Pedagogisk virksomhet i åpne barnehager

Pedagogisk virksomhet gir muligheter for lek, meningsfylte opplevelser, å ta hensyn og å stimulere kreativitet og nysgjerrighet. Dette er like viktig i åpne barnehager som i ordinære barnehager.

Innholdet i den pedagogiske virksomheten reguleres av rammeplanen, men må tilpasses den spesielle måten åpne barnehagens drives på.

For å skape trygghet har Tripp trapp åpne barnehage et opplegg hvor gjenkjennelse, repetisjon og mestring er viktige stikkord.

"Vi opplever at satsingen på regelmessige fellessamlinger i små eller større grupper har vært et verdifullt og viktig redskap med tanke på trygghet, omsorg, trivsel og tilhørighet. Vi har gjennom alle år alltid lagt opp til en eller annen form for fellessamling midt på dagen. Den har først og fremst tilrettelagt for den aldersgruppa som har utgjort størsteparten av barna.

I en del år hadde vi parallelle samlinger for 0–3 år og 3–6 år. Etter hvert som hovedtyngden av barna befant seg i aldersgruppa 0–3 år, la vi i tillegg til fellessamlingene til rette for regelmessige babytreff. På disse har vi tilbudt babysang, og etter hvert også babymassasje, i smågrupper. På enkelte dager hvor det dukker opp så mange at smågruppene blir altfor store, må vi improvisere og for eksempel dele gruppene og ha samme opplegg i flere samtidig eller etter hverandre.

I forlengelsen av babysang eller babymassasje opplever vi at det ofte blir enklere å få til meningsfylte samtaler med de voksne og legge til rette for nye bekjentskap. Samtidig som en av de ansatte er engasjert i babysang eller babymassasje, vil de andre ansatte ha mer anledning til fordypning i møte med barn og voksne i de andre rommene.

Vi benytter også sang, musikk, dans og enkle former for drama og ringdans både for små og store barn, og vi opplever at dette bidrar til positive fellesskapsopplevelser, undring og glede for alle aldersgrupper."

Styrer, Tripp trapp åpne barnehage

Det første møtet 

Det første møtet med åpen barnehage er svært viktig og ofte avgjørende for om barn og voksne i det hele tatt kommer tilbake. Derfor er det viktig å prioritere tid og tett oppfølging i møte med nye familier. Barn og voksene, både de som er nye og de som har vært lengre i åpen barnehage, skal oppleve at de blir sett og møtt på en positiv og anerkjennende måte. Dette kan bli vanskelig å få til med for store og uoversiktlige grupper.

Trivsel og tilhørighet

Refleksonsspørsmål

  • Hvordan kan det fysiske miljøet i vår barnehage bidra til et inspirerende leke- og læringsmiljø?
  • Er plasseringen av leker i lokalene gjennomtenkt?
  • Hvordan legger vi til rette for progresjon i det pedagogiske arbeidet i hverdagen?

Alle voksne som er til stede i barnehagen må bli bevisst på at trivsel og tilhørighet ikke kommer av seg selv. Dette krever aktiv innsats både fra de ansatte og de voksne som benytter åpen barnehage. Målet må være å skape og å oppmuntre til en kultur der både nye og gamle deltakere våger å ta kontakt med hverandre og er engasjert i egne barn samtidig som de viser interesse for andres barn.

Lokalene som støtte i det pedagogiske arbeidet

Det er også en forutsetning at det fysiske miljøet oppfyller kravene til å være både trygt og utfordrende for de ulike aldersgruppene som kommer til barnehagen, og det må være tilrettelagt for progresjon og variasjon i det pedagogiske innholdet. Korleis kan ein gjere dette i open barnehage, som har så stor variasjon i brukargruppa og i talet på deltakarar, og der det er vanleg at ein har få rom, ja kanskje berre eitt stort rom å fordele aktiviteten på?

Ein open barnehage på Vestlandet sette i gang eit forsøk for å betre lokala sine, fordi dei opplevde at lokala var tronge og lite tilfredsstillande for det pedagogiske arbeidet som skulle skje der. Dei bestemte seg for å observere barnehagelokala i bruk medan dei stilte kritiske spørsmål til korleis lokala var utforma og brukte.

  • Kvifor blir lokala opplevd å vere så tronge?
  • Har vi leiker som ikkje blir brukte?
  • Kva for soner av barnehagen kan vi utnytte betre?
  • Kan vi leggje lokalet til rette på ein slik måte at det blir naturleg for foreldra å ta meir kontakt med kvarandre?

