Sluttrapport

Kartlegging av skulebibliotek

Biblioteka i vidaregåande har lengre opningstid, betre personalressursar og høgare fagkompetanse enn biblioteka i grunnskulen. Dette kjem fram i ei kartlegging av skulebibliotek i grunn- og vidaregåande skule gjennomført av Møreforskning på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

I vidaregåande har heile 97 prosent av skulane eige bibliotek, mens det blant grunnskulane er 87 prosent med eige skulebibliotek. Elever i grunnskulen har tilgang til skulebiblioteket nesten like lenge som elevar i vidaregåande, men dei har berre tilgang på hjelp frå bibliotekar i ein liten del av opningstida, 5,4 veketimar mot 29 i vidaregåande.

80 prosent av dei vidaregåande skulane har bibliotekansvarleg utan andre oppgåver enn å leie og drive biblioteket. I grunnskulen er berre 18 prosent av dei bibliotekansvarlege utan andre oppgåver. I vidaregåande har 60 prosent av bibliotekarane bibliotekfagleg kompetanse på bachelornivå mot 11 prosent i grunnskulen. Kvar tredje bibliotekansvarleg i grunnskulen har anten lærarutdanning med minst ei halvt års tilleggsutdanning eller full bibliotekutdanning. Bruk av fagutdanna personale avheng likevel av storleiken til biblioteket.
 
Rollane til biblioteket som litteraturmellommann i grunnskulen og læringsarena i vidaregåande er sentrale, men for elevane er rolla som møteplass også viktige. Å forankre skulebiblioteket i planarbeidet til skulen og i tverrfagleg samarbeid mellom lærar og bibliotekar er ei utfordring for å nå kompetansemåla i Kunnskapsløftet. I tillegg er dette ei utfordring for å nå målet til strategiplanen om skulebiblioteket som ein viktig læringsarena for alle elevane i grunnopplæringa.

Sluttrapporten er ledd i oppfølginga av strategiplanen ”Gi rom for lesing!”

Rapportserie