Barnet mitt blir mobba i barnehagen, kva kan eg gjere?

Det kan vere mange grunnar til at barnet ditt ikkje trivst i barnehagen. Mobbing og plaging kan vere ein av dei. 

Dette seier lova om mobbing i barnehagen 

  • Barnehagen har eit ansvar for å følgja med på korleis alle barna har det. 
  • Alle tilsette har ei plikt til å gripa inn, viss eit barn ikkje har det bra.
  • Barnehagen må undersøka, og setja inn tiltak viss eit barn ikkje har det bra

Kva er mobbing blant barn?

Mobbing i barnehagen kan skje på mange måtar. Det kan vere handlingar frå vaksne eller andre barn som gjer at barnet ikkje føler at det høyrer til eller er viktig for fellesskapen.

Det kan vere at barnet blir halde utanfor leiken og samtalen, eller aldri får leie eller sitje ved sida av nokon.

Små barn kan dytte, bite og slå. Dette er ein del av utviklinga til barn, og er ikke nødvendigvis mobbing. Men dersom barnet ditt gong på gong blir plaga eller erta, bør du ta opp dette med barnehagen.

Kva kan du sjå etter?

Det er ikkje alltid barna fortel om det som skjer i barnehagen. Spørsmål du kan stille deg:

  • Viser barnet glede over å vere i barnehagen?
  • Kva fortel barnet heime om barnehagen?
  • Verkar det som om barnet ditt har venner i barnehagen?
  • Verkar det som om barnet ditt kjenner seg trygg i barnehagen?
  • Fortel barnet om leik og morosame opplevingar?
  • Er dei vaksne i barnehagen opptekne av korleis barnet ditt har det i barnehagen?

Andre ting du kan sjå etter dersom du mistenkjer at noko er gale. 

Ta kontakt med barnehagen

Det er viktig at du melder frå til barnehagen dersom du oppdagar at ditt eller andre sitt barn blir mobba eller av andre grunnar ikkje har det bra i barnehagen. Om eit barn i barnehagen opplever å bli mobba eller utestengt frå leiken, må barnehagen følgje opp dette. Dette plikter barnehagen å gjøre

Les meir om regelverket for barnehagemiljø

Sjå også rammeplanen for barnehagen. Her finn du ein oversikt over kva som er barnehagens innhald og oppgåver. 

Kjelder: Barnehageloven og rammeplanen.