Læreplan i samfunnsfag (SAF1-02)

Utgått


Denne læreplanen har utgått.

Fastsett som forskrift av Kunnskapsdepartementet 24. juni 2010.

Gjelder fra: 2010-08-01T14:58:35 +2

Gjelder til: 2013-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Føremålet med samfunnsfaget er å medverke til forståing av og oppslutning om grunnleggjande menneskerettar, demokratiske verdiar og likestilling og til aktivt medborgarskap og demokratisk deltaking. Faget skal stimulere til utvikling av kunnskap om det kulturelle mangfaldet i verda i fortida og samtida, og til forståing av forholdet mellom naturen og dei menneskeskapte omgjevnadene. Faget skal òg medverke til at elevane utviklar medvit om at menneska inngår i ein historisk samanheng, og at ei lang rekkje historiske hendingar gjer at dei er der dei er i dag. Det skal gjere individet medvite om korleis det sosiale fellesskapet påverkar haldningar, kunnskapar og handlingar, og korleis den einskilde kan påverke fellesskapet og sin eigen livssituasjon.

Opplæringa i samfunnsfag skal setje søkjelyset på naturlege og menneskeskapte forhold på jorda. Arbeid i faget skal stimulere til å drøfte samanhengar mellom produksjon og forbruk og vurdere konsekvensar som ressursbruk og livsutfalding har på miljøet og ei berekraftig utvikling. Samfunnsfaget skal og utvikle kunnskap om arbeidsliv og økonomi. I faget inngår kunnskap om situasjonen til urfolk og minoritetsfolk i verda generelt, og om situasjonen til samane som urfolk spesielt. Samfunnsfaget skal gjere det lettare for elevane å forstå verdien av teknologi og entreprenørskap. Faget skal gje innsikt i det politiske systemet i Noreg og i det internasjonale samfunnet, og gjere individet medvite om at politikk er prega av konflikt og samarbeid.

Mennesket samhandlar gjennom språk og uttrykksformer som er prega av den kulturen dei veks inn i. Som reflekterande individ kan mennesket forme seg sjølv. Som politisk individ kan mennesket påverke omgjevnadene sine. Som moralsk individ er mennesket ansvarleg for konsekvensane av handlingane sine.

Samfunnsfaget skal difor gje djupare forståing av forholdet mellom samfunnslivet og det personlege livet, og stimulere til erkjenning av mangfaldet i samfunnsformer og levevis. På denne bakgrunnen skal faget gje elevane større evne til å tenkje fritt, perspektivrikt, kritisk og tolerant. Ved å påverke lysta til å søkje kunnskap om samfunn og kulturar skal faget òg fremje evna til å diskutere, resonnere og til å løyse problem i samfunnet. Ved å gjere elevane nyfikne og stimulere til undring og skapande arbeid vil faget kunne setje dei betre i stand til å forstå seg sjølve, meistre si eiga verd og motivere til ny innsikt og livslang læring.

Hovudområde

Faget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

Faget er eit fellesfag for alle utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring. Opplæringa skal difor gjerast mest mogleg relevant for elevane ved å tilpassast dei ulike utdanningsprogramma.

Samfunnsfag er eit gjennomgåande fag i grunnopplæringa. I grunnskulen omfattar det hovudområda samfunnskunnskap, geografi og historie. Geografi og historie blir førte vidare som fellesfag i dei studieførebuande utdanningsprogramma.

Samfunnsfaget i vidaregåande opplæring omfattar hovudområda individ og samfunn, arbeids- og næringsliv, politikk og demokrati, kultur, og internasjonale forhold. Samfunnskunnskap og økonomi blir integrerte i kvart hovudområde.

I grunnskulen har samfunnsfag har kompetansemål etter 4., 7. og 10. årssteget.

I vidaregåande opplæring har samfunnsfag kompetansemål etter Vg1 i programområda for realfag og språk, samfunnsfag og økonomi i studiespesialiserande utdanningsprogram.

