Teknologi og design (TPR01‑02)
Kompetansemål og vurdering
- Nynorsk
- Ingen andre språk tilgjengeleg
Forklaring
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- designe og grunngi konsept for teknologiske produkt
- velje ogulike materialar og verktøy i arbeidet med prototypar for teknologiske produkt
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- lage prototypar for teknologiske produkt ogover korleis desse kan betrast eller utviklast vidare
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- grunngi val av design, materialar, verktøy og framgangsmåtar, ogover kor trygge og berekraftige vala er
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i teknologi og design ved å designe og utvikle teknologiske løysingar. I tillegg viser og utviklar dei kompetanse ved å bruke verktøy og ved å reflektere over og grunngi val og framgangsmåtar.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsmåtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i faget. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. I dialog om den faglege utviklinga til elevane skal læraren leggje vekt både på prosess og produkt og på korleis dei grunngir og reflekterer kring vala sine. Læraren skal gi rettleiing og tilpasse opplæringa om vidare læring slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i arbeidet med design og produkt.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i valfaget teknologi og design ved avslutninga av opplæringa. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i valfaget teknologi og design basert på kompetansen eleven har vist gjennom arbeid med å designe og utvikle prototypar for teknologiske produkt. I tillegg skal læraren leggje vekt på kompetansen eleven har vist i val og bruk av materialar og verktøy og i refleksjon kring eige arbeid i eit berekraftperspektiv.