
  • vurdere korleis kvitt og farga lys verkar inn på uttrykket til scenerommet
  • planleggje og utforme scenografi for digital produksjon
  • bruke form, farge, komposisjon og materiale til å formidle ein bodskap

Kostyme

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • designe og produsere enkle kostyme
  • lage skisser til presentasjon av kostyme
  • vurdere val av farge og materiale i klede og kostyme
  • bruke enkel mønsterkonstruksjon og ulike samanføyingsteknikkar
  • vurdere verkemidla sminke, kostyme og rekvisittar som kommunikasjon i scenerommet
  • lage enkle masker til ei tenkt oppsetjing

Stilhistorie

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • karakterisere særtrekk ved klede, møblar og gjenstandar frå ulike epokar og kulturar
  • analysere og samanlikne sceniske uttrykk og verkemiddel i filmar frå ulike epokar
  • karakterisere særtrekk ved design av større arrangement

Vurdering

Føresegner for sluttvurdering:

Standpunktvurdering

Programfag

Ordning

Scenografi og kostyme

Elevane skal ha standpunktkarakter.

Eksamen for elevar

Programfag

Ordning

Scenografi og kostyme

Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Eksamen for privatistar

Programfag

Ordning

Scenografi og kostyme

Privatistane skal opp til praktisk eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!