Læreplan i aktivitørfaget Vg3 / opplæring i bedrift (AKT3-02)
Utgått
Det gis ikke lenger opplæring etter læreplanen, men det kan være mulig å ta eksamen som privatist. Se informasjon om siste eksamen på fagkodene som er knyttet til læreplanen.
Etter Vg3
Aktivitetsleiing
- leggje til rette, koordinere og leie sosiale, fysiske og kulturelle aktivitetar tilpassa brukarane
- kommunisere med og rettleie brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar i aktiviseringsarbeidet
- leie og rettleie brukarar og samarbeidspartnarar i ulike aktiviseringstiltak
- gjere greie for kjernekompetansen i aktivitørfaget og forstå når det er nødvendig med annan kompetanse
- nytte digitale verktøy for å oppdatere kunnskapen sin om nye aktivitetar og bruke programvare som er relevant i aktiviseringsarbeidet
- gjere greie for utviklingstrekk i aktivitørfaget
- presentere og marknadsføre aktivitørfaget i aktuelle forum
- utføre aktivitørarbeidet i tråd med dei etiske retningslinjene til faget og evaluere sitt eige arbeid
- delta i arbeidet med internkontroll og kvalitetssikring i samsvar med måla og verdisynet til verksemda
Administrering
- administrere og dokumentere aktiviseringsarbeidet i tråd med måla til verksemda
- gjere greie for og grunngi målet med aktiviseringsarbeidet
- dokumentere og vurdere verknader av aktiviseringstiltak for brukarane
- planleggje nye aktivitetar ut frå dokumenterte funksjonsendringar hos brukaren
- setje opp budsjett og rekne ut materialforbruk og pris på aktivitetar og produkt
- bruke digitale verktøy i eige arbeid ved planlegging, statistikk og rapportering, marknadsføring og innhenting av relevant informasjon
- gjere greie for og følgje gjeldande regelverk knytt til aktivitørfaget i tråd med kvalitetssikring, helse, miljø og sikkerheit
Aktivisering
- innhente, vurdere og bruke nødvendig informasjon om funksjonsevna, behova og interessene til brukarane og om kva som er eigna aktivitet for den enkelte, setje mål for aktiviseringa og gjennomføre og vurdere aktiviseringsprosessar ut frå funksjonsnivået og ressursane til den enkelte brukaren og måla til verksemda
- motivere og rettleie brukarar i aktivitetar ved å bruke ulike kommunikasjonsmetodar, både visuelt og verbalt
- leggje til rette og gjennomføre sosiale, fysiske og kulturelle aktivitetar tilpassa funksjonsevna til brukarane og kva som er mogleg for dei
- gjennomføre observasjon og vurdere føresetnadene og funksjonsnivået til brukarar i arbeid og aktivitet
- konkretisere idear og grunngi val av aktivitet og arbeid tilpassa dei fysiske, psykiske og sosiale føresetnadene til ulike brukarar
- vise korleis bruk av materiale, verktøy og teknikkar kan tilpassast ulike aktivitetar
- følgje gjeldande regelverk i aktiviseringsarbeidet
- bruke digitale verktøy i aktiviseringa, både som aktivitet og hjelpemiddel
- arbeide i tråd med HMS-planen til verksemda og utføre nødvendig førstehjelp
6 av 7