Overgangen frå barnehage til SFO

Overgangen frå barnehage til SFO og skule er ein milepåle for barn. Dei fleste byrjar i SFO før første skuledag, og SFO har derfor ei viktig rolle i denne overgangen.

Særlig for barn på 1. trinn som starter i SFO før sin første skoledag, spiller SFO en viktig rolle i oppstartsfasen. SFO skal støtte barna den første tiden for å bidra til at barna opplever trygghet og tilhørighet. 
Rammeplan for SFO

Barn har mange forventningar når dei skal byrje i skulen og SFO. Mange gler seg til å oppleve noko nytt, som å knyte nye vennskap og relasjonar og å møte eit nytt leike- og læringsmiljø. Sjølv om dei aller fleste har gått i barnehage og er vane med å delta i fellesskap utanfor heimen, vil skulestartarane oppleve at mykje blir annleis. Dei forlèt eit fellesskap som består av barn og personale i barnehagen, for saman å utvikle eit nytt fellesskap i skule og SFO.

Det første møtet med skulen

Mange byrjar i SFO før første skuledag. Barn skil ikkje alltid mellom skule og SFO, og dermed blir SFO det første møtet deira med skulen.

Barna bør få høve til å bli bevisste på kva SFO er, og kva skule er, og at det er to ulike arenaer. Her bør SFO og barnehagen samarbeide i overgangsfasen. Ifølgje rammeplanen for barnehage skal barnehagen mellom anna bidra til at barna får bli kjende med kva som skjer i skulen og SFO.

Det er viktig at også personalet i SFO er med i samarbeidet om overgangen frå barnehage til skule og frå heim til skule. Barnehagane kan samarbeide med SFO om ulike tiltak, som at barna får møtast i det nye miljøet sitt før skulestart. Også barn som ikkje går i barnehage, bør få vere med på dette. SFO må leggje til rette for leik og aktivitetar som gjer at barna blir kjende på tvers.

Å bli kjend med det fysiske og sosiale miljøet

Barn har mange og ulike forventningar, og dei møter det nye leike- og læringsmiljøet i SFO med bakgrunn i eigne erfaringar, interesser og idear til aktivitet og leik. SFO er ei unikt moglegheit til å gjere barna kjende med det nye fysiske miljøet deira før skulestart.

Eit nytt og større leike- og læringsmiljø kan gi mange moglegheiter, men nokre barn kan òg oppleve det som uoversiktleg og utrygt. Derfor kan dei òg grue seg til alt dette nye dei vil møte. Det er viktig at personalet observerer leiken og aktivitetane til barna, vurderer om alle barn får høve til å delta, og legg til rette for at alle barn kan delta, med utgangspunkt i interessene deira.

Nye venner

Å få venner er spesielt viktig, og barna kan vere bekymra for at dei ikkje vil få venner i SFO og skulen. Dei kan sakne barn og vaksne dei kjenner frå barnehagen, og vere usikre på om vaksne og andre barn i skulen og SFO vil like dei. SFO gir unike moglegheiter for at barna kan utvikle vennskap allereie før skulestart.

Men vennskap utviklar seg ikkje av seg sjølve. Relasjonar, både barna imellom og mellom barna og dei vaksne, byggjer gjerne på felles interesser og erfaringar. At barna har nokre felles erfaringar før dei byrjar i SFO, kan gjere oppstarten tryggare. Felles erfaringar kan bidra til at alle barn har høve til å delta aktivt i eit nytt leikemiljø.

Leike- og læringsmateriell som barna kjenner att

SFO skal leggje særleg vekt på sjølvvald leik og andre barnestyrte aktivitetar. Initiativa barn tek i leik, byggjer gjerne på tidlegare erfaringar frå barnehage og heim. Derfor bør personalet i SFO ha ein viss kjennskap til leikeerfaringane dei nye barna har frå andre arenaer, og leggje til rette for at dei kan oppleve samanhengar mellom arenaene.

Leike- og læringsmateriell som barna kjenner att, kan bidra til at barna opplever samanhengar, og til at dei får moglegheit til å delta aktivt i det nye miljøet sitt. Dei felles erfaringane barna har med materiellet, legg til rette for at dei kan vidareutvikle felles leik og aktivitet.

Betydninga av eit samarbeid på tvers

Overgangen frå barnehage til SFO og skule er ein milepåle for barn. Korleis barna opplever overgangen, har mykje å seie for trivselen og læringa deira vidare i skulen. Samarbeid på tvers av arenaer er derfor viktig når ein overgangspraksis skal utviklast.

Heimen er vanlegvis det mest stabile og kan derfor reknast som den aller viktigaste arenaen i eit barneliv. Foreldre kan gi særleg verdifull kunnskap om interessene, forventningane og dei eventuelle bekymringane barna har, og det bør vere tett dialog mellom heim og SFO under oppstarten. SFO har ansvaret for å leggje til rette for eit godt samarbeid med heimen og skal vere i dialog med foreldra før oppstarten i SFO.