Nynorsk som sidemål

Innhold på denne siden

    Norsk språk omfattar dei to likestilte skriftspråka bokmål og nynorsk. Begge skriftspråka skal kunne brukast i alle delar av samfunnet, og i opplæringa skal elevane bli fortrulege med det norske språkmangfaldet.

    Nynorsk gjennom heile opplæringsløpet

    Kompetansemåla i norsk frå 2. trinn og framover viser at alle elevar skal bli godt kjende med nynorsk gjennom lytting, lesing og refleksjon. Frå trinn 3 skal elevane utforske forskjellar og likskapar mellom skriving på hovudmålet og sidemålet, og frå 5. trinn skal dei prøve å skrive tekstar på sidemålet sitt.

    På ungdomstrinnet og på studieførebuande program i vidaregåande opplæring er det same kompetansemål for skriving på begge skriftspråka.

    Fritak og særskilde ordningar

    Elevar som har fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål, har rett til opplæring, men dei skal berre ha karakter i hovudmålet sitt.

    Elevar med rett til tospråkleg opplæring i samisk, finsk, kvensk eller norsk teiknspråk skal lese og forstå både bokmål og nynorsk, men dei skal ikkje ha opplæring i skriftleg sidemål. Det same gjeld elevar som får særskild språkopplæring.