I programområdet for formgivingsfag har samfunnfag kompetansemål etter Vg2.

I yrkesfaglege utdanningsprogram og i utdanningsprogram for idrettsfag og musikk, dans og drama har samfunnsfag kompetansemål etter Vg2.

Oversikt over hovudområde:

Årssteg

Hovudområde

1.–10.

Historie

Geografi

Samfunnskunnskap

  

Vg1/Vg2

Individ og samfunn

Arbeids- og næringsliv

Politikk og demokrati

Kultur

Internasjonale forhold

Historie

Hovudområdet dreier seg om undersøking og drøfting av korleis menneske og samfunn har forandra seg gjennom tidene. Historie omfattar korleis menneske skaper bilete av og formar si eiga forståing av fortida. Å utvikle historisk oversyn og innsikt og å øve opp ferdigheiter for kvardagsliv og deltaking i samfunnet er sentrale element i hovudområdet.

Geografi

Hovudområdet omfattar stad- og romdimensjonen i samfunnet. Hovudområdet gjev oversikt over lokalisering og utbreiing av naturlege og menneskeskapte forhold på jorda. Kartlegging og diskusjon av endringsprosessar står sentralt. Geografi handlar òg om å gjere greie for og forklare likskapar og skilnader mellom land og by, mellom nasjonar og mellom regionar.

Samfunnskunnskap

Hovudområdet omfattar emna sosialisering, politikk, økonomi og kultur og handlar om samkjensle og motsetnader mellom menneske i eit samtidsperspektiv. Samspelet mellom kulturelle normer og samfunnsstyring på den eine sida og individuelle handlingar og val på den andre er sentralt i hovudområdet. Verdien av medborgarskap og utvikling av demokratiske ferdigheiter er viktige dimensjonar i samfunnskunnskap.

Individ og samfunn

Hovudområdet omfattar sosialisering, personleg økonomi, samlivsformer og kriminalitet. Det handlar også om kven og kva som påverkar ungdom i dag.

Arbeids- og næringsliv

Hovudområdet handlar om næringar, bedrifter, etablering, yrkesval og arbeidsløyse. Det dreier seg og om organisasjonane i arbeidslivet og lønnsdanning. Hovudområdet handlar også om arbeidslivet i dag og dei prinsipp og verdiar det byggjer på.

Politikk og demokrati

Hovudområdet omfattar det politiske systemet på alle nivå og velferdsstaten. Det handlar om dei politiske partia og kva som kan truge demokratiet. I dette hovudområdet blir det òg lagt vekt på samanhengar mellom styreform, rettsstat og menneskerettar.

Kultur

Hovudområdet omfattar fleirkulturelle samfunn og religionen si rolle i kulturen. Det handlar om urfolk, etniske og nasjonale minoritetar og korleis framandfrykt og rasisme kan motarbeidast.

Internasjonale forhold

Hovudområdet omfattar internasjonalt samarbeid, terrorisme, konfliktar, konfliktløysing og fredsarbeid. Det handlar òg om globalisering, fordeling av ressursar og berekraftig utvikling. Hovudområdet dreier seg òg om Noreg si rolle som internasjonal aktør.

Timetal

Timetala er oppgjevne i einingar på 60 minutt.

BARNESTEGET

1.–7. årssteget: 385 timar

UNGDOMSSTEGET

8.–10. årssteget: 256 timar

STUDIESPESIALISERANDE UTDANNINGSPROGRAM – PROGRAMOMRÅDE FOR REALFAG OG SPRÅK, SAMFUNNSFAG OG ØKONOMI

Vg1: 84 timar

YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM, UTDANNINGSPROGRAM FOR MUSIKK, DANS, DRAMA OG IDRETTSFAG, OG STUDIESPESIALISERANDE UTDANNINGSPROGRAM – PROGRAMOMRÅDE FOR FORMGIVINGSFAG

Vg2: 84 timar

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla, der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I samfunnsfag forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i samfunnsfag inneber å fortelje om hendingar i fortida og samtida, å greie ut om stader og fakta og å bruke definisjonar, omgrep og faguttrykk til å forklare årsaker og verknader knytte til samfunn og kultur. Det inneber å kunne presentere resultat av eige arbeid tydeleg og forståeleg for andre, og å kunne samtale om sine eigne og andre sine presentasjonar. Skriftleg og munnleg uttrykksevne vil seie å kunne reflektere over meiningsinnhaldet i tekstar, bilete, film og gjenstandar, og å kunne samanlikne, argumentere og drøfte verdiar i informasjon og kjelder, i hypotesar og i modellar.

