Ein anerkjennande kultur i SFO

Eit miljø som fremjar leik, vennskap og fellesskap for alle barn, stiller krav til omsorgskulturen i SFO. Her er mellom anna anerkjenning sentralt. 

SFO skal støtte utviklingen av trygge og gode relasjoner barna imellom, mellom barna og personalet og mellom personalet og barnas foreldre. 
Rammeplan for SFO

Behovet for anerkjenning er eit av dei mest grunnleggjande psykologiske behova vi menneske har. Å anerkjenne andre menneske handlar om å vise gjennom ord og handling at vi ser, høyrer, respekterer og set pris på det andre gjer i kvardagen. Når vi anerkjenner kvarandre, kan alle oppleve at dei er verdifulle.

Tydeleg og god kommunikasjon med både barn og foreldre, og mellom tilsette, er viktig for god dialog og godt samarbeid og for at alle skal kunne delta aktivt. De som jobbar i SFO, jobbar for å realisere behovet for anerkjenning både hos dykk sjølve og hos andre.

Korleis kan personalet anerkjenne barna?

De som jobbar i SFO, har mange gode høve til å anerkjenne barna, slik at dei kjenner seg verdsette. Dette kan de gjere ved å

  • skape gode relasjonar til barna
  • møte barna med å vise omsorg, varme og empati
  • skape eit inkluderande fellesskap der barna får lov til å vere seg sjølve
  • leggje til rette for at barna kan bruke interessene sine
  • gi dei høve til å medverke

Skape gode relasjonar til barna

Dette er viktig fordi trivselen til barna blir påverka av korleis dei har det med vaksne. De kan skape gode relasjonar til barna ved å bli godt kjende med dei, og gjennom ord og handlingar vise at barna kan stole på dykk. Barn som har positive relasjonar til vaksne, har enklare for å lære og utvikle seg.

Møte barna med å vise omsorg, varme og empati

Vaksne som over tid viser barna at dei kan handtere kjenslene deira, til dømes glede, sinne og triste kjensler, bidreg til å styrkje barnas oppleving av seg sjølve. De kan handtere kjenslene til barna ved å vere bevisste på kva dei føler, hjelpe dei med å setje ord på kjenslene og lytte til det barna fortel om eigne kjensler.

Skape eit inkluderande fellesskap der barna får lov til å vere seg sjølve

Barn som skal lære og utvikle seg, må kjenne seg trygge på personalet og omgivnadene.

Leggje til rette for at barna kan bruke interessene sine

Dette krev at de planlegg for varierte aktivitetar som barna har føresetnader for å meistre og lykkast med.

Gi barna høve til å medverke

Alle barn har rett til å bli høyrde. Dette betyr at barn skal få seie kva dei meiner, bli lytta til og oppleve at meiningane deira blir tekne på alvor. Barn som opplever at personalet er interesserte i meiningane deira, lærer at synspunkta deira har ein verdi for andre.

Korleis kan personalet anerkjenne foreldra?

De som jobbar i SFO, møter foreldra jamleg. De kan anerkjenne foreldra på ulike måtar, mellom anna ved å

  • sørgje for at foreldra kjenner seg velkomne på SFO
  • gi dei høve til å komme med innspel på innhaldet i SFO og vise at innspela blir verdsette
  • avklare kva foreldra kan forvente av SFO, og kva SFO forventar av dei

Sørgje for at foreldra kjenner seg velkomne på SFO

Møt foreldra med ei vennleg haldning. Enkle handlingar som eit smil, ein tommel opp eller ei hyggjeleg tilbakemelding vil gi foreldra ei positiv oppleving.

Gi dei høve til å komme med innspel på innhaldet i SFO og vise at innspela blir verdsette

Dette kan føre til at foreldra tek ei aktiv rolle i tilbodet barna får i SFO. SFO kan involvere foreldra, til dømes gjennom dagleg kontakt og på ulike møtearenaer.

Avklare kva foreldra kan forvente av SFO, og kva SFO forventar av dei

Dette kan styrkje samarbeidet mellom dykk og foreldra, fordi begge partar veit kva dei kan forvente av kvarandre.

Korleis kan personalet anerkjenne kvarandre?

Kollegaer som hjelper og støttar kvarandre, bidreg til å byggje ein anerkjennande kultur. De kan anerkjenne kvarandre ved å

  • skape ein delingskultur der alle opplever at det er trygt å dele kunnskapar, ferdigheiter og erfaringar i kollegiet
  • vise at innspel frå kollegaer i form av forslag, idear og ønske blir sette pris på
  • skape ein kultur der de hjelper og støttar kvarandre

Skape ein delingskultur 

Det er viktig at de er opne for å lære av kvarandre. Når andre verdset det vi bidreg med i eit fellesskap, utviklar vi eit positivt forhold til eigne eigenskapar og ferdigheiter. Når de deler og utvekslar erfaringar og kunnskap, bidreg de til å byggje ein god delingskultur.

Vise at innspel frå kollegaer blir sette pris på

Tilsette som opplever at det dei seier og gjer, blir verdsett av kollegaer, yter meir, er meir lojale og kreative og trivst betre på jobben.

Skape ein kultur der de hjelper og støttar kvarandre

Dette kan motverke stress og uvisse og bidra til auka deltaking og innsats. Kvar enkelt kan bidra til å skape ein støttande kultur ved å gi ei hjelpande hand der det trengst, og ved å ta godt imot kollegaer som ber om hjelp og støtte.

Kva er anerkjenning?