Kulturarv (LKA01‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- brukeferdigheiter, teknikkar, reiskapar og verktøy for å utøve ulike handverk og tradisjonar
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- drøftekorleis ein ved å bruke
Å drøfte er å belyse ei sak ved å trekke fram ulike sider av saka, og argumentere både for og imot. Drøftinga kan slutte med ein konklusjon. Å drøfte kan vi gjere sjølvstendig og i dialog med andre. Ordskifte mellom fleire om eit saksforhold kan bety det same som å diskutere.
, formidle og vidareutvikle kulturarv på ein berekraftig måte kan ta vare på han for framtidaÅ bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- utforskeog formidle korleis materiell og immateriell kulturarv utviklar seg i samspel med, og er ein del av, eit moderne, mangfaldig samfunn
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
- beskrivekorleis kulturarv kan vere ein identitetsmarkør, og reflektere
Å beskrive er å skildre eller gi att ei oppleving, ein situasjon, ein arbeidsprosess eller eit fagleg emne. Å beskrive noko kan òg vere å bruke relevante fagomgrep for å systematisere kunnskap om emnet.
over korleis dette kan komme til uttrykk i ulike grupper i samfunnetÅ reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i valfaget kulturarv ved å bruke ulike teknikkar, reiskapar, verktøy og ferdigheiter for å utøve ulike handverk og tradisjonar. Elevane viser og utviklar òg kompetanse når dei formidlar vidare eigen kunnskap om kulturarv, når dei reflekterer rundt og utforskar ulike sider ved og delar av kulturarv, og når dei ser kulturvern i eit berekraftperspektiv.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte aktivitetar som elevane gjer åleine og saman med andre, og gjennom at dei får vurdere eige arbeid. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i faget. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i å formidle korleis ein kan ta vare på og vidareutvikle ein mangfaldig kulturarv og arbeide praktisk med ulike tradisjonar og handverk.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i valfaget kulturarv ved avslutninga av opplæringa. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i valfaget kulturarv basert på kompetansen eleven har vist gjennom å arbeide praktisk med tradisjonar og handverk og gjennom å formidle korleis ein kan verne om og vidareutvikle ei mangfaldig kulturarv.