Å kunne lese i samfunnsfag inneber å setje seg inn i, granske, tolke og reflektere over faglege tekstar og skjønnlitteratur med stigande vanskegrad for å oppleve kontakt med andre tider, stader og menneske. Å kunne lese vil samtidig seie å behandle og bruke variert informasjon frå bilete, film, teikningar, grafar, tabellar, globus og kart. For å forstå og delta aktivt i samfunnet ein lever i, er det òg nødvendig å kunne lese og samle informasjon frå oppslagsverk, aviser og Internett og vurdere dette kritisk.

Å kunne rekne i samfunnsfag inneber å behandle og samanlikne talmateriale om faglege tema, og å bruke, tolke og lage tabellar og grafiske framstillingar. Rekning i samfunnsfag handlar òg om å gjere undersøkingar med teljing, bruke målestokk på kart og rekne med tid.

Å kunne bruke digitale verktøy i samfunnsfag inneber å gjere berekningar, søkje etter informasjon, utforske nettstader, utøve kjeldekritikk og nettvett og velje ut relevant informasjon om faglege tema. Digitale ferdigheiter vil òg seie å vere orientert om personvern og opphavsrett, og kunne bruke og følgje reglar og normer som gjeld for internettbasert kommunikasjon. Å bruke digitale kommunikasjons- og samarbeidsreiskapar inneber å utarbeide, presentere og publisere eigne og felles multimediale produkt, kommunisere og samarbeide med elevar frå andre skular og land.

Kompetansemål

Etter 4. årssteget

Historie

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • bruke omgrepa fortid, notid og framtid om seg sjølv og familien sin
  • presentere historiske emne ved hjelp av skrift, teikningar, bilete, film, modellar og digitale verktøy
  • skape forteljingar om menneske i fortida og snakke om skilnader og likskapar før og no
  • utforske kjelder og bruke dei til å lage etterlikningar av gjenstandar frå fortida
  • fortelje om sin eigen familie for ein til to menneskealdrar sidan, og om korleis levevis og levekår har endra seg
  • kjenne att historiske spor i sitt eige lokalmiljø og undersøkje lokale samlingar og minnesmerke
  • gje att mytar, segner og eventyr med historisk innhald
  • beskrive korleis steinalderfolk levde som jegerar og samlarar, ved å fantasere rundt dei første menneska som kom til landet vårt etter istida
  • fortelje om samane, urfolket i Noreg, og om sentrale trekk ved kulturen og levekåra til samane fram til vikingtida
  • fortelje om korleis jordbruket forandra levemåten i Noreg og Norden og beskrive hovudtrekk ved bronsealderen og jernalderen
  • forklare kvifor ein feirar 17. mai og 6. februar og fortelje om nasjonaldagane til andre land

Geografi

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • setje namn på og plassere heimstaden, heimkommunen, heimfylket og landet sitt på teikningar, kartskisser eller modellar
  • beskrive landskapsformer og geografiske nemningar ved å utforske landskapet nær skulen og heimen
  • bruke bilete, film og andre kjelder for å fortelje om viktige landskap og landskapsformer i Noreg
  • samle opplysningar frå globus, kart og digitale kjelder og bruke dei til å samtale om stader, folk og språk
  • peike ut verdshav og verdsdelar og bruke sentrale geografiske omgrep
  • peike ut og orientere seg etter himmelretningar og gjere greie for kvifor det er tidsskilnader
  • samanlikne liv og virke i Noreg og i nokre andre land
  • planleggje og presentere reiser til nære stader ved hjelp av kart og Internett

