Stemmevanskar
Barn og elevar med stemmevanskar har utfordringar med å bruke stemma på ein naturleg måte.
De som jobbar i barnehagar og skular, bør vite kva som kjenneteiknar stemmevanskar, og korleis de best mogleg kan leggje til rette for kvart enkelt barn eller kvar enkelt elev.
Stemmevanskar gjer det vanskeleg å bruke stemma på ein naturleg måte. Dersom nokon til dømes har ei svak eller pressa stemme, kan det vere vanskeleg å oppfatte kva dei seier.
Stemmevanskar fører til høyrbare forandringar i stemma, slik som
- vanskar med å regulere styrke
- hås stemme
- lite kraft
- ustabil stemme
- fråvær av stemme
Somme har òg ubehag i strupen og blir slitne av å snakke.
Stemmevanskar kan delast inn i fire kategoriar:
- funksjonelle stemmevanskar
- funksjonelt-organiske stemmevanskar
- organiske stemmevanskar
- nevrologiske stemmevanskar
Funksjonelle stemmevanskar
Ved funksjonelle stemmevanskar kan ikkje legane påvise organiske forandringar i strupen eller på stemmebanda. Grunnen til stemmevanskane er som regel måten barnet eller eleven bruker stemma på, spenningar i muskulaturen eller overbelastning av stemma. Både barn og vaksne kan miste stemma på grunn av traume eller emosjonelle belastningar.
Funksjonelt-organiske stemmevanskar
Ved funksjonelt-organiske stemmevanskar fører måten barnet eller eleven bruker stemma på, til organiske forandringar på stemmebanda.
Organiske stemmevanskar
Ved organiske stemmevanskar kan legane sjå forandringar i strupen og/eller på stemmebanda.
Nevrologiske stemmevanskar
Nevrologiske stemmevanskar inneber at nervebaner som styrer stemmefunksjonen, har blitt skadde eller kutta av.
Barn som er for tidleg fødde, eller som har vore intuberte, har større risiko for nevrologiske eller organiske stemmevanskar.
De som jobbar i barnehagen eller skulen, har høve til å fange opp stemmevanskar hos barn og elevar. Dersom de mistenkjer at eit barn eller ein elev har stemmevanskar, bør de snakke med barnet eller eleven og foreldra.
Stemmevanskar blir utgreidde av ein øyre-nase-halsspesialist. Ein logoped med kompetanse på stemmevanskar gjer ei utgreiing av barnet eller eleven og følgjer hen opp vidare. Logopeden går gjennom skjema for å kartleggje funksjonsevna til stemma, pusten og spenningar i kroppen.
Symptom
Symptom på stemmevanskar kan vere at barnet eller eleven har smerter i halsen eller blir sliten av å bruke stemma. Stemma kan bli hås, ustabil, krampaktig eller skurrande.
Det er normalt at stemma forandrar seg i samband med luftvegsinfeksjonar. Når barnet eller eleven har blitt frisk att, bør stemma normalisere seg i løpet av nokre få veker. Det er ein grei hugseregel at barnet eller eleven bør oppsøkje lege dersom stemma endrar seg og endringa varer meir enn fire veker.
Ein stemmevanske kan vere samansett. Dersom barnet eller eleven får vanskar med pust og stemme samtidig med belastningar eller auka stress i livet, kan det vere rett at de involverer andre fagpersonar.
Barn og elevar med stemmevanskar har behov for tilrettelegging for å meistre meir i kvardagen, i læringssituasjonar og i det sosiale livet. Barnehagen og skulen har ansvaret for å planleggje og setje i verk tiltak, med støtte frå PPT og logoped etter behov.
Tilretteleggjande tiltak for barn og elevar med stemmevanskar kan vere indirekte og direkte. Indirekte tiltak går ut på å leggje til rette miljøet rundt barnet eller eleven. Direkte tiltak handlar om å bevisstgjere barnet eller eleven på eiga stemmeåtferd og om å lære øvingar som kan gjere stemma betre.
Døme på indirekte tiltak de kan gjere, er
- å redusere støy på avdelinga eller i klasserommet
- å redusere avstanden når de snakkar saman
- å leggje til rette for kommunikasjon i mindre grupper
- å fokusere særskilt på å vente på tur og snakke ein om gongen
- å ikkje leggje opp til for mykje aktivitet som krev mykje av stemma
- å gi rom for å kvile både kropp og stemme
- å bruke stemmeforsterkar (høgtalar og mikrofon)
Døme på direkte tiltak kan vere
- å gjere barnet eller eleven sjølv meir bevisst på stemmeåtferda
- å gjere logopediske stemmeøvingar
- å gå frå stemmeøvingar til å fokusere på sjølve samtalen
Små barn som har veldig svak eller inga stemme, har behov for spesialpedagogisk hjelp. Somme vil ha behov for å ta i bruk teikn til tale eller alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK). Det vil vere viktig for å støtte språkutviklinga og vil gi barnet fleire moglegheiter til å kommunisere.
Les meir: Tilrettelegging for barn og elever med behov for ekstra støtte