Gjer skolevegen hyggeleg for alle
- Foreldrekontaktane på skolen kan opprette følgjegrupper for skolevegen, slik at alle har nokon å ta følgje med og vere saman med etter skoletid.
Før ein inkluderande bursdagspolitikk
- Inviter heile grupper, til dømes heile klassen eller avdelinga, alle jentene eller alle gutane. Det å bli halden utanfor er ei av dei vanlegaste formene for mobbing.
- Ein annan måte å skape ei inkluderande bursdagsfeiring på er at alle barna som har bursdag same månad i klassen eller avdelinga, feirar saman. Slik kan både barn og foreldre bli betre kjende.
- Har du liten plass til å feire barnebursdag heime, sjekk om barnehagen, skolen eller SFO kan lånast ut.
- Snakk med barna om kvifor det er viktig å inkludere fleire enn berre dei barna dei leiker mest med.
Bli kjend med dei andre foreldra
- Når du kjenner foreldra til dei andre barna i barnehagen og på skolen, er det lettare å invitere med barna deira heim. Foreldrekveldar, pappakveldar eller mammakveldar kan vere ein god idé.
-
Eit foreldremøte er ein fin arena for å drøfte kva foreldre kan gjere for
barna skal trivast, til dømes kan dere lage felles køyrereglar for å invitere andre barn med heim.
«I begge klassane til barna mine bruker vi å arrangere mammakveldar. Vi møtest heime hos kvarandre eller på eit grendehus i nærleiken til ein uformell og hyggeleg kveld. Har alltid enkel servering, ofte har mødrene som kjem, med seg litt mat kvar. Det blir lettare å invitere med nye barn heim når du kjenner foreldra deira. Det er også enklare å ta opp vanskelege ting når vi kjenner kvarandre betre.»
– Marianne
Bli kjend med barna i klassen og nærmiljøet
- Hils på barna i avdelinga eller klassen. Lær deg namna deira.
- Dersom du har ei trampoline eller ei sandkasse i hagen din, kan du invitere nabobarna til å leike der.
- Du kan ta med barnet ditt og ringje på hos eit barn i nabolaget som barnet ditt ikkje kjenner så godt.
Dei fleste barn og elevar har gode venner
Men ikkje alle....
- 94 prosent har alltid eller ofte nokon å vere saman med i friminutta, viser Elevundersøkinga frå 2016.
- 49 prosent av barna opplever at dei har mange gode venner i barnehagen og 33 prosent at dei har nokre gode venner, ifølgje spørjinga av cirka 170 barnehagebarn i Sør-Trøndelag.
- 17 prosent har få venner. Under 1 prosent fortel at dei ikkje har gode venner i barnehagen.