Samfunnskunnskap

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere samfunnsfaglege undersøkingar som krev teljing og rekning, og presentere resultata av undersøkingane
  • finne fram i trykte og digitale medium, sortere innhaldet i kategoriar og produsere materiale som kan publiserast
  • følgje enkle reglar for personvern når ein bruker Internett
  • samtale om oppgåvene til familien og om variasjonar i familieformer, inkludert åleineforsørgjarfamiliar, storfamiliar, familiar der dei føresette har same kjønn, og familiar med fleire sett føresette
  • gje døme på ulike forventningar til gutar og jenter og drøfte korleis forventningane kan opplevast
  • beskrive pengebruken til jenter og gutar og samtale om forhold som påverkar forbruk
  • lage ei oversikt over normer som regulerer forholdet mellom menneske og samtale om konsekvensar ved å bryte normene
  • utforme og praktisere reglar for samspel med andre og vere med og ta demokratiske avgjersler i skulesamfunnet
  • samtale om toleranse og om korleis møte mellom ulike kulturar kan vere både gjevande og konfliktfylte
  • drøfte oppfatningar av rettferd

Etter 7. årssteget

Historie

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • bruke omgrepet periode og vise samanhengar mellom fortida og notida ved å plassere ei rekkje historiske hendingar på ei tidsline
  • presentere historiske hendingar gjennom å lage to forteljingar om same hendinga, sett frå ulike ståstader
  • skape forteljingar om menneske i fortida og bruke dei til å vise korleis menneske tenkjer og handlar ut frå samfunnet dei lever i
  • utforske ulike kjelder, illustrere korleis dei kan gje ulik informasjon om fortida, og forklare korleis historikarar bruker dei til å lage historiske framstillingar
  • fortelje om hovudtrekk ved samfunnsutviklinga i Noreg frå vikingtida til slutten av dansketida og gjere nærare greie for eit sentralt tema i denne perioden
  • fortelje om sentrale trekk ved kulturen og levekåra til samane frå vikingtida til slutten av dansketida, og om forholdet deira til statane på Nordkalotten i denne perioden
  • gjere greie for kva for nasjonale minoritetar som finst i Noreg, og beskrive hovudtrekk ved historia og levekåra til minoritetane
  • lage visuelle framstillingar av to eller fleire tidlege elvekulturar ved hjelp av digitale verktøy
  • undersøkje greske og romerske samfunn i antikken og finne døme på korleis kulturen deira har påverka vår eigen kultur
  • gjere greie for sentrale trekk ved tidsepokane mellomalder, renessanse og opplysningstid i Europa og diskutere grunnar til denne tidsinndelinga
  • bruke historiske kart og framstille oppdagingsreiser som europearar gjorde, skildre kulturmøte og samtale om korleis dei ulike kulturane opplevde møtet

Geografi

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • lese og bruke papirbaserte og digitale kart og lokalisere geografiske hovudtrekk i sitt eige fylke, nabofylka, dei samiske busetjingsområda, Noreg, Europa og andre verdsdelar
  • registrere og ordne spor etter istida på heimstaden og forklare kva istida hadde å seie for danning av landskap og heile landet
  • forklare samanhengar mellom naturressursar, næringar, busetnad og levevis
  • samanlikne og påvise likskapar og skilnader mellom land i Europa og land i andre verdsdelar
  • fortelje om regnskog, grasslette, ørken og andre landskapstypar og forklare korleis menneske gjer seg nytte av dei
  • forklare korleis produksjon og forbruk kan øydeleggje økosystem og forureine jord, vatn og luft, og drøfte korleis dette kan hindrast og reparerast
  • forklare korleis vi i Noreg bruker ressursar frå andre stader i verda
  • registrere flyktningstraumar, forklare kvifor somme rømmer frå heimlandet sitt, og drøfte korleis det kan vere å kome til eit framandt land som flyktning
  • planleggje og presentere reiser til Europa og andre verdsdelar ved å bruke digitale verktøy

