Observasjon

Det er stor forskjell på det å sjå og det å observere noko. Alle de som jobbar med barn, både ser og observerer i yrkeskvardagen dykkar. Observasjon handlar om å sjå etter noko med ei særleg merksemd og registrere det som skjer. Dette kan de gjere på ein systematisk eller usystematisk måte.

Når de jobbar med barn og unge, bør de skaffe dykk innsikt i livet deira. Slik innsikt kan gi eit godt grunnlag for å leggje til rette for relevante aktivitetar, ein godt tilrettelagd kvardag, medverknad og for det sosiale samspelet som skjer. Det kan òg gjere det lettare å oppdage om nokon av barna har ekstra utfordringar, og ikkje minst gi ny kunnskap om korleis de jobbar.

Skaffe innsikt gjennom observasjon

I tillegg til å snakke direkte med barna får de mykje innsikt ved å sjå korleis dei opptrer i ulike kvardagsaktivitetar. Alle tilsette i barnehage, skule eller SFO gjer dette kvar dag.

Når de ser etter noko på ein gjennomtenkt og profesjonell måte, kallar vi det systematisk observasjon.

Barn og unge er ofte saman i gruppe, og det er lett for dei vaksne å rette merksemda mot gruppa som heilskap. Dette kan føre til at enkeltbarn går under radaren.


I systematisk observasjon rettar observatøren merksemda mot konkrete hendingar i ein bestemt tidsperiode. Kor lange periodar det er snakk om, kan variere. Det kan vere korte observasjonssekvensar i ulike situasjonar og aktivitetar, eller det kan vere fleire i ei rekkje. Éin eller fleire frå personalet følgjer barnet i heile observasjonsperioden, og noterer stikkord om det som skjer. Etter observasjonen bør de reinskrive observasjonsnotata.

Ulike former for observasjon

De kan observere på ulike måtar. Nokre gonger er det behov for ein tydeleg strukturert og systematisk observasjon. Andre gonger treng ein å observere på ein meir open og utforskande måte, såkalla usystematisk observasjon.

Den som observerer, kan anten følgje med på aktiviteten frå utsida eller delta i aktiviteten. Ein observatør som tek ei passiv rolle, kallar vi ein marginal deltakar. Då får observatøren høve til å ta eit steg tilbake og sjå ekstra nøye på det de spesifikt er interesserte i. Eit anna alternativ er å ta ei fullt deltakande rolle, der den som observerer, deltek i aktivitetane som skjer. På denne måten kjem de nærmare inn på situasjonen. Ei utfordring ved ei slik rolle kan vere at det kan bli vanskelegare å få oversikt og ta notat.

Behandle personopplysningar rett

Kva kan de sjå etter?

Systematisk observasjon kan vere gunstig å bruke når de ønskjer å sjå spesielt etter korleis barnet faktisk opptrer. Det kan til dømes handle om kva aktivitetstypar barnet vel, eller om rørslemønsteret og det kroppslege uttrykket til barnet. Det kan òg handle om korleis barnet kommuniserer og samhandlar med andre menneske, eller tek omsyn til det fysiske miljøet.

Det sentrale ved systematisk observasjon er at de ser kva barnet gjer, og høyrer kva det seier. De kan til dømes sjå etter

  • kvar barnet vel å opphalde seg
  • kva barnet gjer
  • om barnet er åleine eller saman med andre
  • om barnet ser ut til å trivast
  • kva aktivitetstypar barnet vel
  • kven barnet vel å leike med
  • kor lenge barnet leikar saman med andre
  • korleis barnet samhandlar med andre
  • uttrykk for glede eller andre kjensler

Førebu observasjonen

Det er viktig at de førebur dykk godt før de observerer. I planleggingsfasen må de ta stilling til kvifor de skal observere, og kva de skal bruke funna til.

  • Kven skal de observere, og korleis?
  • Observerer de for å danne dykk eit generelt inntrykk, eller for å undersøkje ei bekymring de har?
  • Observerer de for å bli meir bevisste på korleis de jobbar?

Slike innleiande vurderingar gir grunnlag for å planleggje kva de skal sjå etter.

Det kan vere lurt å lage eit observasjonsskjema som passar til observasjonsoppgåva, og notere i dette. I notata kan de gi att situasjonar eller skrive ned stikkord som kan hjelpe dykk til å hugse konkrete situasjonar. Interesser og forventningar styrer minnet, så det er viktig å ha gode observasjonsnotat.

Utfordringar ved observasjon

Det finst nokre utfordringar de bør vere klar over og ta omsyn til når de observerer.

Forventningane og førestillingane observatøren har med seg, kan påverke observasjonen. Det er lett å rette merksemda mot det de forventar å sjå, at de har såkalla utveljande merksemd. Det kan òg vere fort gjort å tolke det de observerer slik at det passar med dei forventningane de har.

Det er viktig at de reflekterer over desse utfordringane og møter situasjonane så objektivt som mogleg. Først då kan observasjonen gi dykk innsikt utover det dei uformelle eller usystematiske kvardagsobservasjonane kan bidra med.

Observasjon og etikk

Det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn i alt arbeid, også når de observerer. Alt observasjonsarbeid har som mål å gjere kvardagen for barna så god som mogleg.

Både når de planlegg, gjennomfører og evaluerer, må de gjere visse etiske vurderingar. Det er relevant å sjå på faktorar som

  • om og eventuelt kvifor de bør observere nokon så tett
  • korleis de skal ta omsyn til det at barnet ønskjer eller ikkje ønskjer å bli observert
  • korleis de tek vare på observasjonsnotata
  • korleis de deler inntrykk frå observasjonar med kollegaer, foreldre og eventuelt andre som kan hjelpe dykk til å forstå barnet betre
  • om, og i så fall korleis, de kan eller bør involvere foreldra før de observerer