PP-tjenesten – kartlegging og evaluering, 2009
På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet har Nordlandsforsking levert ein sluttrapport frå prosjektet «Kartlegging og evaluering av PP-tjenesten».
Prosjektet har medverka med datamateriale til Midtlyngutvalet, som har levert ein rapport om betre læring for barn, unge og vaksne med særskilde behov.
Opplæringslova krev at kommunane og fylkeskommunane skal ha ei PP-teneste, og at tenesta skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling. PP-tenesta skal sikre at lova sitt krav om sakkunnig vurdering i individuelle saker blir teke vare på.
Ifølgje Nordlandsforsking verkar det som om store ulikskapar i storleik og organisering av PP-kontora har små følgjer for kontora sine arbeidsmåtar, for fagprofil eller for vurderingar frå brukarar og samarbeidspartnarar.
Forskarane viser at PP-tenesta langt på veg har tilstrekkeleg kompetanse, men at praksis i hovudsak er knytt opp mot arbeid med sakkunnige vurderingar og individretta rettleiing. Hjelp til å leggje til rette på skolane og i barnehagane har det så langt vore vanskeleg å spore nokon framgang, Nordlandsforsking viser at dei viktigaste årsakene til dette er for liten kapasitet og for vanskeleg tilgjengelegheit inn i skolar og barnehagar.
Likevel har systemarbeid fått auka fokus i PP-tenesta over tid. Systemarbeidet er styrkt når det gjeld føreseielege samarbeidsrelasjonar og kvalitetssikra tiltak. Å utforme system for tilbakemelding og sakkunnearbeid er eksempel på dette.
Forskarane peiker også på at PP-tenesta har liten kapasitet og høve til å leggja til rette lærestoff, utforme læringsmål og organisere opplæringssituasjonar i barnehagar og på skolar.
Casestudiane i prosjektet viser at alle kontora rapporterer om ei auka mengd tilvisingar og krav om sakkunnig vurdering. Dette går ut over det PP-tenesta elles kan bruke tid på. Forskarane konkluderer med at tenesta verkar svært individfokusert og prega av kapasitetsmanglar.