Samfunnskunnskap

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • velje eit tema, forme spørsmål og kaste lys over dei ved å bruke ulike kjelder
  • forklare korleis informasjon frå massemedium og kommersiell påverknad kan verke inn på forbruksvanar
  • samtale om variasjon i seksuell orientering i tilknyting til kjærleik, samliv og familie
  • beskrive roller i sin eigen kvardag og undersøkje kva forventningar som knyter seg til desse rollene
  • drøfte spørsmål omkring bruk og misbruk av tobakk og ulike rusmiddel
  • gjere greie for kva eit samfunn er, og reflektere over kvifor menneske søkjer saman i samfunn
  • forklare skilnader mellom å leve i eit demokrati og i eit samfunn utan demokrati, og gjere greie for dei viktigaste maktinstitusjonane i Noreg
  • samtale om kva vi meiner med identitet og kultur, kjenne att kulturelle symbol og lage ein visuell presentasjon av dei
  • gjere greie for hovudtrekk ved samiske samfunn i dag
  • gjere greie for ein aktuell konflikt og drøfte framlegg til løysing
  • gje døme på korleis Noreg er med i internasjonalt samarbeid gjennom FN og andre organisasjonar, også internasjonalt urfolkssamarbeid

Etter 10. årssteget

Historie

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • finne døme på hendingar som har vore med på å forme dagens Noreg, og reflektere over korleis samfunnet kunne ha vorte dersom desse hendingane hadde utvikla seg annleis
  • presentere ei historisk hending med utgangspunkt i ulike ideologiar
  • skape forteljingar om menneske i fortida, og slik vise korleis rammer og verdiar i samfunnet påverkar tankar og handlingar
  • søkje etter og velje ut kjelder, vurdere dei kritisk og vise korleis ulike kjelder kan framstille historia ulikt
  • drøfte menneskeverd, rasisme og diskriminering i eit historisk og notidig perspektiv med elevar frå andre skular ved å bruke digitale kommunikasjonsverktøy
  • presentere hovudtrekk ved historia og kulturen til samane frå dansketida til i dag, og drøfte forholdet deira til storsamfunnet
  • presentere viktige utviklingstrekk i norsk historie på 1800-talet og første halvdelen av 1900-talet, og forklare korleis dei peikar fram mot samfunnet i dag
  • forklare framveksten av velferdsstaten og beskrive trekk ved det moderne Noreg
  • forklare teknologiske og samfunnsmessige endringar som følgde av den industrielle revolusjonen
  • drøfte idear og krefter som førte til den amerikanske fridomskampen og den franske revolusjonen, og følgjer som dette fekk for den demokratiske utviklinga i Noreg
  • gjere greie for imperialisme og gje døme på avkolonialisering
  • lage spørsmål om sentrale internasjonale konfliktar på 1900-talet og i vårt eige hundreår, formulere årsaksforklaringar og diskutere konsekvensar av konfliktane
  • drøfte viktige omveltingar i samfunnet i nyare tid, og reflektere over korleis dagens samfunn opnar for nye omveltingar

Geografi

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • lese, tolke og bruke papirbaserte og digitale kart og kunne bruke målestokk og kartteikn
  • gjere greie for eigne rettar og konsekvensar når ein arbeider på Internett og publiserer sitt eige materiale
  • lokalisere og dokumentere oversikt over geografiske hovudtrekk i verda og samanlikne ulike land og regionar
  • fortelje om naturgrunnlaget med vekt på indre og ytre krefter på jorda, rørsler i luftmassane, krinsløpet til vatnet, vêr, klima og vegetasjon, og drøfte samanhengar mellom natur og samfunn
  • beskrive og forklare natur- og kulturlandskapet i lokalsamfunnet
  • forklare korleis menneske gjer seg nytte av naturgrunnlaget, andre ressursar og teknologi i Noreg og i andre land i verda
  • vurdere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skape lokalt og globalt
  • gjere greie for storleik, struktur og vekst i befolkningar og drøfte befolkningsutvikling og flytting i nyare tid, inkludert urbanisering
  • forklare og drøfte variasjonar i levekår i ulike delar av verda og samanlikne og vurdere dei store skilnadene mellom fattige og rike
  • drøfte premissar for ei berekraftig utvikling

