Retting i Læreplan i vg3 børsemakarfaget

Rettinga gjeld læreplanen med kode BMF03‑02.

Teksten om vurderingsordning frå høyringa av læreplanen falt ut av den publiserte læreplanen. Dette er nå retta opp.

Teksten var: "Før fagprøva må alle som ikkje har følgt normalt opplæringsløp, ha bestått ein skriftleg eksamen laga ut frå læreplanen i faget. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt. Eksamen skal ikkje ha førebuingsdel. Opplæringa i vg3 børsemakarfaget skal avsluttast med ei sveineprøve. Alle skal opp til sveineprøva, som skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på minst femten vyrkedagar."

Teksten er retta til: "Opplæringa i vg3 børsemakarfaget skal avsluttast med ei sveineprøve. Alle skal opp til sveineprøva, som skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på minst femten vyrkedagar. Før sveineprøva må alle ha bestått ein skriftleg eksamen laga ut frå læreplanen i faget. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel. Før sveineprøva må alle som ikkje har følgt normalt opplæringsløp, i tillegg ha bestått ein tverrfagleg skriftleg eksamen laga ut frå læreplanen i vg2 børsemakar. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel."

Sjå læreplanen