Med utgangspunkt i desse spørsmåla oppdaga dei at mange av leikene og mykje av materiellet ikkje var pedagogisk gjennomtenkt. Det var heller ikkje godt samsvar mellom innreiinga og utnyttinga av rommet og dei aktivitetane som gjekk føre seg i barnehagen. Ved hjelp av dei kritiske spørsmåla sine oppdaga dei at det ikkje låg noka medviten fagleg tenking bak korleis rommet var møblert, og kvifor leikene stod der dei stod. Romløysinga og møbleringa var slik ho var, fordi «nokon for mange år sidan hadde plassert møblar og utstyr der det står no». Etter dette hadde ingen stilt spørsmål om kvifor.

Ein verdifull krok blei til dømes brukt til lagring av leiker og stolar som tok mykje plass, men nesten aldri var i bruk. Nokre sitjeputer låg stabla opp mot ein vegg. Dei blei sjeldan brukte til det dei var tenkte til. I staden blei dei ofte rivne ned og kasta rundt. Bøkene i bokhyllene blei heller aldri brukte på grunn av faren for at dei yngste barna kunne rive dei i stykke. Dagleg opplevde personalet og brukarane at kjøkkenkroken var vanskeleg tilgjengeleg og upraktisk i bruk. Personalet vurderte samlingsstunda som ein viktig del av kvardagen i barnehagen, men leikerommet som blei brukt til samlingsstunda var veldig trongt når mange barn var med.

Dei tilsette forstod at her måtte dei forandre på omgivnadene for å utnytte lokala og ressursane i romma betre.

Små endringar – store resultat

Ved å ta på seg dei kritiske brillene og vurdere arealbruk og organisering av lokala fann personalet ut at dei ved å gjere små justeringar i innreiinga kunne oppnå store resultat.

Vi opna skyveveggene for å få betre romkjensle. Vi ønskte at ungane skulle kjenne seg trygge i ein større radius, og at dei under heile leiken skulle bli sett av foreldra sine. For oss i personalet var det viktig å heile tida kunne ha eit aktivt blikk på korleis rommet og leiken fungerte. Vi blei også merksame på at det estetiske har mykje å seie for trivsel, så vi kjøpte inn eit par nye sofaer og la vekt på å få litt fargar inn i rommet. Deretter prøvde vi å dele inn rommet i ulike soner.

Ansatt i åpen barnehage

Med små forandringar hadde dei no fått hovudrommet til å bli meir funksjonelt. Ettersom lokala til no hadde blitt opplevde som tronge, laga dei ei meir open og oversiktleg planløysing. Sitjeputene blei plasserte langs veggene, og dette gjorde at dei yngste ungane nådde opp og kunne klatre på dei. Det viste seg at putene då fekk ei ny rolle i leiken, fordi foreldra no kunne hjelpe ungane med til dømes å byggje hytte med dei. På denne måten blei leiken med putene også meir konstruktiv enn han hadde vore før.

Lagringskroken blei ein meir funksjonell leikekrok for ungane, og kjøkkenkroken fekk ein meir tilgjengeleg plass i rommet. Dette gjorde at ungane fort fann vegen dit. Ein lesekrok blei innreidd med ein madrass og sitjeputer og bokhyller med bøker for dei minste ungane. Samlingsstunda blei flytta inn i matavdelinga, der det er god golvplass.

Den viktigaste konsekvensen av den nye planløysinga i barnehagen er at det fysiske rommet har blitt meir brukarvenleg. Dei tilsette har fått positive tilbakemeldingar frå brukarane, og forandringane har også ført til auka frammøte i barnehagen:

Rommet har blitt større og meir oversiktleg, og vi kan lettare observere ungane i leiken. Foreldra deltek meir aktivt i leiken når det fysiske miljøet er lagt til rette. Endringane har bidrege til auka romkjensle og betre planløysing. Det verkar som ungane i større grad enn tidlegare, og på eige initiativ, søkjer til bøker og leikemateriell som no er blitt meir synleg.

Ansatt i åpen barnehage

Kompetanseløft for ansatte

Kompetanseløft for ansatte, KOMÅP, var et tilbud for alle ansatte i åpne barnehager i Norge i 2017. I alt 112 ansatte fra 62 åpne barnehager deltok i prosjektet som konsentrerte seg om temaene:

  • veiledning og støtte til foreldre
  • språklig og kulturelt mangfold
  • arbeid med de yngste barna 
  • barnehagen som pedagogisk virksomhet med særlig vekt på implementering av ny rammeplan 2017.

Tilbudet vektla også nettverksbygging og utvikling av de åpne barnehagene som lærende organisasjoner.

Du kan lese sluttrapporten fra KOMÅP-prosjektet.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!