Samfunnskunnskap

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • planleggje, gjennomføre og presentere problemorienterte samfunnsfaglege undersøkingar og vurdere arbeidsprosessen og resultata
  • finne fram til og presentere aktuelle samfunnsspørsmål, skilje mellom meiningar og fakta, formulere argument og drøfte spørsmåla
  • leggje ein plan for å starte og drive ei bedrift ut frå ei undersøking av grunnlaget for ei slik bedrift
  • analysere utviklinga av rusmiddelbruk og røyking i Noreg og reflektere over haldningar til rusmiddel
  • drøfte forholdet mellom kjærleik og seksualitet i lys av kulturelle normer
  • beskrive korleis forbruksmønsteret har utvikla seg i Noreg, og gjere greie for rettane til forbrukarane
  • forklare kva haldningar og fordommar er og drøfte moglegheiter og utfordringar i fleirkulturelle samfunn
  • utforske kva som krevst for at samfunn skal kunne halde fram å eksistere og samanlikne to eller fleire samfunn
  • gjere greie for politiske institusjonar i Noreg og samanlikne dei med institusjonar i andre land
  • gje døme på og drøfte demokrati som styreform, gjere greie for politisk innverknad og maktfordeling i Noreg og bruke digitale kanalar for utøving av demokrati
  • diskutere årsaker til og følgjer av kriminalitet, og forklare korleis rettsstaten fungerer ut frå korleis eit aktuelt lovbrot er behandla
  • forklare kvifor kultur ikkje er medfødd, og gjere greie for og analysere kulturelle variasjonar
  • beskrive hovudtrekk i norsk økonomi og korleis vår økonomi heng saman med den globale økonomien
  • gjere greie for grunnleggjande menneskerettar og drøfte verdien av at dei blir respekterte

Etter Vg1/Vg2 i vidaregåande opplæring

Individ og samfunn

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • definere sentrale omgrep knytte til sosialisering og bruke dei til å undersøkje trekk ved sosialiseringa av ungdom i Noreg
  • forklare kvifor kjønnsroller varierer mellom samfunn og kulturar og diskutere kvifor kjønnsrollene endrar seg over tid
  • rekne ut inntekter, planleggje pengeforbruk i ein familie ved å bruke ulike verktøy og vurdere korleis sparing og låneopptak påverkar personleg økonomi
  • drøfte rettane ein har som forbrukar og diskutere forbrukaren sitt etiske ansvar
  • gjere greie for endringar i familie- og samlivsformer
  • gjere greie for økonomiske og juridiske sider ved å gå inn i eit samliv og diskutere følgjer av samlivsbrot
  • bruke digitale verktøy til å finne informasjon om omfanget av kriminalitet i Noreg, grunngje kvifor samfunnet straffar og gjere greie for korleis kriminalitet kan førebyggjast

Arbeids- og næringsliv

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • definere omgrepa levestandard og livskvalitet, gjere greie for årsaker til at levestandarden i Noreg har auka og diskutere om auken har ført til betre livskvalitet
  • bruke digitale verktøy til å hente informasjon om ulike yrker og diskutere moglegheiter og utfordringar på arbeidsmarknaden i dag
  • reflektere over verdien av å ha eit arbeid og kva som kjenneteiknar eit godt arbeidsmiljø
  • gjere greie for årsaker til arbeidsløyse og drøfte måtar å redusere arbeidsløysa på
  • diskutere noen etiske problemstillingar knytte til arbeidslivet
  • gjere greie for organisasjonane sin plass i det norske arbeidslivet og for faktorar som bestemmer lønn og arbeidsvilkår
  • vurdere utfordringar ved å etablere ei bedrift
  • trekkje ut hovudlinene i resultat- og balanserekneskapet til bedrifter med manuelle og digitale verktøy

