Reinhaldsoperatørfaget (ROF03‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål 

  • planleggje
    reinhald av bygg, anlegg, installasjonar og transportmiddel arbeidet etter teikningar og beskrivingar ved bruk av ulike planleggingsverktøy, arbeide i samsvar med gjeldande krav til helse, miljø og sikkerheit og reflektere
    over konsekvensane ved å ikkje følgje krava
  • utarbeide arbeidsplaner, bestille og motta utstyr og kjemikalie og kontrollere kvalitet og mengde i tråd med arbeidsoppgåva
  • risikovurdere metodar, kjemikalium og utstyr, gjere greie for
    korleis arbeidsoppgåvane påverkar kostnadseffektivitet, materiale og ytre miljø, og reflektere
    over feilhandtering
  • gjennomføre
    ein sikker jobbanalyse, rapportere om uønskte hendingar og halde ved like maskiner og utstyr
  • gjere greie for
    og nytte
    kvalitetssikringssystem, arbeide etter fastsette kvalitetskrav og dokumentere
     eige arbeid
  • fastsettje og bedøme reinhaldskvalitet i tråd med gjeldande standarder og kvalitetssystem
  • arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i reinhaldsoperatørfaget, og gjere greie for
    kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har, og reflektere
    over krav og forventingar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap
  • kjeldesortere og handtere avfall etter gjeldande regelverk, handtere helsefarlege kjemikalium og spesialavfall og reflektere
    over konsekvensane av feilhandtering
  • arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp og reflektere
    over konsekvensane av arbeidsbelastningar og skadeforebyggjande tiltak
  • arbeide i tråd med berekraftige og miljømessige prinsipp og reflektere
    over konsekvensar av støveksponering og bruk av kjemikalium
  • velje og bruke
    verne- og smittevernutstyr for arbeidsoppgåva og vurdere
    konsekvensane ved feilbruk
  • gjere greie for
    ulike overflatemateriale og vurdere
    korleis reinhaldsmetodar og reinhaldsmiddel påverkar overflatene
  • velje og bruke
    maskiner, utstyr og metodar etter reinhaldsbehov og vurdere
    dette opp mot kostnadseffektivitet, tidsbruk og miljøbelastning
  • utarbeide reinhaldsplanar, arbeidsplanar og arbeidsbeskrivingar og reflektere
    over val av frekvens, kvalitet og metode
  • bruke
    fagterminologi for å kommunisere med kollegaer og andre yrkesutøvarar og drøfte
    ulike løysingar som bidreg til å minimere miljøavtrykket og sikre ei effektiv ressursutnytting
  • vurdere
    smitterisiko, arbeide i samsvar med gjeldande regelverk for smittevern og gjere greie for
    smittespreiing og korleis smittekjeder kan brytast
  • utføre regelmessig og periodisk reinhald av ulike overflater på inventar, vegger, golv og himlingar i kjende og ukjende situasjonar, i tråd med kvalitetskrav og sikre innemiljøet
  • utføre reinhald i ulike fasar av byggjeperioden etter gjeldande regelverk og vurdere
    korleis dei ulike fasane påverkar valet av reinhaldsutstyr og arbeidsmetodar
  • identifisere ulike typar smuss, gjere greie for
    og bruke
    ulike kjemikalium for å fjerne smuss og utføre reinhald
  • gjere greie for
    ulike typar fasadereinhald
  • utføre grunnleggjande førstehjelp

Undervegsvurdering