Læreplan i visuell kultur og samfunn - valfritt programfag i studiespesialiserande utdanningsprogram, programområde for formgjevingsfag (FOR3-01)

Utgått


Denne læreplanen er utgått.

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 24. mars 2006 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 2006-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2018-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Kunnskap om kva rolle kunst, design og arkitektur spelar i ulike kulturar, epokar og samfunn, er avgjerande for å forstå si eiga tid og ulike ytringar. Global distribusjon av bilete gjennom TV og Internett har auka behovet for kunnskap om eigen og andres visuelle kultur. Visuell kultur er ein sentral del av den kulturelle kompetansen.

Visuell kultur og samfunn skal stimulere til kulturforståing og evne til analyse og kritisk tenking om kunst, design, arkitektur og omgjevnader. Programfaget skal leggje grunnlag for forståing av samspelet mellom samfunnskreftene og den menneskelege faktoren i visuell kommunikasjon. Programfaget skal vidare medverke til å utvikle kunnskap om kultur, estetisk vurderingsevne og medvit om den rolla formkultur har i ulike samfunn. Dette kan medverke til personleg utvikling og auke gleda i møte med kunst, design og arkitektur.

Opplæringa i programfaget skal ta utgangspunkt i konkrete døme på kunst, design og arkitektur, og setje dette inn i ein kulturell og samfunnsmessig samanheng. Visuell kultur i lokalmiljøet kan medverke til å gjere innhaldet i programfaget levande. Samtidsarenaer for kunstoppleving og bevaring, utvikling og formidling av kultur kan vere ei viktig kjelde til innsikt i kunst- og formuttrykk i fortid og notid.

Struktur

Programfaget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Programfag

Hovudområde

Visuell kultur og samfunn

Kunst og samfunn

Design og samfunn

Arkitektur og samfunn

Hovudområde

Kunst og samfunn

Hovudområdet kunst og samfunn handlar om kunst i eit samfunnsmessig perspektiv, nasjonalt og internasjonalt. Det handlar òg om samanhengen mellom sentrale verk i kunsthistorie og religion, estetikk, rådande idear og politikk. Samtidskunst blir utdjupa i lys av historia og notida. Kunst- og kulturkritikk står òg sentralt i hovudområdet, og fagterminologi og tolking av ulike kunstuttrykk er vesentleg.

Design og samfunn

Hovudområdet design og samfunn handlar om design og handverkstradisjon i eit samfunnsmessig perspektiv, nasjonalt og internasjonalt. Korleis tradisjon har påverka nyare formuttrykk, står òg sentralt. Det er lagt vekt på samanhengen mellom formuttrykk på den eine sida og individ, behov, teknologi og masseproduksjon på den andre sida. Tilhøve knytt til estetiske uttrykk, kvalitet og merkevarebygging er ein del av hovudområdet. Hovudområdet tek opp etiske og økologiske tilhøve og formgjeving for ulike brukargrupper.

Arkitektur og samfunn

Hovudområdet arkitektur og samfunn handlar om arkitektur og omgjevnader i eit samfunnsmessig perspektiv, nasjonalt og internasjonalt. Samanheng mellom byggjeskikk, arkitektur og ideologi er vesentleg. Prosessar i byggjesaker og problematikk kring bevaring, omforming og utvikling blir teke opp i hovudområdet. Omsyn til brukarar, miljø, funksjon, etikk og økologi står sentralt.

Timetal

Timetalet er oppgjeve i einingar på 60 minutt.

Visuell kultur og samfunn: 140 årstimar

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla, der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I formgjevingsfag forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg i formgjevingsfag inneber å bruke fagterminologi i samband med arbeid i verkstad og bruke fagomgrep i samtalar, presentasjonar og diskusjon om eige og andres arbeid.

Å kunne uttrykkje seg skriftleg i formgjevingsfag inneber å bruke teikn, bilete og symbol i visuelle uttrykk. Skriftleg og visuell kompetanse blir utvikla når fakta, idear og haldningar blir omsette til teikn.

Å kunne lese i formgjevingsfag inneber å undersøkje, tolke og bruke informasjon frå tekst og estetiske uttrykk i bilete, arkitektur, design og bruksform. Det vil òg seie å nytte medium, arkiv, samlingar, bibliotek og røynsle frå arbeid i verkstad til å auke den faglege forståinga.

Å kunne rekne i formgjevingsfag inneber å berekne målestokk, form, proporsjonar, volum og dimensjonar i produktutvikling. Det er òg sentralt i samband med geometri, perspektivteikning og aksonometri.

Å kunne bruke digitale verktøy i formgjevingsfag inneber å bruke informasjonsteknologi knytt til skapande arbeid, visuell kommunikasjon, layout, presentasjon og dokumentasjon.

Kompetansemål

Visuell kultur og samfunn

Kunst og samfunn

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • analysere og samanlikne nokre sentrale verk frå kunsthistoria og samtida, nasjonalt og internasjonalt
  • gjere greie for samanhengen mellom kunst, politikk og idéhistorie i ulike epokar
  • vurdere utstillingar og nettbaserte kunstpresentasjonar
  • bruke fagterminologi i tolking, vurdering og formidling av kunst
  • vurdere bruk av bilete, grafikk, foto, film og moderne visuelle medium i eit samfunnsperspektiv
  • gjere greie for reglar for opphavsrett
  • gje døme på rolla og vilkåra til kunstnarar i ulike tider og samfunn

Design og samfunn

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • analysere og samanlikne nokre sentrale verk frå designhistoria og samtida, nasjonalt og internasjonalt
  • gjere greie for samanhengen mellom tradisjon, design og nyvinningar knytte til materiale, teknologi og masseproduksjon
  • gje døme på korleis design blir brukt i merkevarebygging
  • vurdere særtrekk ved ulike designprogram
  • vurdere design i høve til etikk, estetikk, funksjon og økologi

Arkitektur og samfunn

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • analysere og samanlikne nokre sentrale verk frå arkitekturhistoria og samtida, nasjonalt og internasjonalt
  • gjere greie for samanheng mellom byggjeskikk, arkitektur og ulike verdiar
  • vurdere byggjeprosjekt med utgangspunkt i teikningar og modellar
  • gjere greie for lovgjeving om kulturminnevern i høve til byutvikling, landskapsomforming, industrialisering og krigshandlingar
  • fremje eigne synspunkt på utvikling av tettstader, byer, vegar og landskap
  • vurdere brukarmedverknad, funksjon, økologi og etikk i arkitektur og miljøutforming
  • gjere greie for faktorar som ligg til grunn for utforming av arkitektur og omgjevnader

Vurdering

Visuell kultur og samfunn

Føresegner for sluttvurdering:

Standpunktvurdering

Programfag

Ordning

Visuell kultur og samfunn

Elevane skal ha standpunktkarakter.

Eksamen for elevar

Programfag

Ordning

Visuell kultur og samfunn

Elevane kan trekkjast ut til skriftleg eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Eksamen for privatistar

Programfag

Ordning

Visuell kultur og samfunn

Privatistane skal opp til skriftleg eksamen.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!