Politikk og demokrati

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for korleis ein sjølv kan vere med i og påverke det politiske systemet gjennom bruk av ulike kanalar for påverknad og kunne gjere greie for ulike utfordringar for demokratiet
  • diskutere samanhengar mellom styreform, rettsstat og menneskerettar
  • gjere greie for styreforma og dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg og drøfte fleirtalsdemokratiet i forhold til urfolk og minoritetar
  • identifisere grunnleggjande skilnader mellom dei politiske partia i Noreg, og argumentere frå ulike politiske ståstader
  • gjere greie for sentrale kjenneteikn ved norsk økonomisk politikk
  • diskutere hovudprinsippa for den norske velferdsstaten og dei utfordringane den står overfor

Kultur

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • definere omgrepet kultur og gje døme på at kultur varierer frå stad til stad og endrar seg over tid
  • presentere hovudtrekk ved samisk kultur i dag og reflektere over kva det vil seie å vere urfolk
  • beskrive hovudtrekk ved kulturen til nokre minoritetar i Noreg og drøfte utfordringar i fleirkulturelle samfunn
  • forklare kvifor fordommar oppstår og diskutere korleis framandfrykt og rasisme kan motarbeidast
  • gje døme på korleis religion og etnisk variasjon påverkar samfunn og kultur

Internasjonale forhold

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • definere omgrepet makt og gje døme på korleis makt blir brukt i verdssamfunnet
  • forklare omgrepet globalisering og vurdere ulike konsekvensar av globalisering
  • gje døme på internasjonalt samarbeid og beskrive Noreg som internasjonal aktør
  • gjere greie for FNs arbeid med fred og menneskerettar og forklare FNs rolle i det internasjonale arbeidet for urfolk
  • gjere greie for EU sine mål og styringsorgan og diskutere Noreg sitt forhold til EU
  • bruke digitale verktøy til å finne døme på ulike typar konfliktar i verda og presentere ein aktuell internasjonal konflikt og forslag til å løyse konflikten
  • gjere greie for årsaker til at somme land er fattige og somme rike og drøfte tiltak for å redusere fattigdom i verda
  • gjere greie for kva som kjenneteiknar internasjonal terrorisme og reflektere over årsaker til terrorisme
  • diskutere samanhengen mellom økonomisk vekst, miljø og berekraftig utvikling

Vurdering

Standpunktvurdering

Årssteg

Ordning

10. årssteget

Elevane skal ha ein standpunktkarakter.

Vg1 studiespesialiserande utdanningsprogram – programområda for realfag og språk, samfunnsfag og økonomi

Vg2 studiespesialiserande utdaningsprogram – programområde for formgivingsfag

Vg2 utdanningsprogram for idrettsfag og musikk, dans og drama

Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram

Elevane skal ha ein standpunktkarakter.

Eksamen for elevar

Årssteg

Ordning

10. årssteget

Elevane kan trekkjast ut til ein munnleg eksamen. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Vg1 studiespesialiserande utdanningsprogram – programområda for realfag og språk, samfunnsfag og økonomi

Vg2 studiespesialiserande utdaningsprogram – programområde for formgivingsfag

Vg2 utdanningsprogram for idrettsfag og musikk, dans og drama

Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram

Elevane kan trekkjast ut til ein munnleg eksamen. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Eksamen for privatistar

Årssteg

Ordning

10. årssteget

Sjå ordninga som gjeld for grunnskuleopplæring for vaksne.

Vg1 studiespesialiserande utdanningsprogram – programområda for realfag og språk, samfunnsfag og økonomi

Vg2 studiespesialiserande utdaningsprogram – programområde for formgivingsfag

Vg2 utdanningsprogram for idrettsfag og musikk, dans og drama

Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram

Privatistane skal opp til ein munnleg eksamen. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Dei generelle retningslinene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!