Programområde for blomsterdekoratør - Læreplan i felles programfag Vg2 (BLD2-01)

Utgått


Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 11. januar 2007 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

Gjelder fra: 01.08.2007

Gjelder til: 31.07.2018

Føremål

Blomsterdekoratørfaget byggjer på ei tusenårig historie. Programfaga fører vidare gamle teknikkar i nye uttrykk. Opplæringa skal medverke til å dekkje behovet for produkt som kan skape vakker og stemningsfull design i kvardagen og ei verdig, stiltilpassa og personleg ramme for store hendingar i livet.

Opplæringa skal medverke til å utvikle kompetanse for å planleggje og framstille aktuelle faglege produkt med harmonisk heilskap, tilpassa til formål, sesong og kunden sine behov. Opplæringa skal medverke til å skape respekt for eige fag og forståing for estetiske og etiske problemstillingar knytte til ulike kulturar og tradisjonar i lokalt, nasjonalt og internasjonalt perspektiv. For å medverke til berekraftig utvikling skal opplæringa fremje forståing av marknadsmekanismar, ressursforvaltning og helse, miljø og tryggleik.

Opplæringa i faget skal leggje vekt på grunnleggjande praktisk arbeid med materiale og teknikkar. Opplæringa skal medverke til å utvikle handverksmessige kunnskapar og ferdigheiter, teoretisk forståing og evne til kritisk refleksjon.Vurdering av eige arbeid inngår.

Struktur

Programområde for blomsterdekoratør består av to programfag. Programfaga utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Oversikt over programfaga:

Årssteg

Programfag

Vg2

Produksjon

Produktutvikling

Omtale av programfaga

Produksjon

Programfaget handlar om framstilling av blomsterprodukt og tenester ved å bruke aktuelle uttrykk og teknikkar. Dette inneber planlegging og gjennomføring av praktisk produksjon i blomsterdekoratørfaget. Utvikling av handverksferdigheiter og teknikkar og bruk av reiskapar i arbeid med botanisk materiale er sentralt. Kreativitet, nytenking og medvit om estetiske normer inngår i utforming av design og i val av arbeidsmetodar. Forholdet mellom form, farge og eigenskapar ved materiala inngår i programfaget. I programfaget inngår også rutinar for helse, miljø og tryggleik knytte til arbeidet med blomster.

Produktutvikling

Programfaget handlar om planlegging og utvikling av produkt og tenester i blomsterdekoratørfaget. Dokumentasjon, presentasjon, kvalitetssikring og vurdering av eigne blomsterprodukt og eigen arbeidsprosess inngår. Kvalitetssikring inneber kommunikasjon om og presentasjon av eigne produkt. Forholdet mellom marknad, økonomi og produksjon er element i faget. Programfaget handlar også om etiske problemstillingar og gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik. Bruk av digitale verktøy inngår i programfaget.

Timetal

Timetal er oppgitt i einingar på 60 minutt.

Vg2

Produksjon 337 årstimar

Produktutvikling 140 årstimar

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I blomsterdekoratørfaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i blomsterdekoratørfaget inneber å uttrykkje seg visuelt og verbalt om design, komposisjon, arbeidsprosessar, produkt og tenester. Det inneber å bruke fagterminologi i kommunikasjon med kundar, kollegaer og leverandørar og å delta i faglege diskusjonar.

Å kunne lese i blomsterdekoratørfaget inneber å tolke skriftleg og visuelt språk. Det inneber å forstå og bruke arbeidsteikningar med teikn og symbol. Det inneber vidare å forstå og reflektere over aktuell faglitteratur.

Å kunne rekne i blomsterdekoratørfaget inneber å kalkulere kostnader for varer og tenester og forstå proporsjonar og geometriske to- og tredimensjonale grunnformer.

Å kunne bruke digitale verktøy i blomsterdekoratørfaget inneber å hente inn informasjon og eksperimentere med form, farge og komposisjon. Vidare inneber det å utvikle faglege produkt og tenester og dokumentere eige arbeid og eigen kompetanse.

Kompetansemål

Produksjon

Produksjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • planleggje, gjennomføre og vurdere eige grunnleggjande arbeid med ulike råvarer
  • analysere person, rom, underlag og føremål på bakgrunn av samanheng og stilhistorie, og grunngi val av fagleg arbeid
  • eksperimentere med levande materiale og stilar, uttrykk, teknikkar og reiskapar
  • lage faglege produkt i ulike stilar, uttrykk og teknikkar relaterte til ulike kulturar
  • vurdere og analysere ulike faglege produkt i lys av stilhistoria, tradisjonane og historia til handverket
  • bruke materiale på økonomisk måte
  • analysere botaniske materiale og deira eigenskapar som grunnlag for å lage faglege produkt i ulike stilar og uttrykk
  • bruke verktøy, materiale og teknikkar på føremålstenleg og forsvarleg måte
  • utføre arbeidsprosessar i samsvar med etiske og estetiske normer i faget
  • dokumentere, grunngi og vurdere eigen produksjon, knytt til kriteria for kvalitet, ønske frå kunden, helse, miljø og tryggleik, tid og økonomi

Produktutvikling

Produktutvikling

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • konkretisere og grunngi idé, design og arbeidsprosess i eige arbeid med blomster, som grunnlag for kommunikasjon med kundar og kollegaer
  • lage og bruke arbeidsteikningar, skisser og annan visuell informasjon
  • gjere greie for lokale og vitskaplege namn på botanisk materiale
  • forklare varebehandling og gi relevant informasjon om plantar, blomster og produkt
  • gjere greie for symbolfunksjon og historie til ulike botaniske materiale i blomsterdekoratørfaget
  • kvalitetssikre bruk og oppbevaring av blomster og andre råvarer i eigen produksjon
  • berekne innkjøp av blomster og råvarer og kalkulere pris på produkt og tenester
  • diskutere og ta stilling til estetiske og etiske normer i blomsterdekoratørfaget
  • definere kriterium for kvalitet og vurdere kvaliteten av eige arbeid
  • presentere og dokumentere produksjonsprosess og produkt, visuelt og verbalt og ved hjelp av digitale verktøy
  • finne fram til og vurdere aktuelle produkt, teknikkar, uttrykk og trendar i marknaden

Vurdering

Vg2 Blomsterdekoratør

Føresegner for sluttvurdering:

Standpunktvurdering

Programfag

Ordning

Produksjon

Produktutvikling

Eleven skal ha ein standpunktkarakter i kvart av programfaga.

Eksamen for elevar

Programfag

Ordning

Produksjon

Produktutvikling

Eleven skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen der dei felles programfaga inngår.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Eksamen for privatistar

Programfag

Ordning

Produksjon

Produktutvikling

Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i kvart av programfaga. I tillegg skal privatisten opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen der dei felles programfaga inngår.

Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!