Fritak for opplæring i fag

Alle elevar skal i utgangspunktet ha opplæring i samsvar med læreplanverket. I nokre tilfelle kan det vere behov for å gi elevar opplæring som avvik frå læreplanar for fag. Dette må vere grunngitt i eleven sitt behov, og krev samtykke frå foreldra og eleven. Heilt unntaksvis kan det også vere behov for å gi fritak for fag.

Informasjon og samtykke

I utgangspunktet skal alle elevar ha opplæring i samsvar med læreplanverket (LK06 og LK20). I nokre tilfelle kan det vere behov for å gi elevar opplæring som avvik frå læreplanar for fag. Det kan skolen gjere for enkeltelevar i vedtak om spesialundervisning.

Elevar med vedtak om spesialundervisning skal ha eit likeverdig opplæringstilbod. Det betyr for eksempel at elevar med svært store kognitive utfordringar skal ha omtrent dei same moglegheitene til å nå dei måla som er realistiske å setje for dei, som andre elevar har for å realisere sine mål i det ordinære opplæringstilbodet.

Foreldra og eleven skal samtykkje til sakkunnig vurdering og vedtak om spesialundervisning. PP-tenesta skal greie ut den enkelte elev sitt behov for eventuelle avvik frå kompetansemåla i LK06 og LK20, eventuelt fritak for heile faget. PP-tenesta skal gi eleven og foreldra nødvendig informasjon og høve til å gi uttrykk for meiningane deira. PP-tenesta og skolen skal orientere om kva det betyr å gi fritak for fag. Før eleven og foreldra samtykkjer, skal dei vere informerte om

  • faglege grunngivingar
  • framtidige konsekvensar ved fritak for fag og for den vidare utdanninga og yrkeskarrieren til eleven.

Tilbodet om spesialundervisning skal så langt som mogleg bli utforma i samarbeid med foreldra og eleven, og det skal bli lagt stor vekt på deira syn. Når eleven har fylt 15 år, er det eleven sjølv som samtykkjer til spesialundervisning. For å kunne gi eleven og foreldra nødvendig rettleiing og informasjon må skolen og PP-tenesta derfor ha kunnskap om

  • vidaregåande opplæring og krava for å oppnå studie- og yrkeskompetanse
  • studie- og jobbmoglegheiter etter vidaregåande opplæring

Konsekvensar

For elevar som manglar viktig eller vesentleg fagleg kompetanse frå grunnskolen, kan det vere utfordrande å arbeide med alle kompetansemåla i vidaregåande opplæring. Det kan føre til at elevane ikkje får vist potensialet sitt i vidaregåande opplæring, eller i verste fall ikkje består faget i vidaregåande opplæring sjølv med spesialundervisning. Skolen må derfor orientere eleven og foreldra om konsekvensane av å velje bort kompetansemål eller heile fag i grunnskolen. Ei anna fylgje av fritak for fag kan vere at eleven opplever sosial ekskludering og utfordringar med sosial tilhøyrsel i læringsfellesskapen.

Vedtaket må vere grunngitt i eleven sitt behov

Dersom det er behov for større eller mindre avvik frå kompetansemåla i LK06 og LK20, anten for heile fag eller delar av fag, må det gå klart fram av enkeltvedtaket om spesialundervisning.

Alle avvik frå læreplanane i vedtak om spesialundervisning må vere grunngitte i eleven sitt behov, og gå fram av sakkunnig vurdering og vedtaket. Det betyr at avvik frå LK06 og LK20 berre kan bli grunngitte ut frå faglegpedagogiske årsaker, ikkje ut frå skoleeigar sin økonomi eller manglande kompetanse. Utgangspunktet for vurderinga er kva for opplæringstilbod som vil gi eleven eit forsvarleg utbytte. I denne vurderinga kan eleven sitt behov føre til at det er nødvendig med avvik. Elevar kan ha behov for avvik frå enkelte kompetansemål i eit fag, medan enkelte elevar har behov for avvik frå alle kompetansemåla i eit fag på det aktuelle trinnet. Det er berre unntaksvis aktuelt å frita elevar for opplæring i heile fag. 

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!